Aalesund sende fjorårets serievinnar ut av cupen

2 hours ago 4


Viking har fått ein verst tenkeleg start på sesongen etter fjorårets gullsesong.

I første serierunde laurdag blei det 2–1-tap for HamKam.

I NM-kvartfinalen mot Aalesund i Stavanger i kveld håpa dei mørkeblå på revansje.

I staden blei det ein ny nedtur og cup-exit.

Viking tok leiinga då Ola Visted banka ballen i mål på eit hjørnespark etter eit kvarter spel. Det var hans første skåring i Viking-drakta.

65 minutt ut i kampen utlikna Aalesund til 1–1 etter eit hjørnespark.

Ulrik Syversen fekk pannebrasken på kula og heada den rett ned på medspelar Marius Andresen. Ballen gjekk deretter i mål.

75 minutt ut i kampen gjekk sunnmøringane opp i 2–1 ved Mathias Christensen.

Saka blir oppdatert.

Publisert 18.03.2026, kl. 19.52

Read Entire Article