Vil redusere parkeringskaos på Stegastein og i Lofoten

6 hours ago 3



Det er sommar, og det merkast på turistvegane i Noreg.

I Lofoten blei det på éin kveld i august i fjor telt 365 bubilar berre på strekninga mellom Reine og Kabelvåg. Langs E10 og på andre rasteplassar har villparkering og trengsel irritert både fastbuande og tilreisande.

I Aurland er situasjonen lik. På den smale vegen opp til utsiktspunktet Stegastein er det tett mellom bussar, bubilar og privatbilar.

Det var BT som omtale saka først.

Bilbergar i Viking Lærdal, Anders Tidemann Frydenlund, har lang erfaring med utfordringane på vegen opp til Stegastein.

– Vi rykker ut minst ein gong om dagen i sommarsesongen, fortel han.

Han har sett det meste: punktering, fastkøyring, starthjelp og enkelte bilar som har køyrt i grøfta eller velta.

Stegastein, Aurland

Slik ser det ut langs vegen ved Stegastein i Aurland når det vert fylt opp med bilar.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Nye tiltak: Maks éin time parkering

For å løyse noko av kaoset set Statens vegvesen no i gang to pilotprosjekt – eitt i Aurland og eitt i Lofoten.

På Stegastein i Aurland blir det innført maks ein times parkering i den travlaste tida, frå 10. juli til 15. august. I tillegg skal ein trafikkvert hjelpe til med trafikkavviklinga på utsiktspunktet. Vegvesenet håpar dette vil gi betre flyt og mindre villparkering. Nokon liknande reglar skal også testast ut fleire stadar i Lofoten.

– Begge stader har store utfordringar med turisttrafikken, og då særleg med fricamping og villparkering langs vegen, på rasteplassar og på private område, fortel Trine Kanter Zerwekh i Statens vegvesen.

På Stegastein er parkeringa avgrensa til ein time.

No vil Statens vegvesen innføre strengare parkeringsreglar i Lofoten og Stegastein

Foto: Trine Kanter Zerwekh / Statens vegvesen

Målet er å rettleie turistane til å ferdast på ein trygg og ansvarleg måte, utan å skade naturen eller hindre trafikken.

Men bilbergar Frydenlund er derimot kritisk til om tiltaket vil hjelpe.

– Det løysar ikkje problema med trafikken opp og ned Stegastein. Det handlar ikkje om kor lenge folk står parkert, men at det er for mykje trafikk og altfor få plassar der oppe, seier han.

Kø og kaos i høgsesongen

– Det er stor trafikk kvar einaste dag. Det har vore trafikale utfordringar her i mange år, med mykje rygging og venting, seier Norval Distad. Han er tidlegare ordførar i Aurland, og er ein av dei som bur i nærleiken.

Han rosar Vegvesenet for å ha gjort vegen betre dei siste åra, men meiner det framleis er utfordringar.

– Det er for lite parkeringskapasitet der oppe. Alle tiltak som gir betre flyt er bra, men det viktigaste er å utvide parkeringsplassen, meiner han.

Noralv Distad

Noralv Distad merkar når turistsesongen er i gang ved Stegastein

Foto: Kaia Johnsen Viki

Kaoset på vegen opp til Stegastein har vore tema fleire gonger. I 2022 fortalde NRK om korleis turistbilar køyrde utfor og stengde vegen i timevis.

Statens vegvesen forklarar at før sommaren 2026 er planen å utvide parkeringsplassen på Stegastein slik at det blir større kapasitet.

Tidsavgrensa på fleire rasteplassar i Lofoten

Samtidig som tiltaket ved Stegastein blir sett i verk, innfører Vegvesenet tidsavgrensa parkering på åtte til ni rasteplassar langs E10 i Lofoten. Der vil det bli sett ei grense på to eller fire timar, avhengig av plass og bruk.

Langs fleire av vegstrekningane i Lofoten er det sett opp informasjonstavler, med QR-kodar. Desse førar vidare til eiga nettside vegvesen.no/turist. – der reisande får råd om korleis dei kan ferdast trygt og vise omtanke i trafikken.

– Der finn du også besøksvettreglar, der vi har lagt stor vekt på korleis vi ønskjer at folk skal oppføre seg langs vegen og i naturen, seier Kanter Zerwekh.

Prosjekta blir gjennomført i samarbeid med dei råka ved kommunane, fylkeskommunane, politiet og reiselivsnæringa. Det er kommunane og politiet som har ansvar for å følgje opp parkeringsreglane og skiltinga.

Publisert 04.07.2025, kl. 21.34

Read Entire Article