Vil etterforske Elon Musk - gir millionar til amerikanske veljarar

1 month ago 27



Teknologi-gründeren og milliardæren Elon Musk reiser i desse dagar rundt i vippestatane i USA. Det er berre veker til USA får ny president.

Musk har oppretta si eiga kampanje America PAC som støtter Donald Trump i presidentkampen.

Han har derfor gitt ut vervepremiar og lodda ut ein million kroner dagleg til veljarar som registrerer seg i ein av vippestatane.

Veljarane må også signere eit opprop som går ut på å bevare retten til å ytre seg og til å bere våpen.

Senate Candidate Dave McCormick Joins Elon Musk For Town Hall In Pittsburgh

Kristine Fishell fekk utdelt ein million dollar under eit valkamparrangement 20. oktober i Pittsburgh, Pennsylvania.

Foto: MICHAEL SWENSEN / AFP

Det har fått fleire til å reagere på om dette i det heile tatt er lovleg.

Laurdag denne veka annonserte Musk lotteriet som skal gjelde for veljarar i sju vippestatar, mellom anna Pennsylvania, Georgia og Nevada.

Musk tilbyr også 47 dollar til dei som skriv under på oppropa, som også gir tilgang til Musk sine eigne valkamparrangement.

Republican presidential nominee Trump returns to the site of the July assassination attempt against him, in Butler

Elon Musk heldt tale på Trump sin valkamparrangement i Pennsylvania tidlegare i oktober.

Foto: Brian Snyder / Reuters

Ber justisministeren om etterforsking

«Vi har ikkje sett liknande i moderne politiske historie». Slik startar brevet frå elleve tidlegare republikanske byråkratar, rådgjevarar og tilsette i justisdepartementet.

Dei har bedt justisminister Merrick Garland om å undersøke om dette er i strid med stemmelovgivinga, skriv The Washington Post.

Justice Visa Antitrust

Justisminister Merrick Garland har ikkje sagt noko om dei vil sjå nærare på valkamp-stuntet.

Foto: Mark Schiefelbein / AP

Ifølgje avisa har justisdepartementet stadfesta at dei har mottatt brevet.

Dei hevdar at dette bryt med landsdekkande stemmelovgiving som seier at det ikkje er lov å betale folk for å stemme.

Dersom det viser seg at det stemmer at Musk har brote lova, så risikerer han ei bot på 10 000 dollar og opp til fem år i fengsel.

– Urovekkande

Guvernøren i Pennsylvania Josh Shapiro meiner av Musks valkampstunt er urovekkande og at dette er noko som retten burde sjå nærare på.

I eit intervju med NBC seier han at Musk openbert må kunne få støtte Trump og få uttrykke standpunkta sine.

U.S. Vice President Kamala Harris and Pennsylvania Governor Josh Shapiro visit the Reading Terminal Market in Philadelphia

Presidentkandidat Kamala Harris og Josh Shapiro.

Foto: Kevin Mohatt / Reuters

– Eg nektar han ikkje det, men når du byrjar å strøyme denne typen pengar in i politikken, trur eg det stiller alvorlege spørsmål.

Sjølv om Musk har sagt at han støtter Trump, så gjeld lotteriet for alle som registrerer seg som veljarar i desse statane. Ein treng heller ikkje å stemme i valet, berre registrere seg, har han presisert på X i etterkant av kritikken.

Musk har gitt over 75 millionar dollar til America PAC for å støtte Donald Trump i valkampen.

Publisert 22.10.2024, kl. 07.04 Oppdatert 22.10.2024, kl. 07.22

Read Entire Article