Norske fiskebåtar går omvegar eins ærend til utlandet for å sleppe CO2-avgift på drivstoff.
Mindre fartøy som må halde seg i norske farvatn, må betale. Men dei store kan ta ein omveg for eksempel til Shetland. Da slepp dei unna.
Meininga med avgifta er å få ned utsleppa av klimagassar, men nå skjer det motsette: Utsleppa aukar.
– Det er stikk i strid med det som er intensjonen frå dei politikarane som har vedtatt denne avgifta, seier Svein Thompson i konsulentselskapet Stakeholder.
Han har fått pengar frå det offentlege for å sjå på korleis klimatiltak i fiskerinæringa fungerer.
Seniorpartnar Svein Thompson i konsulentselskapet Stakeholder.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK– Tilpassar seg
Eitt av tiltaka som skal hjelpe Noreg å nå måla i Parisavtalen, er CO₂ -avgift på drivstoffet.
Men dei store havgåande fiskebåtane unngår altså den rekninga.
– Dei tilpassar seg slik at dei slepp å betale avgift. Enten ved å reise til utlandet og fylle, det trudde vi var den vanlegaste forma. Men nå ser vi også at dei like gjerne kan fylle i Noreg, men erklære at dei skal reise til ei utanlandsk hamn som eit fraktefartøy, og dermed sleppe avgift, seier Thompson.
Stakeholder har dokumentert trenden ved å sjå på drivstoffsalet.
– Det viser seg at store volum går frå å vere avgiftsbelagt, til å vere utan avgift, men også utan biodrivstoff, seier Thompson.
Også krav om innblanding av biodrivstoff i fiskeflåten skulle få utsleppa ned.
Thompson seier staten på grunn av omgåinga til dei norske fartøya av reglane, gjekk glipp av minst 500 millionar kroner i CO₂ -avgift berre i fjor.
Og CO2-utsleppa frå fiskeflåten aukar med 42 prosent frå 2013 til 2023, ifølge Fiskeridirektoratet. Ifølge Statistisk sentralbyrå (SSB) har utsleppa auka med 54 prosent i same tidsrom.
«Harryhandel»
Organisasjonen Fiskebåt organiserer reiarane. Assisterande direktør Jan Ivar Maråk seier dette skjer i stor skala.
– Dei er av og til nøydde til å gjere det for å kunne konkurrere på like vilkår med andre lands fiskefartøy, seier han.
– Men det er delar av denne næringa som har veldig gode marginar, og som tener mykje pengar?
– Jo da, men det er sånn at dei fleste av oss utnyttar dei moglegheitene som finst, for å få ting billigare. Det er vel derfor ein valfartar til Sverige for å kjøpe billig kjøtt på Austlandet, seier han.
Assisterande direktør Jan Ivar Maråk i organisasjonen Fiskebåt.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK– I kor stor grad skjer dette, at fartøy går store omvegar for å sleppe avgifter?
– I aukande grad, meiner Maråk.
Svein Thompson meiner CO2-avgifta treffer «svært dårleg».
– Dette visste vi, og vi åtvara mot det, seier han.
Thompson meiner store delar av flåten vil miste heile overskotet sitt, viss CO2-avgifta aukar slik ho er meint å gjere fram mot 2030.
Auka støtta
I statsbudsjettet i år auka regjeringa kompensasjonen for CO₂-avgifta på fiske i nære farvatn med vel 150 millionar kroner. Beløpet svarer til auken i CO₂-avgift i fjor.
Fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) sa den gongen at det er for tidleg for næringa å gå over til fartøy som slepp ut mindre klimagassar.
– Det finst ikkje teknologi som er moden eller tilgjengeleg. Og vi har heller ikkje ladeinfrastruktur på plass langs kysten. Derfor må vi gjere tiltak som sikrar lønnsemd og held i gang aktiviteten i kystsamfunna våre, sa ho til NTB.
Fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss.
Foto: Christian Breidlid / NRK– Ikkje god nok
Til NRK torsdag morgon seier Næss at det er viktig at problemet blir teke på alvor, og ho er glad for at fiskenæringa er open om problemet.
– Målet med klimapolitikken er jo at forureinar betaler, og i dette tilfellet ser me jo at me har ei utfordring med at folk unngår det. Også har me jo ei CO₂-avgift med kompensasjon for fiskeflåtar, og den kompensasjonen er jo tydligvis heller ikkje god nok, i og med at folk tek desse omvegame og unngår å betala, seier Næss.
– Er det slik at dei små båtane må betala drivstoffavgiftene, medan dei store båtane slepp unna?
– Eg skjønner at det kan verka slik, men når det gjeld CO₂.-kompensasjonsordingen så er den delt i mellom dei ulike flåtegruppene. Den er også innretta slik at hvis du har høg fangstverdi og lågt drivstofforbuk, så kjem du aller best ut i kompensasjonsordingen, og det gjeld i stor grad dei minste flåtane, forklarer Næss og legg til:
– Så på ein måte er det neste urettferdig at den minste flåten kjem betre ut i CO₂.-kompensasjonsordingen.
Publisert 13.02.2025, kl. 08.07