Ambulansepersonell blei trua med sverd: – Kvardagen har blitt tøffare

2 weeks ago 6


Situasjonen blei plutseleg svært farleg.

Da ambulansen kom til adressa ved Falkum i Skien, blei dei møtte av ein person med eit sverd.

Vedkommande trua ambulansearbeidarane og slo laus på bilen.

Politiet på staden måtte til slutt bruke elektrosjokkvåpen for å få kontroll på situasjonen.

Ingen personar blei skadde.

Ken-Willy Rødberg, paramedisinar ved Sjukehuset Telemark, innrømmer at han kan bli redd på jobb.

– Det er i dei situasjonane der vi blir trua av pasientar.

Paramedisiner Ken Willy Rødberg sitter med rød uniform i sjåførsetet i en ambulanse.

Det hender han blir redd på jobb.

Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Skummel utvikling

Hendinga frå Skien er ikkje unik.

I fjor blei det utført rundt 788.300 ambulanseoppdrag med bil, luftambulanse og båt i Noreg, viser tal frå SSB.

Ved stadig fleire tilfelle blir dei tilsette utsette for vald og truslar, og talet på hendingar aukar.

Ambulanseforbundet erfarer at kvardagen har blitt langt tøffare.

– Det er tragisk at vi har komme dit vi er i dag, seier leiar Ola Yttre.

Det er ikkje mange år sidan ambulansen kunne forlatast med opne dører.

Leder i Ambulanseforbundet Ola Yttre.

Leiar i Ambulanseforbundet i Delta, Ola Yttre.

Foto: GEIR OLAV SLÅEN / NRK

– Vi var hjelparane, og blei respekterte for det.

Slik er det ikkje lenger, meiner han.

– Vi har dagleg hendingar med vald, og stundom drap. Vi er jo involverte i mange av desse episodane, og da må øving til.

Det får dei ikkje nok av slik det er i dag, og årsaka er ofte mangel på forsikring, ifølge Yttre.

Dette har politiet og forsvaret under øvingane, men ikkje dei som jobbar i ambulansetenesta. Det betyr også færre øvingar på reelle situasjonar, erfarer han.

– Ambulansepersonell bør vere trena på å møte alle situasjonar når vi ser korleis samfunnet utviklar seg med vald og truslar.

Somme stader har det gått fem og seks år mellom slike øvingar, ifølge forbundet.

I tillegg er det fleire stader der vikarar ikkje er pålagt å vere med på øvingar.

Undersøker om det bør endrast

Alle arbeidstakarar i landet, også ambulansepersonell, er yrkesskadeforsikra.

Men politi og kriminalomsorga har rett til full erstatning for skadar som kjem av pålagt organisert trening.

Det gjeld ikkje ambulansepersonell.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet undersøker nå om arbeidsulykkeomgrepet bør endrast, skriv statssekretær Ellen Bakken i ein e-post.

Ellen Bakken har blå øyne og mørkt hår i en hestehale. Hun har på seg brun kåpe.

Ellen Bakken frå Arbeidarpartiet er statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Foto: Andreas Lekang / NRK

Fordi det er nokon som kan oppleve at ein ikkje får skaden godkjent som yrkesskade.

– Eit eventuelt endra arbeidsulykkeomgrep vil derfor kunne vere svært viktig for kvar enkelt, ikkje minst i yrke der arbeidskvardagen er risikofylt.

Nokre av tala må takast med atterhald, da dei kan vere dobbeltregistrerte.

Aukande tendens

Tilbake i Skien kan Rødberg fortelje om ein aukande tendens etter 25 år bak rattet i ambulanse.

Ein del av årsaka er fleire psykiatrioppdrag enn det var før, som ofte blir løyst i samarbeid med politiet.

– Operasjonssentralen til politiet er flinke til å bruke oss i dei typane oppdrag, så vi får med oss den sikkerheita vi treng, understrekar han.

Ken Willy Rødberg jobber som ambulansepersonell. Han har på seg rød uniform og sitter i førersetet på ambulansen.

Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Av omsyn til eiga sikkerheit, rykker aldri ambulansen fram før politiet er på staden.

Av og til jobbar likevel Rødberg og kollegaene på usikra stader.

Det kan for eksempel vere ei valdshending på gata, der dei jobbar med ein skadd person og må ha ryggen til resten av verda.

Ein veit aldri kva som kan skje.

– Det er alltid moglegheit for forbetring, og det blir jobba med dette hos departementet. Vi håpar at det kjem andre verkemiddel som kan hjelpe oss i framtida, seier han.

Viktig å snakke saman

Dei har eit stort fokus på å ta vare på dei tilsette hos ambulansetenesta ved Sjukehuset Telemark, fortel avdelingsleiar Knut Inge Skoland.

Knut Inge Skoland har kort, blondt hår og blå jakke. Det står en ambulanse bak han.

Knut Inge Skoland er avdelingsleiar for ambulansetenesta ved Sjukehuset Telemark.

Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Om ambulansearbeidarane har vore i vanskelege situasjonar, sørger dei for å prate om det som har skjedd, og prøver å etterkomme det dei treng av bistand.

– Vi har eit stort apparat på sjukehuset, med alt frå kollegastøtte til bedriftshelseteneste.

Hei!

Takk for at du leser.

Sitter du med et innspill eller en idé etter å ha lest denne saken, eller har du tips til noe annet jeg bør skrive om?

Send meg gjerne en e-post.

Publisert 08.11.2024, kl. 05.04

Read Entire Article