Naudetatane rykka ut til ein ein adresse i Trondheim etter melding om ei arbeidsulykke.
Ein mann er skadd, men ved bevisstheit.
08.25 opplyser politiet at også luftambulansen er på staden.
Det skal dreie seg om ein fallulykke frå stor høgde, opplyser politiet.
– Hendinga framstår som alvorleg, skriv operasjonsleiar Ketil Stene.
Den skadde personen har blitt frakta til St.Olavs hospital.
Fall om lag åtte meter
Innsatsleiar på staden, Tor Erik Børstad, fortel at fallulykka har skjedd i forbindelse med oppføring av eit bygg.
– Det er ein person som har falle frå eit stillas, fortel Børstad til NRK.
Han anslår at stillaset er om lag åtte meter høgt.
– Pasienten er no frakta til St. Olavs hospital. Han blei betegna som hardt skadd på staden. Utover det har eg ikkje nokre opplysningar om skadegraden.
Publisert 10.03.2025, kl. 08.11 Oppdatert 10.03.2025, kl. 08.50