– Det gjekk ikkje opp for meg kor ille det var før vi fekk det litt på avstand. Der og då var det berre eit stort sjokk, seier Juni Arnekleiv til NRK.
Ho og skiskyttarkollega Vetle Sjåstad Christiansen var på veg i ein leigebil frå eit showrenn i Stockholm til Otepää i Estland. Det var kveldstid og dei var straks framme, men så var uhellet ute:
– Det var ekstremt glatt og vi segla rett fram i eit kryss, før vi small ned i ei grøft mellom vegen og gangvegen. Heile fronten blei mosa og bilen var ikkje akkurat køyrbar, fortel Christiansen.
STORE SKADAR: Juni Arnekleiv skildrar minutta i mørket etter krasjen som eit sjokk.
Foto: Juni Arnekleiv / NRK– Det var éin grad ute, mykje vind og veldig glatt. Bilen blei eit totalvrak og det var umogleg å køyre vidare. Giret var øydelagt, og ting var løyst under bilen og under panseret. I ettertid tenker eg at det er heilt sjukt at det gjekk såpass bra, forklarer Arnekleiv.
Slapp unna skadar
Begge to var passasjerar. Alle dei tre i bilen kom uskadd frå den dramatiske ulykka. Ingen andre var involverte.
– Det var ei lang flat strekke, så eg hadde litt tid til å førebu meg på at vi skulle krasje. Det var fem–seks sekund der kroppen var i totalt spenn og førebudde seg på bråstopp, seier Arnekleiv.
Krasjen har sett ein kraftig støkk i 26-åringen frå Dombås.
– Det var ei påkjenning først og fremst for hovudet, psykisk, så eg kjenner det har vore tre dagar med lite søvn. Dei første nettene hadde eg mareritt, sjølv om eg slapp billig unna med ein litt stiv nakke.
Ho fortel at det etter nokre minutt i sjokkarta tilstand, kom ein nabo for å hjelpe. Han køyrde dei til hotellet dei skulle bu på i Otepää.
– I Noreg hadde det nok vore rett til legevakt eller liknande, men det var det ikkje her, og det var jo ingen skadar på oss i bilen. Men eg har hatt bra dialog med fysioterapeuten til landslaget, Ragnar Hagen, og landslagslege Aasne Hoksrud, fortel Arnekleiv.
Christiansen, som ikkje skal konkurrere i Holmenkollen, fortel han klarte seg fint.
– Eg sat framme og halvsov, men rakk å løfte opp beina. Heldigvis gjekk det veldig bra, seier Christiansen.
I BILULYKKE: Skiskyttar Vetle Sjåstad Christiansen
Foto: Heiko Junge / NTBSleit med vond nakke og hovudet
Arnekleiv er tatt ut til verdscupen i Holmenkollen og skal gå det første verdscuprennet sitt sidan renna i Oberhof i januar.
I mellomtida har ho gått konkurransar i EM og i IBU-cupen, som er nivå to i skiskyting.
– Eg er frisk og fin. Det var eit sjokk der og då, eg hadde litt vond nakke og hovud i nokre dagar. Eg er veldig glad for at det gjekk bra med alle saman, seier Arnekleiv.
Det gjekk likevel ganske bra i Estland, der det blei femteplass på sprinten.
– Eg veit ikkje om det var fordi hovudet var på ein heilt annan plass. Forma var i alle fall ganske bra, for det gjekk ikkje utover skirennet.
Ho valde likevel å stå over éin konkurranse, på grunn av bilkrasjen.
– Vi gjorde ei god vurdering og stod over den eine konkurransen, som var fellesstarten. Eg trur det var eit veldig lurt val, seier ho.
Ho innrømmer at ulykka kosta.
– Det var litt dårleg søvn eit par dagar med ein stiv nakke. Det gjorde at eg ikkje restituerte som eg ønskte.
Gjekk renn nokre dagar seinare
Fysioterapeut Hagen bekreftar til NRK at helseteamet hadde dagleg dialog med landslagsløparane.
– Det høyrdest dramatisk ut for dei som var der, og heldigvis gjekk det bra, seier Noregs sportssjef, Per Arne Botnan.
Sidan det ikkje blei funne nokre teikn til fysiske skadar, verken omgåande eller dei følgande dagane, gjekk begge IBU-cup.
– Eg er berre evig takksam for at det gjekk så bra. Tanken på kor ille det kunne gått er skremmande for alle, så det var mest ei psykisk påkjenning, fortel Arnekleiv.
Christiansen blei nummer to i det påfølgande løpet, før han etter kvart tente på alle pluggar og rasa mot eiga landslagsleiing.
Publisert 21.03.2025, kl. 07.12 Oppdatert 21.03.2025, kl. 07.25