DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.
Mange tilsette innen helse og omsorg rapporterer om arbeidsrelaterte psykiske plager. (Foto: STAMI)
God balanse mellom arbeid og privatliv er eit av rådene.
Både psykiske plager og arbeidsrelaterte psykiske plager har auka over tid. Og det er ein særleg auke blant yngre sysselsette.
39 prosent av sysselsette oppgir at dei har vore plaga av nervøsitet, angst, rastløyse, depresjon eller vore nedtrykt i løpet av den siste månaden (stami.no).
Og 19 prosent av sysselsette oppgir at dei har psykiske plager på grunn av arbeidet.
Det viser tal frå STAMIs Faktabok om arbeidsmiljø og -helse 2024.
Emosjonelt arbeid
Arbeidet er årsak til psykiske plager for mange i dei store næringane helse og omsorg, undervisning, og overnatting og servering.
Denne delen av arbeidslivet har vakse mykje dei siste tiåra og er fortsatt i vekst. Ein viktig del av jobben handlar om i direkte kontakt med klientar, pasientar, elevar, brukarar, kundar og liknande.
Å jobbe tett på andre mennesker kan vere meiningsfullt og positivt, men også mentalt utfordrande.
– Å undertrykke eller måtte justere eigne kjensler i møte med andre menneske sine problem, sorg og frustrasjon, er emosjonelt krevjande. Vi ser frå forskinga at slike utfordringar er knytte til utmatting, psykiske lidingar og sjukefråvær, seier Therese Hanvold, direktør på STAMI.
Kvinnedominerte yrke og næringar
Mobbing, vald, hets, truslar og uønskt seksuell merksemd er negative handlingar på arbeidsplassen. Alle desse kan føre til psykiske plager.
I Faktaboka viser forskarar at dette er spesielt utbreidd i dei kvinnedominerte næringane og yrka:
- Seks av ti som rapporterer om truslar, er kvinner.
- Sju av ti som rapporterer om vald på arbeidsplassen, er kvinner.
- Åtte av ti som rapporterer uønskt seksuell merksemd på jobb, er kvinner.
Dei aller fleste tilfella av truslar, vald og trakassering kjem ikkje frå tilsette på arbeidsplassen. Dei kjem derimot frå kundane, klientane, elevane, pasientane, brukarane, dei ein faktisk prøver å hjelpe.
– Utfordringane gir tilsette innan helse og omsorg ein mykje høgare risiko for psykiske plager enn i mange andre næringar i arbeidslivet. Og desse utfordringane er spesielt utbreidde i kvinnedominerte yrke og næringar, seier Hanvold.
Det er mogleg å førebygge
Psykiske plager er samansett og blir påverka av mange forhold. Dei individuelle forholda er det vanskeleg for arbeidsplassen å gjere noko med.
Faktorar i arbeidsmiljøet kan altså stå for ein betydeleg del av psykiske plager. Dette kan førebyggjast på arbeidsplassen ved å skape eit godt arbeidsmiljø.
Ved å framheve faktorane i arbeidet som bidreg til å betre den psykiske helsa, kan ein lykkast med å førebygge psykiske plager.
Her er seks råd for å skape eit godt arbeidsmiljø
Dette er faktorar i arbeidsmiljøet som forskarane veit bidrar til å betre den psykiske helsa. Samtidig dempar dei eller reduserer helsekonsekvensar av belastningane på jobb:
- Dyrk fram ein kultur for sosial støtte og legg til rette for rettferdig, støttande og myndiggjerande leiing.
- Still krav i arbeidet og balanser dette med å gi rom til eigenkontroll og autonomi.
- Sørg for ein god balanse mellom arbeid og privatliv.
- Det er viktig å legge til rette for føreseielege vilkår ved å gi tilsette god informasjon og rom til å påverke i endringsprosessar.
- Bygg ein organisasjonskultur og eit sosialt klima som bidrar til tillit, tryggleik og som framhevar dei menneskelege ressursane.
- Sørg for å skape balanse mellom innsats og påskjønning, ved å gi positive utfordringar, anerkjenning og tilbakemeldingar på arbeidet folk gjer.
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER