Vil fjerne «kvinner» frå likestillings­lova

2 days ago 4



Likestilling har vore oppe til debatt den siste veka.

I Debatten på NRK kritiserte fleire unge kvinner ein likestillingspolitikk som dei meiner har gått for langt.

Dei debatterte mot kvinner som har kjempa for likestillingspolitikken, og som er klar til å fortsette kampen.

Er neste steg i likestillingspolitikken ei kjønnsnøytral likestillings- og diskrimineringslov?

Senterpartiet til borgarleg side

Det meiner eit fleirtal på Stortinget.

– Likestillingslova bør vere kjønnsnøytral fordi den skal famne om alle.

Det seier generalsekretær i Unge Venstre Dina Bovim til NRK.

Tre kvinner som står utenfor Stortinget

Marianne Rossevatn (Sp), Dina Bovim (V) og Oda Røhme Sivertsen (H) vil ha ei kjønnsnøytral likestillings- og diskrimineringslov.

Foto: Jane Rasmussen / NRK

Ved hjelp av Senterpartiet (Sp) dannar borgarleg side fleirtal for å endre lova.

– Senterpartiet kan snakke med dei aller fleste parti. Det handlar om å få gjennomslag for politikk.

Det seier Marianne Rossevatn, organisatorisk nestleiar i Senterungdommen, til NRK.

Nestleiar i Sosialistisk ungdom (SU) Najma Ahmed håpar at Senterpartiet snur.

– Eg synest det er veldig skuffande og håpar verkeleg at Senterpartiet endrar meining og kjem kjemstemme med venstresida.

Portrett av to kvinner som ser alvorlig ut

Najma Ahmed (SU) og Frøya Skjold Sjursæther (MDG) ønsker ikkje ei endring av den noverande likestillings- og diskrimineringslova.

Foto: Jane Rasmussen / NRK

Nestleiar i Grøn Ungdom Frøya Skjold Sjursæther har ikkje tru på at ei lovendilovendring sendar likestillingspolitikken i riktig retning.

– Eg trur ikkje at høgresida kjem til å gjere at likestillinga i Noreg går framover – heller tvert i mot, seier Sjursæther til NRK.

  • portrett av kvinne

    Jane Rasmussen / NRK

    Oda Røhme Sivertsen, nestleiar i Unge Høgre

    Sivertsen meiner at likestillingslova må romme både kvinner og menn.

    – Dersom likestillingsdebatten skal ha legitimitet, må det handle om likestilling, og ikkje berre kva vi skal gjere for å løfte kvinnene. Vi må få med oss mennene.

    – Eg meiner derfor at det er heilt riktig at vi no skal likestille likestillingslova, og ta både kvinner og menn med i ho.

  • Portrett av kvinne ute.

    Jane Rasmussen / NRK

    Frøya Skjold Sjursæther, nestleiar i Grøn Ungdom

    Sjursæther meiner at lova ikkje bør bli endra.

    – Lovverket vårt skal reflektere realitetane i samfunnet. Kvinner lever framleis under konsekvensane av at vi i ganske mange år har levd i eit mannsdominert samfunn i Noreg.

    MDG-politikaren peikar på konsekvensar som vald og overgrep mot kvinner.

    – Menn har eit vern i likestillingslova fordi vi er mot diskriminering av kjønn uansett.

  • portrett av kvinne

    Jane Rasmussen / NRK

    Marianne Rossevatn, organisatorisk nestleiar i Senterungdommen

    Senterungdommen er samd med dei borgarlege partia.

    – Det er viktig å framleis løfte kvinna og kjempe for at kvinner skal ha like moglegheiter. Samstundes blir menn gløymde på ein del område vi må ta tak i.

    Rossevatn viser til at menn toppar statistikken for sjølvmord, og at gutar kjem dårlegare ut enn jenter i skulen.

    – Derfor er det riktig med ei kjønnsnøytral likestillingslov.

  • portrett av kvinne

    Jane Rasmussen / NRK

    Najma Ahmed, nestleiar i Sosialistisk ungdom

    Najma Ahmed er skuffa over at Senterungdommen er samd med dei borgarlege partia når det gjeld likestillingslova. Ho ønsker å behalde lova slik den er.

    – Dersom vi fjernar den delen av lova gjer vi dei skeivskapane som vi ser i samfunnet i dag usynlege. Det er med på å svekke likestillingskampen.

