VM-kontrovers i Storbritannia: Kastanje-kongen blir skulda for juks

1 month ago 23



David Jakins blir berre kalla «King Conker», eller «Kong Kastanje» om du vil. Han konkurrerte i VM for første gong i 1977, og i helga tok han den første verdsmeistertittelen sin – som 82-åring.

Jakins er iført ei grøn jakke dekorert med kastanjenøtter og bruker ein spesiallaga stokk med ølhaldar når han manøvrerer seg gjennom VM-arenaen i Sør-England.

Men det var noko heilt anna som fanga publikum si merksemd i helga; fleire har fått mistanke om Jakins’ nøtter.

  • David Jakins går rundt på VM-arenaen

    LEGENDE: David Jakins spaserer rundt på arenaen under helgens VM.

    Foto: Phil Noble / Reuters
  • Nærbilde av David Jakins' jakke under VM

    KASTANJE: Jakins har pynktet jakken med kastanjer.

  • King Conker David Jakins holds his walking stick during the World Conker Championships in Southwick

    NØTTESTOKK: 82-åringen har en spesiallaget stokk.

    Foto: DARREN STAPLES / Reuters
  • Bilde av David Jakins under VM i kastanje

    I AKSJON: Her er David Jakins i aksjon under helgens VM.

    Foto: Phil Noble / Reuters

Nøtter av stål?

Finalemotstandaren meiner at Jakins brukte ei nøtt av stål i finalen.

– Nøtta knuste med eitt treff, og det er høgst uvanleg. Eg mistenker ureint spel og har varsla arrangøren, seier Alastair Johnson-Ferguson ifølge The Telegraph.

Saka er såpass stor i Storbritannia at Sky News avbraut sendinga si for å ta inn siste nytt om juks-skuldingane.

Britain Conkers Controversy

NØTTEHATT: Neil Morbey hadde ein av VMs sprekaste hattar.

Foto: Jacob King / AP

– Han blei overvakt av fire dommarar, og det ser heilt umogleg ut for han å jukse, seier styreleiar St. John Burkett til Sky News.

Sjølv meiner Jakins at skuldingane er sprøyt.

– Det er heilt umogleg å jukse, og det er ingen hald i skuldingane, seier han til nettstaden LBC.

Han innrømmer at han hadde nøtt av stål i lomma.

– Eg hadde ei stålnøtt i lomma, men eg har ho med meg for moro skuld og brukte ho ikkje i VM, seier han ifølgje The Guardian.

England i eit nøtteskal

VM i Conkers er, direkte omsett, VM i kastanjenøttknusing. Idretten går ut på å knuse nøtta til motstandaren eller få henne til å ramle av ein tråd.

Annual World Conker Championships, in Southwick

NØTTEKNEKKAR: Slik går idretten føre seg. Ein spelar prøver å skyte nøtta mot motstandaren si nøtt for å knuse henne.

Foto: Phil Noble / Reuters

Men kor stor fordel er det eigentleg å ha kastanjenøtt av stål?

Susanne Friederike Viefers er leiar for fysisk institutt ved Universitetet i Oslo, og ler godt når NRK ringer for å forklare den store nøtta i haust. Ho trur det er stor fordel å ha ein av stål.

– Det vil eg tru! Viss du trakkar på ein kastanje, så knuser han jo. Det same skjer ikkje med ei kule av stål, seier Viefers.

Den særeigne meisterskapen har blitt arrangert i Southwick i Sør-England kvart år sidan 1965, og ifølge nyheitsbyrået AP var 200 entusiastar samla til årets verdsmeisterskap.

Komiteen som avgjer om Jakins har juksa består av 14 (!) personar, som no er nøydde til å finne ut om «Kong Kastanje» sine nøtter er av stål eller ei.

Annual World Conker Championships, in Southwick

NØTTEKRONE: Verdsmeisteren vinn denne krona.

Foto: Phil Noble / Reuters

Publisert 15.10.2024, kl. 19.42

Read Entire Article