Aleksander har drukke av same beger i ti år

2 days ago 6


– Det har ikkje vore vaska så mange gonger heller, seier han medan han ler godt.

Like før begeret fylte ti år, 15. desember, tok kollegaer initiativ til å få utført ein bakterietest, som overraskande viste at det var heilt reint.

– Det har blitt tørka ut av. Det har det. Men nokon god vask, det har det ikkje blitt, seier Aleksander Lid Berget. Og legg til at han har svært få sjukedagar.

Bioingeniør Aleksander Lid Berget, Volda sjukehus

Plastbegeret er blitt skjørt og fått nokre sprekker, men funkar framleis.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Sjefen på avdelinga, Joar Ulstein, har rekna ut at Aleksander har spart helseføretaket for rundt 1500 kroner dei ti åra han ikkje har tatt nye plastbeger, og han har redusert plastforbruket ved Volda sjukehus med 63 kilo over ti år.

Men han er likevel litt bekymra for kor mykje mikroplast Berget får i seg ved å drikke av det gamle og skjøre plastglaset kvar gong han er på jobb.

– Men for seksjonen og for miljøet på seksjonen, har dette vore ei morosam sak gjennom ti år, seier Ulstein.

Bakterietest av begeret til Aleksander Lid Berget, Volda sjukehus

Bakterieprøva tatt av begeret til Aleksander Berget like før tiårsdagen viste at det er heilt trygt å drikke av.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Det hjelper at arbeidsmiljøet er bra

Helse Møre og Romsdal styrer mot eit budsjettunderskot på nesten ein halv milliard kroner i 2025 på grunn av innføringa av Helseplattforma og store investeringar i nye sjukehusbygningar.

Det er varsla harde kutt-tiltak frå administrasjonen, men ved avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank ved sjukehuset i Volda, ser dei ikkje mørkt på det nye året av den grunn.

– Begeret er frå 2014 og fokuset var jo akkurat det same då. Det skal sparast pengar, alltid, slår Aleksander Lid Berget fast.

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank

Heis-tetris, kallar Aleksander Lid Berget dette. Eit effektiviseringstiltak som går ut på å finne ut kor mange bioingeniørar og utstyr du får plass til i ei heis.

Foto: Aleksander Berget

Han er også verneombod på avdelinga, og meiner det er viktig å ha gjere sitt beste for at han og kollegaene har det fint i lag på jobb.

– Vi har snudd alle steinar no, mange gongar. Og så kjem det nye direktørar og sjefar, og vi held fram med å snu på steinar. Då hjelper det jo at vi har det kjekt saman. Vi må berre prøve å halde stemninga oppe, elles går det i alle fall ikkje, slår Berget fast.

Begeret til bioingeniør Aleksander Lid Berget som har vart i ti år

Både tilsette og pasientar ved sjukehuset i Volda bruker plastbeger når dei tek seg vatn frå dispenseren.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Viktig med humor

Begeret til Aleksander har ført til mykje latter dei siste åra.

Sjefen hans, Joar Ulstein, seier dei heilt bevisst dyrkar humor på avdelinga for å få eit betre arbeidsmiljø.

Som seksjonsleiar gler han seg sjølv til å gå på jobb kvar dag. Gode kollegaer er hovudårsaka til det.

– Om det er krevjande, så har vi klart å halde ei positiv innstilling. Vi har godt humør og finn på mykje i lag. Då blir det lettare å handtere dei krevjande tinga, om det er pasienthistorier, økonomi eller andre utfordringar, seier han.

Joar Ulstein, seksjonsleiar, Medisinsk Biokjemi og Blodbank, Volda sjukehus

Joar Ulstein er seksjonsleiar ved avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank ved Volda sjukehus. Han kjøpte inn veldig mange kilo med godteri då dei skulle innføre Helseplattforma ved avdelinga: – Det er viktig å passe på at blodsukkeret ikkje blir for lågt.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Og spøkane kan meir enn gjerne gå ut over sjefen. Som den gongen det blei plassert eit gassdrive signalhorn frå Biltema under kontorstolen til Joar Ulstein, spraylakkert for å kamuflere det.

Lyden frå slike horn er nok til å vekke halve sjukehuset, men ingen mista jobben av den grunn.

– Alle spøkane blir godt risikoanalysert. Det skal ikkje gå utover pasientane, seier Joar Ulstein.

Aleksander Lid Berget demonstrerer korleis dei fekk sjefen til å vakne ein morgon.

Ny kopp

Etter 10 år med same plastkopp, kan det no vere slutt på det sparetiltaket for Aleksander Lid Berget.

Sjefen meiner det er på tide begeret pensjonerer seg, og har kjøpt ein ny ekte gjenbrukskopp som Aleksander kan ha til han går av med pensjon.

– Eg vurderer å sette plastbegeret i monter, seier bioingeniøren.

Den nye koppen til Aleksander Lid Berget

Aleksander Lid Berget har no fått ny kopp som han kan ha til han pensjonerer seg.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Publisert 04.01.2025, kl. 07.42

Read Entire Article