– Ein prøver heile tida å ete ekstra sunt, men eg ser det er ei utfordring for mange, for det er jo dyrt, seier Elin Løhre.
Ho fortel at ho et sunt frå før av og ikkje er blant dei som nyleg har sett seg sunne nyttårsforsett.
Samstundes som ho vil ete sunt, forsøker ho å gjere gode kjøp.
– Eg veit jo litt kva eg skal sjå etter og har ein plan for kva eg skal ha til middag. Også ser ein kanskje tilbod på noko og tenker «okei, da kan eg kanskje bruke det».
– Eg prøver å følge med og vere bevisst.
Kiwi har starta det nye året med å reklamere for eit fem veker langt «sunnare priskutt»
Foto: Henning Levold / NRKÅtvarar om «black friday-tilbod»
– Dei kjenner oss nesten betre enn vi kjenner oss sjølv, seier Thomas Iversen om daglegvarebutikkane.
Han er fagsjef i Forbrukarrådet og er ikkje overraska over at fleire daglegvarekjeder reklamerer med tilbod på sunne matvarer.
– Dei veit at mange har forsett om å starte eit nytt og betre liv i det nye året. Det inkluderer kosthald, trening og å lage middag frå botnen av.
– Da må folk vere litt forsiktige når dei handlar.
For sjølv om nokre sunne matvarer kan ha redusert pris, så treng ikkje alle ha det, fortel Iversen.
– Så det gjeld å følgje litt med, skrive handleliste og sjå at du ikkje går i ei prisfelle.
Han peiker også på at priskutt ikkje treng å vere så gode som dei kan gi inntrykk av.
– At prisen blir heldt stabil i fem veker seier ikkje noko om prisen er låg eller høg. Den kan jo vere høg og stabil.
– Eg trur eg er ganske prisbevisst. Eg ser alltid på kiloprisen, så eg trur ikkje eg lar meg lure, fortel Elin Løhre.
Foto: Henning Levold / NRKNår daglegvarebutikkane reklamerer med priskutt på nokre varer, så er avslaget rekna ut frå ein referansepris.
Denne referanseprisen må vere den lågaste prisen vara har hatt dei siste 30 dagane.
– Men det betyr jo ikkje at varene ikkje kan ha hatt ein høgare pris enn vanleg dei førre 30 dagane, seier Iversen.
Han peiker på at det er same regelverk og mekanismar som kan gjere seg gjeldande som når butikkar set ned prisen på varer i forkant av sal som «black friday».
Prisane på sunne matvarer som brokkoli og havregryn fekk ikkje mykje fokus i førjulstida, seier Iversen.
– Før jul er fokuset både i nyheiter og marknadsføring på jul, julefeiring og juleprodukt. Det er marsipan, surkål og juleting som har fokuset.
– Så ein prisauke på sunne varer vil gå under radaren, både hos kundane og hos media.
Henning Levold / NRK
Michael Christensen
– Det er jo alltid eit forsøk eller eit håp om å ete sunnare.
Christensen fortel at han prøver å ha meir frukt og grønt heime til ein kvar tid.
– Eg prøver å velje frukt utifrå kva som er billig. Så varierer eg frå veke til veke.
Han fortel at han prøver å huske sånn omtrent kva ting kostar.
– Men det er ikkje alltid så tydeleg kva som er utgangsprisen når det er tilbod.
Henning Levold / NRK
Sander Hernes
– Eg vil seie at eg eter ganske sunt frå før.
Hernes er student og fortel at han derfor må gjere billige kjøp. Han les tilbodsavisene og forsøker å halde seg oppdatert.
– Eg føler dei har same greia heile gjengen. Nokon seier dei er billigare, nokon seier dei er konstant billige.
– Det er små marginar det kan vere snakk om.
Henning Levold / NRK
Randi Kolderup og Herman Kolderup
– Vi er veldig opptatte av at vi skal ha frukt og grønsaker, fortel Randi.
Av dei to er det Herman som følgjer med på kor det er gode tilbod.
– Eg har sjekka systemet. Eg ser på tilboda hos både Obs, Rema, Extra og Kiwi, fortel han.
– Eg får sjokk ein gong i blant. For eksempel kan gule eple koste 40 kroner pr. kilo ein stad og 20 kroner på tilbod ein annan stad. Det kan vere stor forskjell.
Iversen presiserer at Forbrukarrådet ikkje har sjekka om det finst slike prisfeller i år.
– Når det blir eit nytt år, så er det mange som vil handle sunt. Og dersom nokre av dei sunne varene har ein for høg pris, så reknar vi med at mange går i dei fellene.
– Men no har vi ikkje gjort ein prissjekk på det, så vi veit ikkje omfanget av dette no i år.
Har du nyttårsforsett om å ete sunnare?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Avviser prisfeller
Kommunikasjonsdirektør i Kiwi, Kristine Aakvaag Arvin, fortel at kjeda merker at fleire ønsker å ete sunt i januar.
– Nettopp derfor har vi tradisjon for å starte året med langvarige kampanjar på sunnare alternativ, så vi kan gjere det enklare og billigare for kundane å ta gode val.
Arvin seier dei ikkje har sette prisane opp i forkant av kampanjen og seier kundane kan vere trygge på at tilboda er gode.
– For mange av varene er prisane no blant dei lågaste vi har hatt på lenge.
– For eksempel er éin kilo Prior kyllingfilet no kutta frå ein julepris på 99 kronar til 79 kroner per kilo. Ordinærprisen i haust var 165,40 kroner per kilo, noko som gir ein ekstremt låg kilopris.
Arvin fortel dei er opne om førpris og kampanjeperioden.
– Vi toler godt å bli kontrollert, både av presse og forbrukarorganisasjonar.
Mange ønsker å ete sunnare i det nye året.
Foto: Henning Levold / NRKOgså marknadsdirektør i Rema, Pia Mellbye, seier deira mål er å tilby kundane dei billigaste varene året gjennom.
– Samstundes ønsker vi å overraske med gode og relevante priskutt tilpassa sesong og behov, som «Hverdagskuttet» som vi har akkurat no, der vi har sette ned prisen på ei rekke sentrale kvardagsvarer.
Publisert 20.01.2026, kl. 05.19
















English (US)