Frå 1. juni til 6. august rykte Røde Kors sitt hjelpekorps ut til 427 redningsaksjonar, det høgaste talet på fem år. Til samanlikning var talet 360 i same periode i fjor.
Årsaka er vêret, meiner nestleiar i Landsråd hjelpekorps, Roy Worum.
– Vi har hatt ein eksepsjonelt fin sommar over heile landet. Mange har vore ute i naturen, og då skjer det òg fleire ulukker. I fjor var sommarvêret dårleg, og det var færre leiteaksjonar.
Roy Worum understrekar at tala ikkje er alarmerande, men eit teikn på at mange har brukt fjell, skog og bynære turområde.
Foto: Gisle JørgensenStader med mange turistar, som Lofoten og Møre og Romsdal, har hatt mest å gjere.
– Dei fleste turistane er godt førebudde, men nokre overvurderer seg sjølve for å få det perfekte Instagram-biletet, og kunne vore betre førebudde, seier Worum.
Dramatiske hendingar
Men mange, både nordmenn og utlendingar, har vore uheldige. I løpet av berre ei veke i juli fekk fem utanlandske turistar hjelp etter å ha gått seg bort i Eidfjord, medan ei kvinne i Aurland blei redda opp frå ei elv med skadar.
Ein person vart funne nedkjølt i Ullensvang. I Jotunheimen omkom to turgåarar. I Eidfjord måtte òg ein turist få hjelp etter at teltet blei fylt med regn.
Ein av dei mest dramatiske var leiteaksjonen etter amerikanaren Alec Luhn som blei funnen i live i Hardanger etter mange dagar i fjellet:
Redningsaksjonen var vanskeleg på grunn av dårleg vêr, bratt terreng og mykje vatn i elvane.
– Gjer det norske samfunnet rikare
Redningstenesta i Noreg er i stor grad avhengig av frivillig innsats og frivillige organisasjonar. Politimeister i Møre og Romsdal rosar innsatsen til dei frivillige:
– Det finst knapt eit betre bilete på ein kvardagshelt. Dei ofrar fritid og helse for å redde andre. Dei gjer det norske samfunnet rikare, seier Ingar Bøen.
Ingar Bøen
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKDramatiske døgn i Rauma
Operativ leiar Eirik Lindheim Brastad deltok på aksjonen der ein nederlendar vart funnen i live etter fleire døgn i fjellet i Rauma. Tåke og dårleg vêr gjorde leitinga krevjande.
– Det er heilt fantastisk når nokon blir funne i live. Det gir motivasjon til alle som deltek, seier Brastad, som meiner Trollstigen-aksjonen er den mest spesielle han har vore med på.
Ofte tragiske utfall
Ifølgje Trond Inge Larsgård, leiar for varslingsgruppa i Møre og Romsdal, endar mange søk etter sakna med funn av omkomne.
– Difor gir historiene om amerikanaren som blei funnen i live i Hardanger og nederlendaren i Trollstigen ekstra inspirasjon. Dei viser at det framleis er håp, sjølv når tida går – og at vi aldri må gi opp.
Her vert amerikanaren Alec Luhn funnen i live.
Foto: 330-skvadronen / HovedredningssentralenLarsgård understrekar at oppdrag med tragisk utfall er like viktige.
– Å finne nokon som er omkomne, kan hindre at barn eller andre tilfeldig finn dei. Det gir òg familien svar.
Stiller opp sjølv om det er ferie
Midt i ferietida stiller dei frivillige opp når alarmen går, sjølv om det krev at dei må skaffe barnevakt eller reise frå jobb utan å få dekt tapt inntekt.
– Mange bruker ferien sin til å hjelpe til i aksjonar, og bidreg òg frå feriestaden. Viljen blant dei frivillige er enorm, og det er den som gjer at redningstenesta fungerer så godt, seier Larsgård.
– Redningsaksjonar som endar godt fører gjerne til fleire medlemmar i gruppa, seier Trond Inge Larsgård.
Foto: Synnøve HoleBeredskapen har vore god i sommar, men Worum seier dei kan måtte rekruttere fleire dersom oppdraga aukar. Han ser òg ein positiv trend:
– Mange turistar er betre førebudde og godt utstyrte for norsk natur enn før.
– Gjer noko med deg
For Larsgård er redningsarbeidet òg ein måte å gi noko tilbake til samfunnet på. Han hugsar alle aksjonane han har vore med på, men nokre oppdrag set ekstra djupe spor.
– Når det er barn involvert, gjer det noko med deg. Eg hugsar særleg då eit barn forsvann i elva i Geiranger og omkom. Heldigvis er slike hendingar sjeldne.
Gjengen som leita etter Alec Luhn i Hardanger.
Foto: Jarle Larsen, Kvinnherad Røde Kors HjelpekorpsPublisert 08.08.2025, kl. 19.16