Arne Bye erkjenner tre valdtekter – seier det var gale å påføre midlar i underlivet

2 weeks ago 12


– Eg har i hovudsak erkjent påføring av midlar i underlivet som ikkje er medisinsk adekvat.

Det seier Arne Bye om kvifor han har erkjent delar av tiltalen. Han presiserer at han ikkje har hatt noko seksuell motivasjon for det han har gjort.

– Eg har ikkje hatt noko glede av dette, seier han.

– I mange tilfelle burde eg ikkje ha smurd med bedøvande gel. Det er ein hurtigvikande, bedøvande gel som reduserer følsomheita.

– Det verste for meg er at eg alltid har hatt forståing av at pasientane har vore fornøgd, legg tiltalte til.

– Klarte aldri å seie meg fornøgd med konsultasjonane

Den tidlegare kommuneoverlegen forklarer at han aldri klarte å seie seg fornøgd med konsultasjonane.

– Eg hadde ein følelse av å aldri kunne avslutte og eg klarte aldri å seie meg fornøgd i frykt for at pasienten ikkje var fornøgd.

I ettertid seier tiltalte at han har tenkt at han burde ha avslutta undersøkingane tidlegare.

Han har sett nokre av videoane saman med forsvararane sine i forbindelse med rettssaka.

– Det verkar knapt som eg hugsar kva eg har gjort før eg går i gang, seier Bye om konsultasjonane.

Undersøkelsesrommmet på Frosta, der Arne Bye hadde konsultasjoner.

Det var inne på dette rommet at Bye gjennomførte dei fleste av dei gynekologiske undersøkingane han no står tiltalt for.

Foto: Politiet

Hevdar han aldri såg på videoane

– Eg tenkte eg skulle sjå på dei i forbindelse med nokre klagesaker som dukka opp hos Helsetilsynet, men det makta eg ikkje.

Det seier Arne Bye når han forklarar seg i retten om kvifor han har filma dei gynekologiske undersøkingane.

Det er ingen tvil om at gjekk over streken då eg begynte å filme. Det er uetisk og uakseptabelt. Det er det ikkje noko grunn til å stille noko spørsmål til.

Tiltalte filma med opptil tolv kamera under gynekologiske undersøkingar på legekontoret. Politiet fann 47.000 filmar av pasientar heime hos Arne Bye

En skisse av legekontoret og tilhørende undersøkelsesrom i Frosta kommune. Den tiltalte legen har tegnet inn kryss hvor han hadde plassert kamera inne på begge rommene. Det er tre kryss på kontoret og to kryss på undersøkelsesrommet (GU-rommet).

Under eit politiavhøyr teikna tiltalte kvar han hadde plassert fem av kameraa på legekontoret og det tilhøyrande undersøkingsrommet.

Foto: politiet

Tvangsmessig nødvendigheit for at eg skulle fungere

Tiltalte forklarar at han filma for å dokumentere kva han faktisk gjorde under undersøkingane han gjennomførte.

– Nokon gonger brukte eg det som ei forklaring ovanfor meg sjølv at det var kjekt å ha dokumentasjon for å sjekke at eg faktisk hadde gjort ting som eg ønska å gjere dei, seier Bye.

Den tidlegare kommuneoverlegen forklarar i retten at han var redd for ting han hadde oversett på undersøkingane.

– Det blei ei tvangsmessig nødvendigheit for at eg skulle fungere.

Et kamera som politiet har tatt beslag i fra den tidlegere kommuneoverlegen i Frosta.

Eit kamera politiet fann heime hos Arne Bye. Det er svart teip over den delen av kameraet som lyser når det er på og filmar.

Foto: politiet

Og dersom eit av dei tolv kameraa slutta å fungere seier tiltalte at kvelden var øydelagd.

– Eg makta nesten ikkje å reise heim. Eg blei frykteleg sliten av det, men eg hadde så mange arbeidsoppgåver og det var måten min å fokusere på å ta alle opptaka.

Så forklarar tiltalte at trongen til å ta video etter kvart tok overhand.

– Det tok ein altfor stor del av konsentrasjonen min. Nokon gonger mista eg heilt oversikta over kameraa.

Minst 5500 timar med video

Politiet har gjort beslag i fleire kamera, fleire harddiskar og minnekort i bustaden til tiltalte.

– Varigheita på videofilene var på til saman minst 5500 timar, sa aktor Eli Reberg Nessimo første dag i retten.

Fleire av videofilene viser at den tidlegare kommuneoverlegen plasserer og justerer på kameraa inne på legekontoret og undersøkingsrommet.

– Det er svart teip over den delen av kameraet som lyser, forklarte Nessimo.

Det er funne video av 77 av dei 94 fornærma.

Bye er ikkje tiltalt for å ha filma pasientane sine, men det er ein viktig del av bevismateriellet i saka, påpeika aktor Richard Haugen Lyng tysdag.

– Me har videoopptak av sjølve overgrepet. I så måte har me ein ganske spesiell bevissituasjon i saka, ved at store delar av tiltalen er belyst med videomateriell.

I tillegg til videoopptaka fann politiet over 387.000 biletfiler i bustaden til tiltalte.

Publisert 07.11.2024, kl. 09.11 Oppdatert 07.11.2024, kl. 09.53

Read Entire Article