– Eg betyr ingenting i den kampen her. Men om folk ser kva eg har gjort og får lyst til å gjera noko, då har eg utretta noko.
Det seier Vigdis Bjorvand. I sommar reiste ho med den norske fiskebåten Handala som ein del av Freedom Flotilla. Ein internasjonal aksjon for å bryte den israelske blokaden av Gaza. Etter sju dagar til havs vart båten borda av israelske styrkar, og Bjorvand hamna i isolat i israelsk fengsel.
Medan ho sat i fengsel, vart historia hennar delt. Bilete av Vigdis med redningsvest frå båten spreidde seg raskt i sosiale medium. I kommentarfelta vart ho omtalt som «Queen Vigdis» og «En levande legende».
Blant anna har innlegg frå @gazafreedomflotilla om Vigdis sitt engasjement fått over 70 000 likes, og eit innlegg frå kontoen @utlending.memes fått 30 000, og delt vidare 1300 gonger.
Instragram-innlegget til kontoen @utlending.memes, styrt av komikar Javad El Bakali.
Foto: Skjermdump / Instagram– Kanskje folk ser at den vanlege bestemora på gata, som meg, kan gjere noko. Me kan alle bidra til noko, seier ho.
Ein utypisk deltakar
– Eg trur det viktigaste er at ho er ein litt utypisk deltakar. Ho er ei vaksen dame, på 70 år, som gjer noko så dramatisk. Dreg med ein båt mot Gaza, som ein på førehand måtte rekne med blei stoppa og hanka inn, seier Eli Skogerbø, professor ved Institutt for medium og kommunikasjon på Universitetet i Oslo, om engasjementet på nett.
Eli Skogerbø
Professor ved Institutt for medium og kommunikasjon
Ho meiner Vigdis skil seg ut i ei sak som rører ved store delar av befolkninga.
– Ho gjer faktisk noko med det. Og så blir ho fengsla for å drive solidaritetsarbeid. Så om ein ser på heilskapen, forklarar nok det mykje.
Skogerbø peikar på at sosiale medium fungerer som ein kanal der folk kan vise støtte, særleg i situasjonar der ein kjenner seg makteslaus.
– Når ein ikkje kan gjera noko anna, kan ein i alle fall engasjere seg på sosiale medium. Det er staden folk flest kan gå med sine reaksjonar på eit slikt engasjement som Vigdis har vist, seier ho.
Her kjem Vigdis Bjorvand til Noreg etter båtreisa og arrestasjonen.
Foto: Knut Brendhagen / NRKHo meiner det ikkje handlar om behovet for heltar, men om attkjenning.
– Eg trur det er betre å seie at me identifiserer oss meir med dei som liknar på oss sjølve. Ho er eit menneske som gjer det mange skulle ynskje at dei kunne gjere. Alle kan jo ikkje dra på ein båt til Gaza. Men ho gjorde det, då blir ho ein representant for noko som folk støttar.
– Ho er ein annan type demonstrant. Greta Thunberg vart òg tatt, men denne gongen var det ein heilt vanleg norsk dame, avsluttar professoren.
Frå Kongsberg til Gaza
Vikthoria Osaland Gjermundsen kommenterte på innlegget til @utlending.memes. Ho meiner historia til Bjorvand gjer inntrykk nett fordi ho verkar så vanleg.
– Eg trur fordi ho er ei heilt vanleg dame frå Kongsberg, får ho folk til å opne auga. For det Israel gjer no, er noko som burde gå inn på oss alle, og som alle burde kjempe imot. Ho minner meg i alle fall på det, seier ho.
Vikthoria Osaland Gjermundsen
Ho trur at det motet Vigdis har vist, treffer ei nerve hos mange.
– Hennar mot til å ta saka i eigne hender, i eit forsøk på å nå fram med nødhjelp, medan dei med makta er for feige til å bruke si makt mot Israel. Det er slik handling me treng.
Gjermundsen meiner den store merksemda og støtta vil bli lagt merke til.
– Den straumen av telefonsamtalar folk tok for å leggje press på Noreg for å få ho trygt heim, vel eg å tru sette spor hos politikarane våre.
– De blir ikkje kvitt meg!
Bjorvand har vore engasjert i Palestina-saka sidan 1976, då ho vart aktiv i Palestinakomiteen. Og sjølv om aksjonen ikkje nådde Gaza, meiner ho merksemda er verdifull.
– Sjølv om ein kan kalle det mislykka så var det jo ikkje det. For me fekk veldig mykje merksemd. Kanskje folk ser at det vanlege bestemora på gata, som meg, kan gjere noko. Me kan alle bidra til noko.
Sambuaren var glad for å sjå Vigdis då ho kom heim førre veke.
Foto: Knut Brendhagen / NRKOg engasjementet og kampviljen har berre auka etter reisa.
– Om eg får tilbod om ein ny båt, så klarar eg ikkje seie nei. Då kan eg peike nase til vektarane om eg hamnar i same fengsel. De blir ikkje kvitt meg!
Publisert 06.08.2025, kl. 13.12 Oppdatert 06.08.2025, kl. 14.33