Artisten Chris Rea, kjent for «Driving Home for Christmas», er død, 74 år gammal, melder BBC.
– Han sovna fredfullt in på sjukehuset etter kort tids sjukdom, med familien rundt seg, seier ein talsperson for familien i ei melding.
Rea blanda blues, soul og soft rock, og gav ut 25 studio album.
Slutten av 1980-talet var hans kommersielt mest suksessfulle periode, skriv The Guardian.
I 1988 var han pauseunderhaldning under Melodi Grand Prix-finalen (biletet).
I tillegg til den særs populære songen om å køyre heimover til jul, hadde han også suksess med songar som «Fool (If You Think It's Over», «The Road to Hell» og «Auberge».










English (US)