Sidan klokka 10 har eit toget frå Oslo mot Bergen stått fast på Hønefoss stasjon.
– Det har vore ein signalfeil ved Hønefoss stasjon som gjer at toga ikkje kan køyre forbi, seier pressevakta i Vy, Kaja Rynning Moen.
Det var VG som meldte om togstansen først.
Vy sende bussar til Hønefoss som skulle frakte passasjerane vidare.
Det viste seg at desse hadde sommardekk, noko som ikkje høvde seg for å køyre over fjellet.
– Slik eg har forstått det, er det glatt over fjellet no. Då har vi vurdert at vi heller ventar til toget kan køyre igjen.
Det blir altså ikkje ny opp nye bussar frå Hønefoss.
Moen seier at det blir sett opp bussar frå Geilo til Bergen – med vinterdekk.
Pressevakt i BaneNor, Olav Nordli, seier at dei jobbar med å rette opp feilen og håper at banen kan opne igjen rundt klokka 17.
Har venta i over to timar
Ein av dei som ventar på toget i Hønefoss i over to timar, er Karin Holmedal.
Ho skulle eigentleg rekke ein lunsj med eit bransjetreff på Gol. No ser det ut som om lunsjen går i vasken.
– Eg er mest irritert på meg sjølv fordi eg ikkje bestilte buss opp, seier ho.
Ho fortel at det er mange turistar om bord som skal rekke ferjer og fly vidare.
– Ein kan jo nesten ikkje bestille togturar eller reise med tog når ein berre blir sitjande her.
Håper å opne igjen halv to
Olav Nordli i BaneNor seier at årsaka til togstansen er ein feil på anlegget for køyrestraumen til toga som oppstod søndag føremiddag.
Ifølge han foregår utbetringa for fult.
– Vi håper at feilen blir utbetra og at banen kan opne igjen i halv totida. Det er den siste prognosen vi har, men vi må ta atterhald så lenge arbeidet går føre seg.
Han har forståing for kundane som er lei av å vente.
– Vi er alltid lei oss for når det oppstår feil som gjer at folk får reisa si råka av det.
Publisert 13.10.2024, kl. 13.14 Oppdatert 13.10.2024, kl. 13.19