Vil ha fleire som Emelie: – Livskritisk

4 hours ago 1



– Eg går jo rundt og kjenner på sårbarheitene våre. Eg synst det er skummelt, seier overlege Torunn Apelseth.

Ho er leiaren av Norsk koordineringssenter for blodberedskap (Nokblod). Og ho har grunn til å vere bekymra.

Fire av ti sjukehus har lite blod, og ikkje blodplater på lager. I 2019 kom ein rapport som konkluderte med at blodberedskapen ikkje er god nok. Særleg små sjukehus slit.

Kritisk mangel på blod ved UNN

I dagleg drift klarar vi oss greitt. Men om det skulle oppstått ei større krise eller krig ville vi vore i trøbbel. 

– Vi har eit gap når det gjeld å kunne skalere opp tapping av blod på nasjonalt nivå, i ein større krise eller krigssituasjon, utdjupar ho.

Det er særleg dei minste kommunane som er sårbare. Apelseth seier det kjenst urettferdig at tilbodet er så ujamt over landet.

– Kommuneoverlegen i Vadsø, Britt Larsen Mehml, sa til meg at dei som bur i dei små kommunane i nord er ein viktig del av Noregs forsvar. Då fortener dei behandling på lik linje med andre.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
EKSPERT: Torunn Apelseth er leiar av Nokblod. Dei leiar det nordiske samarbeidsprosjektet mellom Noreg, Sverige og Finland. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Derfor blei «Prosjekt blodberedskap» starta opp. Målet var å kunne gi og tappe blod så raskt som mogleg, uansett kor du bur. 

Prosjektet er ein suksess, og har no spreidd seg til både Sverige og Finland. No ønskjer leiarane av prosjektet å implementere det i fleire stader i Noreg.

Fyrst i verda

På vanlege blodbankar blir blodgivarar kalla inn med nokre månadars mellomrom. Dei gir blod, som blir lagra i blodbankar. Det blir vidare delt i mindre blodkomponentar, som plater og plasma. 

På dei «vandrande blodbankane» til prosjekt blodberedskap er ting litt enklare: Dei har ei liste over førehandsgodkjente nødblodsgivarar og tapparar, som blir ringt i naudssituasjonar. Dei gir og tappar fullblod, som ikkje blir delt opp, og det blir overført med ein gong.

Ein av dei som er på lista er Emelie Svensson (37) frå Alta. Ho har gitt nødblod to gonger.

– Eg har alltid vore blodgivar før, men i Alta var det ikkje blodbank. Det var ein genial moglegheit, seier ho.

Svensson jobbar og som lege, og har gitt nødblod til pasientar på jobben.

 Privat
FULLBOD: Nødblod er ikkje delt i mindre bloddelar som plasma og plater, og er alltid type O. Foto: Privat

– Eg ser at dei gongane eg har gitt blod, så er det livskritisk. Det er det som gjer at pasientane ofte overlev.

Ho forklarar at prosessen går ganske kjapt.

– Dei ringer oss og seier dei har behov for ein blodgivar, så møter me opp omtrent utanfor legevakta. To, eventuelt fire, blir tappa. Så blir blodet brukt ganske umiddelbart.

Ho estimerer at det tok under 30 minutt frå ho blei ringt til blodet var tappa. 

 Skjermdump/privat
MELDING: Her får alle nødblodgivarane i Alta kommune beskjed om at situasjonen har ordna seg. Foto: Skjermdump/privat

– Fekk du ein gåve, som vanlege blodgivarar får?

– Ja, faktisk. Me får velje ein gåve frå blodbanken i Hammerfest. Eg valde ein mummikopp den eine gongen, og eit vinglas den andre.

 Sara Aarøen Lien / TV 2
GÅVE: Når du gir blod kan du velje deg ei gåve. Mummikoppar er populære. Foto: Sara Aarøen Lien / TV 2

Sidan 2022 har det vore tappa nødblod 24 gonger, ifølgje prosjektleiar Bent-Ove Jamtli. Prosessen tek i gjennomsnitt 27 minutt, og rekorden er på 24. Dette inkluderer tida det tek for at tappar og givar kjem til helsenteret, og tida det tek å tappe.

– Det er jo eigentleg ei lav kostnad i forhold til effekt, sånn som vi ser det, seier han.