    Ahmed er tydeleg på at dagens lov rommar alle.

    – Likestillingslova i dag gjeld for alle kjønn.

  • portrett av kvinne

    Jane Rasmussen / NRK

    Dina Bovim, generalsekretær i Unge Venstre

    Unge Venstre trur at ei lovendring kan bidra inn i likestillingskampen.

    – Vi har ikkje komme langt nok i likestillinga, og det skal vi alltid jobbe for. Men det er lov å sjå på det frå fleire sider.

    – Likestillingslova bør vere kjønnsnøytral fordi den skal femne om alle.

    For Bovim er det viktig at alle som blir utsett for diskriminering er romma av lova.

  • ein kvinne som smiler til kameraet

    Marius Revold / nrk

    Ingrid Olina Hovland, leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom

    Påtroppande leiar i KrFU meiner at vi må sjå alle menneske og deira utfordringar.

    – I dag får kvinner støttehjul i lovverket, men fleire grupper i samfunnet kan ha utfordringar.

    Hovland er positiv til ei lovendring.

    – Det er på tide at alle blir behandla likt i lovverket.

  • ein kvinne som sit ved et skrivebord

    Marius Revold / nrk

    Angelika Bjørnerud, leiar i Oslo FpU

    Bjørnerud er samd med Hovland om at lova må bli endra.

    – Vi skal ikkje leve i eit samfunn der menneske blir diskriminert på bakgrunn av kjønn. Eg ønsker meg eit fritt samfunn der alle menneske skal starte på den same startstreken.

    – Då seier det seg sjølv at vi treng ei likestillingslov som er kjønnsnøytral.

Kjønnsnøytral likestillingslov i Sverige og Danmark

Noreg fekk si første likestillingslov 9. juni 1978.

I dag har vi likestillings- og diskrimineringslova.

8.mars 1982

Biletet er frå markeringa av kvinnedagen og 8. mars-toget i Oslo i 1982.

Foto: NTB scanpix

Formålet er «å fremme likestilling og hindre diskriminering» – blant anna når det gjeld kjønn.

Samstundes tar lova «særleg sikte på å betre kvinners og minoritetars stilling».

Det er denne setninga i første paragraf politikarar på borgarleg side vil ha bort.

Kvinner som snakker sammen

Borgarleg side ønsker ei kjønnsnøytral likestillingslov.

Foto: NRK

I motsetning til våre svenske og danske naboar, har ikkje Noreg ei kjønnsnøytral likestillings- og diskrimineringslov.

Både svenskane og danskane har lovfesta at lova sitt formål er å «fremme likestilling mellom kvinner og menn».

Frøya Skjold Sjursæther (MDG) trur ikkje at løysinga i likestillingspolitikken er å sjå til naboane våre.

– Det tenker eg er ein dårleg politikk fordi dei ikkje tar inn over seg realitetane. Kvinner er i større grad utsette for å bli diskriminert på grunn av kjønnet.

Talar gutane si sak

Den kanadiske professoren i psykologi Jordan B. Peterson har i mange år vore sett på ein som talar gutane si sak.

– Det er veldig vanskeleg for menn å tale si sak utan å høyrast ynkelegare ut. Særleg når dei diskuterer tema med sinte kvinner.

Det sa Peterson til NRK i 2018, då han besøkte Oslo i samanheng med ei boklansering.

Dr. Jordan Peterson

Den kanadiske professoren i psykologi Jordan B. Peterson besøkte Oslo i 2018.

Foto: Redux

For mange gutar verda over har Peterson blitt ein slags helt, som kritiserer føre­stillinga om at menn undertrykker kvinner.

– Det er nok menn som kjenner skyld på grunn av sin privilegerte, patriarkalske posisjon, sa Peterson.

– Ein av konsekvensane er at gutar og unge menn ikkje blir oppmuntra til å yte sitt beste. Vi kjem til å måtte betale dyrt for det, la han til.

Kjønnskampen hardnar til. Kvinnedagen mobiliserer meir enn nokosinne. Komikaren Sigrid Bonde Tusvik kallar sutrete menn for usexy. Maskuliniteten er under angrep, seier den verdskjente psykologen Jordan B. Peterson, og gutane flokkar seg rundt ham. Kva skjer i likestillingslandet Noreg?

Publisert 27.09.2025, kl. 22.10

Read Entire Article