Tysdag fekk retten høyre korleis den mindreårige jenta vart lurt av tiltalte i fleire månader.
Mannen i 40-åra er tiltalt for valdtekter eller seksuell omgang med i alt 20 fornærma. Åtte av dei var under 14 år.
Det er snakk om både fysiske overgrep og handlingar som har skjedd over nettet.
Han erkjenner straffskuld for nesten alt.
–Laga «valdtektsvideoar» fordi Maiken bad om det
Det alvorlegaste tiltalepunktet er fleire grove valdtekter som skal ha skjedd i løpet av eit par månader.
Den fornærma jenta var då 13 år.
Snaue to veker etter at tiltalte i 40-åra vart pågripen, fortalde jenta om noko av det ho hadde opplevd. Det skjedde i tilrettelagd avhøyr hos politiet.
I avhøyret som retten fekk sjå tysdag, fortel jenta at ho vart kjent med Maiken på Snap før ho møtte tiltalte.
Då fornærma ville vete kven Maiken var og om ho var «ekte», vart det arrangert eit møte med ein person som kunne gå god for Maiken.
Personen var tiltalte. Han fortalde fornærma at han hadde gjort nokre jobbar for Maiken før.
Fornærma fekk også tilsendt eit bilete av Maiken som sa at ho budde i Trondheim.
Men Maiken var ingen ekte person. Maiken var tiltalte som gav ut seg for å vere ei ung jente på Snap.
Det starta med at fornærma og ei venninne tok masse seksualiserte bilete av kvarandre som Maiken bestilte.
– Det var sikkert 10 000 bilete. Vi vart så lei, men gjorde det fordi Maiken bad oss om det.
Så kom det nye ønske:
–Vi laga valdtektsvideoane fordi Maiken bad om det, seier jenta i avhøyret.
«Vi» var tiltalte og fornærma.
Dei to lata som det var valdtekt, fortel jenta.
Det var tiltalte som stod for filminga.
Tiltalte sende også ein video til fornærma. Der seier han at han blir truga på livet av Maiken som vil ha fleire videoar.
I avhøyret seier jenta at ho vart skremt over videoen der tiltalte tilsynelatande vart truga på livet av Maiken.
Skulle få 100 000 kroner i månaden
Jenta fortel at ho skulle få 100 000 kroner i månaden for bileta og videoane. Totalt var det snakk om 1,2 millionar kroner.
Men personen kunne ikkje gå i banken og ta ut så mange pengar på ein gong. Derfor skulle betalinga kome puljevis, fekk fornærma fortalt av Maiken.
Jenta fortel at etter videoane ville ho slutte å ha seksuell omgang med tiltalte. Men han skal ha sagt at dei kunne halde fram, men utan at dei filma.
Det skjedde, men fornærma kjende at det ikkje var rett fordi ho berre var 14 år.
Ho fortel i avhøyret at tiltalte heller ikkje hadde det greit:
–Han var kvalm av seg sjølv, seier fornærma.
Andre gonger kunne han bli irritert og sint.
Ho kjende seg tvinga til å ha sex med han.
Andre gonger sa ho nei, men han gjorde det likevel.
Ho fortel at tiltalte kjøpte både graviditetstestar og angrepiller.
Fleire av dei andre mindreårige jentene i tiltalen tilhøyrde det same miljøet.
Trudde tiltalte hadde øydelagd bileta
Kontakten med Maiken tok brått slutt.
Kontoen hennar forsvann frå Snapchat.
Fornærma var redd for kva som ville skje med dei få bileta som Maiken allereie hadde fått.
Resten hadde tiltalte på minnebrikker frå kameraet sitt.
Han sa det var i tilfelle Maiken tok kontakt igjen og ville kjøpe meir, seier fornærma.
Seinare sa tiltalte til fornærma at han hadde øydelagd bileta og videoane.
Då politiet ransaka både leilegheit, buer og hytta hans, fann dei store mengder overgrepsbilete – og videoar.
Mobiltelefonane hans vart funne nokre veker seinare.
Her fann politiet minst 15 alias som tiltalte brukte. Eit av dei var Maiken.
Retten avslo ønsket frå tiltalte
Tiltalte vil ikkje sitte i rettssalen under saka.
Forsvarer opplyste retten måndag om at klienten ikkje greier å vere i eit rom med mange personar til stades.
Saka er lukka for publikum, men pressa får vere til stades på visse vilkår.
Han følgjer den på videolink frå eit anna rom i tinghuset. Fleirtalet i retten godtok dette tysdag føremiddag. Ein meddomar i mindretal meinte tiltalte skulle sitte i rettssalen.
Tysdag ettermiddag ønska tiltalte å dra tilbake til fengselet.
Dette avviste ein samrøystes rett, slik at tiltalte måtte følgje resten av rettsdagen frå tinghuset.
Onsdag er planen at han skal forklare seg.
Publisert 19.11.2024, kl. 17.36