– Eg sprang min første konkurranse da eg var elleve år. Det første løpet vann eg, og i det andre slo eg den norske aldersrekorden for elleveåringar, seier Benjamin Altmann Opuama.
Fem år, og minst like mange aldersrekordar seinare, er han ein av dei raskaste 16-åringane i verda.
– Eg blir motivert av å jakte rekordar. Det er gøy å ha namnet sitt i historiebøkene.
PÅ BISLETT: Benjamin Altmann Opuama etter tredjeplassen på 300 meter under Bislett Games i juni.
Foto: Sondre VikSkolebøkene derimot, må av og til nedprioriterast av den rekordjaktande Wang-eleven.
– Eg måtte stå over ein mattetentamen i fjor på grunn av ein treningsleir i Portugal, seier han.
Nå er sesongen over for Opuama sin del, og han har levert varene. Han avslutta sesongen med å vinne både 100 meter (10,54), 200 meter (21,25) og 400 meter (48,10) under ungdomsmeisterskapet i Stjørdal.
Opuama går på vidaregåande i Oslo, men bur framleis heime i Ski. Heilt sidan han vann sitt første løp, har draumen alltid vore den same.
Det har han handfaste bevis på.
Brevet
I tredjeklasse på barneskulen fekk Opuama og resten av klassen ei oppgåve frå læraren.
– Vi skulle skrive eit brev til oss sjølve, som vi skulle få opne den siste dagen i sjuandeklasse, seier han.
Da siste dag på barneskulen kom, hadde Opuama og resten av klassen heilt gløymt dette brevet.
– Eg hugsar at mamma fekk oppgåva med å lese det opp for meg, fortel 16-åringen.
BREV: Opuama skreiv brevet i tredjeklasse på barneskulen.
Foto: Privat– Eg skreiv ikkje så godt, men det er tydeleg at det å bli sponsa av Nike alltid har vore draumen.
Det vart ikkje rekordtid på 200 meter, som var draumen, men det er ingen tvil om at pila peikar i rett retning for 16-åringen.
Løpstalentet er heller ikkje sponsa av Nike ennå, men han er ikkje langt unna, skal vi tru Opuamas agent, Sondre Vik (21).
– Ingenting er fastsett per dags dato, men andre nordiske utøvarar på same nivå og same alder har fått det. Med den internasjonale plasseringa hans, så skal ikkje dette vere noko problem, seier Vik.
Vik trena saman med Opuama tidlegare, men la opp da han skjønte kor mykje raskare Opuama var enn han sjølv. I staden tredde Vik inn i agentrolla i fjor.
NRK har vore i kontakt med den amerikanske utstyrsleverandøren. Dei vil ikkje kommentere saka.
Stilbevisst
16-åringen fortel at han bevisst har eit fokus på kva han har på seg, fordi det gjer han meir attraktiv for eventuelle sponsorar.
– Eg bryr meg litt om klede og stil. Både på og utanfor banen, seier han.
– Eg har vurdert å springe med to ulike sko i ulike fargar. Det er noko eg kunne gjort til greia mi.
Men planane stoppar ikkje der. 16-åringen vil ha eit blendande smil.
– Eg skal ha tre gulltenner og nokre diamantar i munnen.
Det er ikkje vanskeleg å gjette kven som er Opuamas idol.
Sjølv om Usain Bolts feiring er kul, skal Opuama ha si eiga signaturfeiring.
NRK-kommentator lèt seg imponere
NRKs friidrettskommentator har klokkartru på Opuama.
– Sprint er formel 1-øvinga og kanskje det aller gjævaste i friidrett. Hadde vi hatt ein nordmann heilt i verdstoppen der som hadde kjempa om OL-gull, hadde det vore heilt rått, seier Jann Post og legg til:
– Han er heilt klart ein spennande type. Heilt i europatoppen for sin alder, og dei tidene han har fått til nå er imponerande. Noreg treng ein toppsprintar, så om vi hadde fått opp han, hadde det vore gøy.
LOVORD: Jann Post er optimistisk med tanke på Opuamas seniorkarriere.
Foto: Sigmund Sagberg Andersen/NRKIfølge Post er Opuama er ein av dei i Europa med best moglegheit til å bli ein god seniorspurtar.
– Så får vi sjå om han klarer å utvikle seg gradvis over nokre år, og at han held seg skadefri. Det er nøkkelen i sprint, legg Post til.
– Aldri trena styrke
Potensialet er stort, og på nokre område har ikkje 16-åringen eingong begynt med treningsarbeidet.
– Mange blir overraska når dei spør om styrkeprogrammet mitt, og eg seier at eg ikkje trenar styrke, seier Opuama.
Han spring 100 meter på 10,42 og er eksplosiv som få, men likevel er han omtrent den einaste på toppidrettslinja som held seg unna styrkerommet.
– Eg har aldri trena styrke med vektar. Dei styrkeøktene eg har hatt til nå, har berre vore skadeførebygging og basisøvingar.
Dette er eit bevisst val gjort saman med trenaren Ulf Geir Ingdahl.
– Trenarane mine seier at eg skal vente med styrketrening og la det komme naturleg. Vi vil heller starte når utviklinga begynner å stoppe opp, seier Opuama og fortset:
– Eg har tenkt på at eg ikkje vil «cashe ut» for tidleg på styrken. Ein tar ofte store steg når ein blir mykje sterkare og meir eksplosiv.
Henriette Jæger tok sin første Diamond League-siger i Sveits.
Publisert 07.09.2025, kl. 13.57 Oppdatert 07.09.2025, kl. 14.45