– Kven er det som har røpt desse bøtene? Det er jo interne greier, og så er det lekkasjar i alle retningar!
Det seier Emil Iversen, rett nok med eit smil. Tema i intervjuet er dei nye interne reglane på herrelandslaget i langrenn, som har ført til at det allereie er kravd inn litt over 6000 kroner i bøter frå utøvarane på laget.
Kven som er kjelda, kan NRK fortelje. Harald Østberg Amundsen stod framfor Iversen på vår intervjuliste under pressetreffet på Sognefjellet onsdag.
NYVALT: Harald Østberg Amundsen er ny tillitsvald på landslaget, og fortel om nye interne reglar.
Fotografi: Heiko Junge / NTBAmundsen fortalde at laget no har tre tillitsvalde: Erik Valnes, Oskar Opstad Vike og han sjølv.
Han fortalde også at Mattis Stenshagen og Lars Heggen har blitt utnemnde som sjefar for botskassa – og at lista over kva som gir bot har vakse vesentleg sidan førre sesong. Ho tel no over 30 punkt.
Den nye tillitsmannen listar også opp nokre døme på kva som no gjev bot:
- Å komme for seint til treningsøkt.
- Å ha på seg feil klede.
- Å sjå på mobiltelefonen under måltid.
– Hemmelege punkt
Så understrekar han:
– Vi har også nokre hemmelege punkt på lista.
Likevel har Amundsen meir på hjartet om korleis systemet fungerer:
– Mattis har laga ei eiga nettside for bøtene. Den er lukka, men har allereie eit strengt regime, så det tikkar inn bøter jamleg, fortel han.
– Korleis er satsane her? Kronestykke, hundrelappar eller tusenlappar?
– Det varierer veldig. Det er alt frå kronestykke til hundrelappar til tusenlappar, seier Amundsen.
Klæbo straffa for «kaxig» framferd
Mattis Stenshagen er også relativt open om det interne straffesystemet når det er hans tur til å bli intervjua av NRK. Han listar opp fleire regelbrot som kan gi bøter:
– Om vi plukkar opp eit eller anna i media som vi synest er litt på kanten, så kan det vente ei bot. Eller om nokon opptrer ufint eller for «kaxigt», seier han.
– Har nokon fått bot for det så langt?
– Ja, for eksempel er det å «flashe» dyre klokker ikkje heilt i ånda til langrennsgutane. Så da venta det ei lita bot. Eg treng ikkje å nemne namn, seier Stenshagen med eit lurt smil.
SHERIFFEN til LANDSLAGET: Mattis Stenshagen lagar reglar og deler ut bøter.
Fotografi: Heiko Junge / NTBDet er likevel openbert kven han siktar til. Da landslaga blei presenterte tidlegare i mai, dukka Johannes Høsflot Klæbo opp i ei spesiell klokke frå den nye sponsoren sin.
Nettavisen kunne etterpå avsløre at klokka var verd rundt 3 millionar kroner. Nyheita spreidde seg raskt til fleire medium.
Kor stor bota blei, vil ikkje Stenshagen seie noko om.
Iversen fekk 2500 i bot
Derimot avslører han gladeleg kven som har fått den største bota så langt.
– Emil fekk vel 2500 for å vere litt for sein til eit marknadsføringsoppdrag. Men Emil sa det kneip litt med bustadkjøp og ulikt, så vi gav han litt slingringsmonn og justerte det ned. Det tar vi med oss vidare, seier Stenshagen.
Iversen bekreftar at han så seint som tysdag, etter framkomst Sognefjellet, måtte ta ein prat med Stenshagen og Heggen om den aktuelle bota, som han oppfatta som for høg og urettferdig.
– Eg måtte seie at no er det ikkje artig lenger, seier Iversen til NRK.
Amundsen avslører at det også er innført 500 kroner i «bot» for å komme på sigerspallen i verdscupen.
BIDRAGSYTAR: Emil Iversen klaga på den største bota, men er likevel den som har bidratt mest til botskassa til landslaget.
Fotografi: Heiko Junge / NTB– Indre justis er ikkje dumt
Både Amundsen, Iversen og Stenshagen er grunnleggande positive til å ha ei botskasse. Sjølv om mange av reglane er humoristiske, bidrar også reglane til at alle må halde seg skjerpa.
Ein regel Amundsen og Stenshagen er positiv til, er at det er innført bøter for å måle for høgt mjølkesyrenivå etter intervalløkter. Mjølkesyre seier noko om intensiteten det blir trena på, og det har vore ein tendens på landslaget til at det blir trena hardare enn det som er planlagt.
– Litt indre justis trur eg ikkje er dumt. Det er enkelte som er glad i å kaste på litt kol, seier Stenshagen, som reknar med at kassa blir full i løpet av vinteren.
– Om vi nærmar oss 80.000, så ventar det ein utanlandstur til våren, fortel han.
Publisert 29.05.2026, kl. 11.29 Oppdatert 29.05.2026, kl. 11.32
















English (US)