Atle (33) fekk «Haaland-hjelp» på brutal sykkeltur i Afrika: – Farlegaste eg har gjort

1 day ago 8


– Overgangen frå det afrikanske kontinentet har vore brutal. I natt set eg opp teltet på ein plen, for eg har ikkje råd til å sove inne.

Det seier Atle Førsvoll, som har sykla verda over i to år, med avgrensa midlar og ei relativt enkel pakkeliste.

Og opplevingane er mange. Han har hamna i polititrøbbel ei rekke gonger, sykla gjennom omstridde land og hamna i ørkenstorm midt i Sahara.

NRK møtte han også før avreise tilbake i 2023, for nesten nøyaktig to år sidan. Den gongen førebudde han seg ved å vere matleveringsbod.

Nå er han godt over halvvegs og har ein «formalitet» igjen i Europa. Når turen er gjennomført, skal han ha sykla rundt 45.000 kilometer.

– Eg trur eg kryssar grensa i juni. Planen er ei mjuk landing og å somle meg til Nordkapp, fortel Førsvoll.

Overraska over Angola

Om dagen er han nord i Spania, på grensa til Frankrike, og nærmar seg stadig heimlandet sitt. Han sykla frå Nordkapp til Cape Town i Sør-Afrika, og han er nå på veg heimover på sykkelen.

Han fortel at det er svært mange opplevingar det rett og slett ikkje er spalteplass til, men han trekker fram spesielt ei unik hending i det afrikanske landet Angola.

Førsvoll fekk merksemd frå ein politimann som lurte på kva syklisten gjorde på ein bensinstasjon. Politimannen vedtok å ta han med til stasjonen, noko som naturleg nok gjorde Førsvoll nervøs.

– Eg blei ganske stressa, men så gjekk det ein time og så hadde dei organisert ein politieskorte for meg gjennom Angola. Kvar dag var det ein pickup eller motorsykkel med væpna politi som følgde meg.

Atle Førsvoll syklet fra Nordkapp til Sør-Afrika

ESKORTERT: Slik blei Atle Førsvoll eskortert gjennom Angola.

Foto: Atle Førsvoll / Privat

Han fortel at dei til og med skrudde på blålys og sirener for å sikre at han kom seg trygt gjennom byane.

– Det var som Tour de France, for dei stansa trafikken for meg, fortel 33-åringen.

– Blei du overraska?

– Ja, det var det siste eg såg for meg. Eg trur dei ville rette opp det elendige ryktet Angola fekk etter at løparen Russell Cook blei rana. Folk som kjenner Angola blei overraska over at eg ikkje betalte ei einaste krone til politiet, men dei var veldig disiplinerte og ville ikkje ha noko frå meg.

Fekk «Haaland-hjelp»

Like vennlege var dei ikkje i DR Kongo, landet som Joshua French og Tjostolv Moland var fengsla i ei årrekke.

– Ein politimann tok passet mitt og ville ha pengar for å gi det tilbake. Det blei ein kinkig situasjon, for eg hadde lite pengar. Til slutt nappa eg passet ut av handa hans – eg blei berre så irritert. Så angra eg litt og fann ein setel med ein verdi på rundt 11 kroner og gav han den. Han blei sur, men da stod eg i det. Resten av den dagen var den farlegaste eg har hatt – trafikken der er heilt sinnssjuk, seier Førsvoll.

Atle Førsvoll syklet fra Nordkapp til Sør-Afrika

FLEIRE POLITIMØTE: Atle Førsvoll støtte på politiet ved fleire høve. Politiet avbilda her var ikkje blant dei som skapte utfordringar for Førsvoll.

Foto: Atle Førsvoll / Privat

Når han stadig blir stoppa av politiet i afrikanske land, kan det vere fint med ein referanse for myndigheitene. Da er det spesielt eitt kjent namn frå Noreg som har redda han ut av diverse kniper.

Erling Braut Haaland.

– Det skjedde kvar einaste dag. Når politiet stoppar meg og spør kor eg er frå, seier eg «Noreg – Haaland, you know?» Da lyser dei opp og gløymer kva dei eigentleg ville. Vi snakkar om kor fantastisk han er, seier rogalendingen.

Han fortel at han ikkje har lykkast i å komme i kontakt med Team Haaland, men at den norske superspissen har vore sentral på reisa er det ingen tvil om.

– Eg står i evig gjeld til Haaland.

Erling Braut Haaland

UVENTA HJELP: Erling Braut Haaland har indirekte hjelpt Atle Førsvoll gjennom ei rekke kniper.

Foto: Bernadett Szabo / Reuters / NTB

Stikk til NRK-ekspert

NRKs sykkelekspert sådde tvil rundt prosjektet for to år sidan, og meinte at oppladinga som Foodora-syklist ikkje var ideell.

– NRKs sykkelekspert (Sondre Sørtveit) meinte dette kunne bli for langt og for tøft. Eg vil gjerne spørje: Er 629 kilometer langt nok for NRKs sykkelekspert? fleipar Førsvoll.

Han får svar frå ein lattermild Sørtveit:

– Det er langt nok for meg. Eg har aldri sykla så langt, så eg et mine ord med glede, seier eksperten.

Han er mektig imponert over Førsvoll.

– Det er heilt vanvitig – det saknar sidestykke. Det er ekstremt imponerande med mange utfordringar på vegen. Eg ser han er ved godt mot og finn alltid løysingar, seier Sørtveit, som følger Førsvolls reise på Instagram.

To år utan venner og familie

Det er ikkje altfor lenge til han nærmar seg heimlandet sitt. Han kjem truleg til å busette seg i Oslo når han har nådd Nordkapp, og syklisten ser fram til kvardagen i trygge Noreg.

– Eg har vore i rørsle i to år. Eg gleder meg enormt til rutinar – og til å sleppe å pakke saman eit vått telt. Det eg har sakna mest er tryggleik, innrømmer Førsvoll og held fram:

Atle Førsvoll syklet fra Nordkapp til Sør-Afrika

Foto: Atle Førsvoll / Privat

– I Afrika kunne eg ikkje vere ute etter det blei mørkt eingong. Berre det å kunne gå ein kveldstur i Oslo og hoppe på ein trikk, buss eller T-bane ... det er ein luksus eg aldri vil ta for gitt igjen.

Turen går ikkje utan meining. Han har valt å starte ei innsamling der han donerer summen til Redd Barna. Førsvoll fortel at summen er på 130.000 kroner så langt.

Går av hengslene når de får se supermanageren 00:45

Publisert 27.05.2025, kl. 20.12

Read Entire Article