Fakta om «prosjekt blodberedskap»:

  • «Prosjekt blodberedskap» starta som eit pilotprosjekt i Finnmark i 2021.
  • Det blei laga «vandrande blodbankar» i Alta, Vadsø, Nordkapp og Berlevåg, som alle ligg langt vekke frå store sjukehus med blodbankar. Det har og blitt oppretta på Longyearbyen i Svalbard.
  • Prosjektet er eit bestillingsverk frå Helse- og omsorgsdepartementet.
  • Per i dag er det 110 givarar, og 60 tapparar.
  • Dei har starta ein nordisk samarbeidsprosjekt i Karasjok no, som skal gi blod på tvers av landegrensene. Dei er ferdige med grunnopplæringa.
  • Sverige og Finland er i gang med å lage eigne vandrande blodbankar no.

– Vi grenser alle til Russland

«Blodberedskap» er ikkje eit ord som folk flest er kjent med. Men det har fått meir merksemd den siste tida.

– Trusselnivået generelt er jo aukande. Blodberedskap og problemstillingane rundt det har fått meir fokus fordi vi kjenner sterkare på kroppen at det kan skje noko, seier Apelseth.

Ho viser til både pandemien og krigen i Ukraina. Og vi er ikkje åleine om bekymringane våre: Frå 2020 har vi jobba saman i dei Nordiske landa for å betre vår felles beredskap på blod, både sivilt og militært.

– Dette eit taktisk viktig område. Vi grenser alle mot Russland oppi her. 

Jamtli er einig i at den tryggleikspolitiske situasjonen har endra korleis me tenker om blodberedskap i norden.

– Etter at Sverige og Finland blei med i Nato, såg vi at det var behov for å kunne utveksle blod saumlaust mellom de nordiske landa. Spesielt i nord, seier han.

 Privat
IMPONERT: Jamtli er imponert over kor mange som har engasjert seg som givarar og tapparar. Foto: Privat

No er dei akkurat ferdige med grunnopplæringa for nødtapparar i Karasjok, som grenser til Finland. Vidare kjem Sverige og Finland til å etablere eigne vandrande blodbankar.

– Målet er at vi skal kunne utveksle blod over grensene. Og vi skal kunne utveksle både helsepersonell og blod, og eventuelt blodgivarar.

 Olivier Matthys
NYE TIDER: Dette bilde av dei tidlegare forsvarsministrane og Jens Stoltenberg er frå før Sverige og Finland blei med i NATO. No er begge medlem. Foto: Olivier Matthys

Å samarbeide på tvers av grensene er ein del av totalforsvarsramma til Noreg. Men det er ikkje berre viktig for krigssituasjonar: Det er viktig for å likestille den samiske befolkninga.

– I Karasjok kommune har vi og samiklinikkar som gir helsetenester, ikkje berre til den norske befolkninga, men også til samisktalande befolkning i Finland og Sverige.

– Vi treng nok givarar

Blod er ein knapp ressurs. Det kan ikkje lagas kunstig, og det har ein utløpsdato. Samstundes trengst det i utruleg mange samanhengar.

– Du kan ikkje gjere noko medisinsk avansert behandling utan tilgang på blod.

 Privat
ØVING: Her øver dei på på tappe nødblod i Alta. Foto: Privat

Det gjeld kreftbehandling, stor kirurgi, behandling av brannskadar og ved ulykker. Men også for andre situasjonar, som ved komplikasjonar etter fødsel eller mageblødninger.

Men det er avgrensa kor mykje du blod du kan gje: Under kvar giving kan du berre gje ein halvliter. Og då må du vente 3 månadar til neste gong. 

Apelseth er tydeleg på kva ho ønsker seg vidare for å sikre eit godt og likestilt helsetilbod for framtida.

 Privat
DESENTRALISERT: Apelseth ønsker seg eit «desentralisert blodberedskap» i heile landet: Foto: Privat

– Vi treng, i iallfall i ein periode, øyremerkte middel, sånn at sjukehusa og blodbankane kan byggje gode beredskapssystem hos seg sjølv.

Vidare ønsker ho seg ein ein flokk med «back-up»-nødblodgivare, som kan bli kontakta ved større kriser eller i krig.

– For å få kunne skaffe nok blod trenger vi nok blodgivarar.  Vi må ha eit heilskapleg blodberedskapssystem. Og vi må sørge for, og lage planar for, at det skal vere lik tilgang til blodoverføring, uavhengig av kor du er i Noreg. 

Read Entire Article