Vil ikkje bæsje på leggen: – Vi ønsker ikkje lofottilstandar

19 hours ago 5



Mangel på toalett på plassar med mykje turistar har skapt ein del uheldige hendingar.

Både i Lofoten men også i Tromsø har dei gjort seg fleire erfaringar.

Andre turistar har vore endå meir nærgåande.

Margrete Larsen

Nokon vil helst gjere det i hagen til folk.

Turist som gjør frå seg i busskur i Ersfjord

Slik vil ikkje ordføraren i Bø kommune ha det.

Sture Pedersen siktar til nabo-regionen som har hatt problem med dette.

– Vi ønsker ikkje å kome i same situasjon som det Lofoten er i.

Pedersen og resten av kommunestyre har derfor bestemt seg for å gje bort to biotoalett til lag og foreiningar som tilhøyrer Bø kommune.

Til ikkje noko mindre enn 400.000 per toalett.

Stolt over samarbeidet

Bø kommune har allereie kjøpt toalett til eit lag ute i Hovden

– Hovden grendelag hadde lyst å drifte toalett, men kostnadane for å kjøpe toalett blei for høge, seier Pedersen.

Derfor bestemte kommunen seg for å kjøpe inn toalett som grendelaget kunne drifte.

Dei er no i drift i si andre sesong.

En mann med hvit skjorte, blått slips og mørkeblå dressjakke ser rett inn i kamera og smiler.

Foto: Trude Furuly

Men det var ikkje det tanken bak desse to biotoaletta.

Det heile starta med eit feilslått samarbeid mellom Vesteråls-kommunane.

– Vi skulle kjøpe inn toalett som Vesterålen sitt avfallsselskap skulle drifte, seier ordføraren.

Dette blei det i midlertidig ikkje noko av.

Men då fekk Bø kommune den geniale ideen.

– Vi veit jo at lag og foreiningar frå før har laga toalett som dei drifta sjølv. I tillegg hadde vi erfaring frå Hovden grendelag, seier Pedersen

Kanskje var andre lag og foreiningar interessert i det same?

– Eg må jo seie at eg er veldig stolt om vi får til dette samarbeide mellom det frivillige og kommunen.

Eit tett samarbeid

Robert Albin Isaksen er styreleiar i Hovden grendelag.

Han er veldig glad kommunen har vore så behjelpeleg.

– Men også det private næringslivet har vore veldig behjelpeleg, seier styreleiaren.

Dei fekk kjøpe toalett frå Ulrikks eigedom, som kommunen sponsa.

Isaksen er veldig glad for at dei har eit tilbod til både lokale og turistar.

– Har det ikkje vore toalett der, så ser vi at turistar gå på do kor som helst.

– Og det syns ikkje vi, og sikkert ikkje dei heller er noko særleg, seier Isaksen.

Kablene kommer i land i Hovden i Bø kommune.

I Hovden er det ei kritkvit strand, så eit toalett er perfekt å sette opp her. Både for lokale og turistar.

Foto: Christine Fagerbakke

Desse to toaletta har ingen betalingsløysing, slik dei to toaletta kommunen gjev bort no har.

– Vi har dei oppe frå mai til september, og det kostar vel mellom 15.000 og 20.000 å drifte dei.

Men det meiner Isaksen er verdt.

– Vi har ei så flott strand og natur rundt oss, og den må vi ta vare på.

Meldt interesse

Sjølv om kommunen akkurat har annonsert denne moglegheita, så har dei allereie fått førespurnader frå lag og foreiningar.

– Viss dette blir ein suksess, så skal vi ikkje sjå bort frå at vi kjøp inn endå fleire.

Men først må dei få gjeve bort dei to toaletta til ein prislapp på 800.000 kroner.

– Eg håpar vi kan vere til inspirasjon for andre kommunar også, seier Pedersen.

Publisert 13.07.2025, kl. 17.40

Read Entire Article