Auto-følging av Trump og Vance på sosiale medium skapar reaksjonar

3 hours ago 2


Etter at USAs president Donald Trump og visepresident J.D. Vance blei innsett måndag, har fleire reagert på at dei automatisk har byrja å følge dei to på Facebook og Instagram.

Det same gjeld for profilane til førstedame Melania Trump.

Fleire brukarar seier at dei aldri har følgt dei sjølve. Og at dei heller ikkje får til å avfølge dei.

Svaret er truleg at ein har følgt den førre presidenten og visepresidenten tidlegare.

  • Visepresident J.D. Vance Instagram

    Visepresident J.D. Vance Instagram

  • Donald Trump Instagram

    President Donald Trumps Instagram

  • Flotus Instagram

    Førstedame Melania Trumps Instagram

Brukarane er knytt til Det kvite hus

– Då Trump blei president for første gong i 2017, overtok han Barack Obama sin offisielle president-konto. Trump beheldt også sin private konto, seier professor i statsvitskap Hilmar Mjelde.

Andy Stone, som er talsperson for Meta, har uttalt på plattforma Threads, at kontoane er styrt av Det kvite hus og at dei endrar seg i tråd med presidentskiftet.

På J.D. Vance sin Instagram-konto står det at kontoen er registeret i januar 2025. Samstundes har Kamala Harris sin visepresident-konto endra namn til «vp47archive» og blei oppretta i januar 2021.

Talet på følgarar på dei arkiverte kontoane til Biden og Harris og Trump og Vance er nokolunde det same.

– Dette er ikkje noko problem. Det er jo berre å avfølge dei, seier Mjelde.

Ikkje berre berre?

Kjendisar som Demi Lovato og Girl in Red hevdar på Instagram at dei ikkje berre automatisk følgde desse brukarane, men at dei heller ikkje får til å avfølge visepresidenten etter gjentatte forsøk.

– Eg var nøydd å avfølge han to gonger i dag. Shady greier, Meta, skreiv Lovato på Instagram.

2024 Rock & Roll Hall of Fame Induction Ceremony

Artist og låtskrivar Demi Lovato i 2024.

Foto: Chris Pizzello / AP

Den norske artisten Marie Ulven, også kjent som Girl in Red, delte også eit innlegg av artisten Gracie Abrams der ho skriv at ho ikkje fekk til å avfølge Trump eller Vance.

– Det same skjedde med meg, svarar Ulven.

Onsdag kveld skreiv Andy Stone på X at dette er den same prosedyren dei følgde under det førre presidentskiftet, og at det kan ta tid å følge eller å avfølge fordi brukarane har endra eigar.

Kunne ikkje søke opp Democrat

Tidlegare denne veka fekk fleire brukarar feilmelding då dei søkte opp ord som «Democrat» og «Democrats» på Instagram. Altså ord knytt til Det demokratiske partiet.

Nokre skulda selskapet for då for å ha ei politisk slagside etter at Meta-eigar Mark Zuckerberg har vore ein del av heiagjengen til Donald Trump.

Inauguration ceremony for Trump's second presidential term

Tech på rekke og rad under innsettingsseremonien. Meta-sjef Mark Zuckerberg og medie-eigar Jeff Bezos med følge. Til høgre er Google-sjefen Sundar Pichai og Elon Musk.

Foto: SHAWN THEW / Reuters

Meta sjølv sa tysdag at dei hadde problem med søkemotoren på Instagram. Dette resulterte i at brukarar fekk feilmelding om at innhaldet blei skjult.

– Det er eit problem som påverkar søkemoglegheita på ulike emneknaggar, ikkje berre på venstresida, sa Andy Stone talsperson i Meta.

Det viste seg å stemme at det var problem med å søke opp ulike ord, også republikanske, som Faktisk.no har konkludert med.

– Hykleri ute og går

Mjelde meiner at det den politiske splittinga er sterk og at dei politiske motstandardane står derfor klare til å tru det verste om kvarandre:

– Slik at ingenting framstår tilfeldig eller ufarleg.

Uavhengig at dette, seier Mjelde at det alltid vil vere farleg i eit demokrati-perspektiv om dei som kontrollerer verdas viktigaste medieplattformer byrjar å rigge funksjonaliteten til fordel for dei som sit på makta.

Hilmar Mjelde, professor i statsvitenskap ved HVL.

Hilmar Mjelde, professor i statsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet (hvl).

Noko som Meta her har tilbakevist i begge høva.

– Men eg syns det er eit visst hykleri ute og går. Det kunne godt ha vore fleire kritiske stemmer i media, då tech-gigantane støtta Demokratane sin agenda, om vi skal vere prinsipielle, seier Mjelde, og legg til:

– Vi bør ha klart for oss at når tech-gigantane heiser politiske flagg, så er det ei forretningsavgjerd. Dei er ikkje nødvendigvis demokratiets vaktarar.

Publisert 22.01.2025, kl. 21.24 Oppdatert 22.01.2025, kl. 21.33

Read Entire Article