– Å ha ein jobb kan bety meir for psykisk helse enn vi har visst

12 hours ago 3


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Det å stå utanfor arbeidslivet eller vere sjukmeld aukar risikoen for at unge vaksne skadar seg sjølve med vilje, ifølgje ein studie.

Det ser ut til å vere ei tett kopling mellom det å vere i jobb og å ha det bra, særleg blant dei mellom 18 og 35 år. (Foto: Christian Erfurt / Unsplash)

Kvart år blir rundt 6.400 nordmenn innlagde på sjukehus etter villa eigenskade, som inneber å skade seg sjølv anten med eller utan intensjon om å ta livet sitt. Halvparten er under 35 år.

Ifølgje ei ny doktoravhandling er låg utdanning og sjukmelding dei to viktigaste risikofaktorane.

– Det å etablere seg i arbeidslivet er ein viktig utviklingsmilepæl for unge vaksne. Vi ser at dei som står utanfor arbeidslivet, har høgare risiko for villa eigenskade, seier psykolog Ketil Berge Lunde. 

Nyleg fullførte han ei doktoravhandling ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF).

Har du låg utdanning og slit med å kome inn på arbeidsmarknaden, kan dette påverke den psykiske helsa negativt, ifølgje forskar Ketil Berge Lunde. (Foto: Silje Pileberg)

Sjukmelding gjer dei med høg utdanning utsette

Noko som overraska han, var at det å vere, eller ha vore, sjukemeld, berre auka risikoen for dei med høg utdanning.

– Vi kan tenkje oss at dei som har tatt høg utdanning, kjenner meir på belastninga ved å vere sjukmeld. Kanskje er arbeidspresset eller ambisjonane høgare, og kanskje knyt dei meir av identiteten sin til jobb og prestasjon, seier han.

Lågt utdanna er i risikosona

For dei med grunnskuleutdanning var risikoen for sjukehusinnlegging etter villa eigenskade i utgangspunktet høgare enn for dei med høg utdanning.

Men her fann Lunde og kollegaene at sjukmelding faktisk var ein beskyttande faktor: Risikoen var altså lågare blant lågt utdanna viss dei var, eller hadde vore, sjukmelde.

– For å vere sjukmeld må du ha ein jobb i utgangspunktet. Truleg er det dette som dreg opp. Har du derimot låg utdanning og slit med å kome inn på arbeidsmarknaden, kan dette vere ein tydeleg risikofaktor.

Fleire lågt utdanna kan ha opplevd at psykiske vanskar debuterte i ungdomsåra og gjorde jobb eller vidare utdanning vanskeleg, legg han til.

Meiner Nav og helsetenester bør samarbeide

Lunde etterlyser no eit tettare samarbeid mellom Nav og helsetenestene.

– Når vi skal følge opp unge vaksne som skadar seg sjølve, er det viktig at vi både adresserer dei psykiske vanskane og den utløysande stressfaktoren. I tillegg til oppfølging i psykisk helsevern, bør folk få tilbod om hjelp til å komme i arbeid eller halde på den jobben dei har, seier han.

Studien, som stod publisert i tidsskriftet Social Psychiatry and Psychiatric Epidemiology, omfatta nær 10.000 sjukehusinnleggingar i perioden 2008-2013. 

Både sosioøkonomisk status, siviltilstand og fleire andre faktorar påverka risikoen for sjukehusinnlegging, men arbeidssituasjonen betydde mest.

Referanser:

Ketil Berge Lunde: Deliberate Self-Harm (DSH) in Young Adults: Patient Characteristics, Follow-Up Psychiatric Care, and Repetition Risk in Norwegian Public Healthcare. Doktorgradsavhandling, Universitetet i Oslo, 2025. 

Ketil Berge Lunde mfl.: Deliberate self-harm and associated risk factors in young adults: the importance of education attainment and sick leave. Social Psychiatry and Psychiatric Epidemiology Article, 2020. Doi.org/10.1007/s00127-020-01893-x

forskning.no vil gjerne høre fra deg!

Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article