Viralt klipp set fart på skuldingar: Hevdar kinesarar jukset fleire gonger i VM

12 hours ago 6



– Det er spørsmålet: Er det med vilje?

Det seier Christoffer Svae, som sjølv har tre OL-deltakingar for Noreg. Nå jobbar han som instruktør, og har fått med seg den store snakkisen i curling.

– Steinen skiftar drastisk retning. Det er snakk om fleire centimeter. Fleire i publikum såg det, kommentatorane såg det. Det var ganske openbert, seier Svae.

Episoden skjedde under curling-VM laurdag. I kampen mellom Noreg og Kina var ein av dei kinesiske spelarane borti steinen med kosten.

– Eg ser at det er mange i curlingverda som reagerer, seier Pål Trulsen til NRK.

Han tok OL-gull i 2002. Nå er han sportssjef og generalsekretær i Norges curlingforbund.

Pål Trulsen, Norge under EM i curling i Sørmarka Arena i Stavanger

SPORTSSJEF: Pål Trulsen, her avbilda frå ein tidlegare meisterskap.

Foto: Eirin Larsen

Ein video av hendinga blei lagd ut i sosiale medium, og har verkeleg skote fart.

Over 8 millionar har sett videoen på X.

– Eg har høyrt om fleire eksempel der Kina har vore borti steinar med vilje i VM. Episoden i dag tidleg er den mest uhyggelege og tilsikta, skriv curlingreporteren Devin Heroux på X om situasjonen i Noreg-kampen.

Heroux har også lagt ved ein video av episoden. Han får støtte av den olympiske meisteren frå 2014, kanadiaren Ryan Fry:

– Juks burde på ingen måte bli akseptert, men vi skrik etter faktiske dommarar i curling. Kvifor skal laga sjølv bestemme dette? spør han på X.

Ifølge den kanadiske nettstaden The Sports Network skal trenar Weidong Tan ha uttalt at dei kinesiske spelarane ikkje følte at dei var i kontakt med steinen.

  • NRK har prøvd å komme i kontakt med det kinesiske curlingforbundet, foreløpig utan hell.

David Heroux

Foto: X / David Heroux

Lét steinen ligge

Steinen blei liggande på banen i etterkant, sjølv om det var tydeleg at kinesaren var borti steinen.

TV-bilda viste at den norske kapteinen Magnus Ramsfjell prøvde å diskutere med Kina.

– Det som kanskje var litt kontroversielt var at det ganske tydeleg var noko som skjedde undervegs med steinen. Da er det opp til laget som har gjort feil å informere om det, så skal motstandaren få høve til å bestemme kva dei vil gjere, seier Ramsfjell til NRK.

– Her var det vi som måtte ta initiativ til det, fortset han.

Magnus Ramsfjell under VM-kampen mot Kina

NOREGS KAPTEIN: Magnus Ramsfjell fortviler etter ein forspilt stein i VM-kampen mot Kina.

Foto: Chris Young / AP / NTB

Den norske 27-åringen spurde kinesarane om dei var nær steinen.

– Da snakka dei litt seg imellom, nikka litt og bekrefta det eigentleg utan å seie for mykje på det, fortel Ramsfjell.

Likevel lét altså Noreg steinen bli på banen.

– I våre auge blei dette eigentleg ein heilt grei situasjon for oss. Vi fekk høve til å dra inn og sette to bestesteinar.

– Viss steinane hadde blitt liggande slik at de ikkje hadde ein så gunstig posisjon, hadde det endra på kva de hadde gjort?

– Ja, ein kan seie det. Om han for eksempel hadde dytta han sånn at han hadde slått ut steinen vår og endra omgangssituasjonen heilt, så hadde det heilt klart vore naturleg å gjere det. Det går på skjønn. Det er vanskeleg å seie kva som hadde vore rett, seier den norske kapteinen og legg til:

– Han fekk ei lita straff ved at vi fekk ein betre situasjon, så da tenkte eg at det var bra nok for meg.

Fleire skuldingar

Gjennom ein lang curlingkarriere har Svae møtt kinesisk motstand fleire gonger.

– Eg las at dette skjedde fleire gonger med Kina. Det er trist dersom det stemmer. Andre land har andre kulturar og vil vinne utan omsyn til kostnaden, seier Svae.

Trulsen fortel at kinesarane også var involverte i ein liknande episode mot Tyskland. I tillegg oppstod det ei ureglementert hending under VM-et for damer.

– Det er vanskeleg å vite om det er med vilje, men det er ingen tvil om at han er borti. Med norske auge er det lett å tru at det er med vilje, men det er vanskeleg å bevise, seier han.

– Vi har sett eit klipp frå kampen mot Tyskland, der det skjedde noko liknande. Når det er same lag som gjer det fleire gonger, så begynner ein å tenke, seier Ramsfjell.

Christoffer Svae påpeikar at det er lett å komme borti steinane, og at alle kostarar stort sett gjer det i løpet av ein sesong.

– Eg håpar at det ikkje stemmer, men det er påfallande at både Kinas dame- og herrelag er veldig gode i år kontra tidlegare.

– Det er litt skremmande om dei gjer sånt med vilje, det er ikkje noko vi er vant til i curlingen. Dette er ein gentlemanssport, seier Pål Trulsen.

– Ein kan tenke kva ein vil. Det er ein litt annan kultur og sånt. Eg trur ikkje nødvendigvis at dei gutane har blitt fortalt at curling er ein sport der ein alltid skal seie frå om sånt. Eg håpar dei får den praten nå, og at det ikkje skjer i framtida. Eg trur dei er gode idrettsutøvarar, som har lyst til å vinne på betre ferdigheiter og ikkje på juks, seier Ramsfjell.

en gruppe mennesker som spiller biljard

TETT KAMP: Kina slo til slutt ut Noreg med eitt poeng. Deretter tapte kinesarane både semifinalen og bronsefinalen.

Foto: Chris Young / AP / NTB

Sikra OL-billetten

Trulsen er usikker på om Kina kan bli straffa i ettertid, men trur det vil bli meir fokus på dei i tida som kjem.

– Det var jo snakk om kampar som betydde enormt mykje for dei. Dei måtte vinne, men tapte neste kamp, derfor kjem dei ikkje seg til OL. Det handlar også om rankingpoeng som kan gi deg plass i store turneringar der det er store pengepremiar. Det same gjeld oss, vi hadde vore topp ti i verda om vi tok oss til semifinalen, seier Trulsen.

Skip Magnus Ramsfjell og det norske curlinggutta

KLAR FOR OL: Noreg tapte for Kina, men oppnådde likevel målet: Billett til OL i 2026. Her er kaptein Magnus Ramsfjell.

Foto: Chris Young / AP / NTB

Noreg tapte til slutt 7–8 for Kina. Trass i exiten i den første utslagsrunden, er nordmennene godt fornøgd med innsatsen.

– Dei spelte bra, og fortente sigeren, meiner Ramsfjell.

– Målet for denne sesongen har heile tida vore OL. Det klarte vi med god klaring. Gutta har spelt bra. På sitt beste er laget ein medaljekandidat, det er viktig for oss. Og vi drar dit som einaste amatørlag, resten er proffar, seier Trulsen.

– Sjølv om det er kjedeleg å ikkje komme heim med ein medalje, så er vi stolte over det vi har gjort. Vi veit at vi kan betre, og har eit mykje høgare toppnivå inne. Om vi får det ut i OL, så blir det skikkeleg bra, avsluttar Ramsfjell.

Her går det galt: – Hele skia er jo borte 01:17

Publisert 07.04.2025, kl. 21.28

Read Entire Article