Da Jürgen Klopp sjokkerte fotballverda i januar ved å seie at han ikkje fortsette som Liverpool-manager, trudde nok dei færraste at det skulle påverke norsk fotball.
Men da må du tru om igjen.
Vi kjem straks tilbake til den bisarre forklaringa.
Anfield-avgjerd påverka Oslo øst
Vålerengas kvinner tok seg til gruppespelet i Meisterligaen førre veke. På trenarbenken jubla hovudtrenar Nils Lexerød med ein annan assistenttrenar enn han hadde for berre få månader sidan.
Assistenttrenar Joakim Klæboe forsvann nemleg til Sarpsborg 08 i sommar.
– Det som er litt morosamt med den Joakim Klæboe-historia er at ho begynner med Jürgen Klopp, seier Lexerød i podkasten VPN.
Så korleis kunne Klopps avgjerd ha ein innverknad på det som skjedde på Oslo øst – over 110 mil unna Anfield?
For å finne svaret må vi på ein rundtur i Europa som inneheld ein trenarkabal av dei sjeldne.
Dominoeffekten starta med at Klopp 26. januar annonserte at han skulle gi seg i Liverpool etter sesongen.
Klopps dominoeffekt
- Arne Slot drog til Anfield frå Feyenoord for å erstatte Klopp.
- Feyenoord henta Brian Priske frå Sparta Praha for å fylle rommet etter Slot.
- Sparta Praha signerte Jens Berthel Askou frå IFK Göteborg som ny assistent.
- IFK Göteborg erstatta Askou med Stefan Billborn frå Sarpsborg 08.
- Sarpsborg 08 signerte Christian Michelsen.
- Christian Michelsen trong ein assistent og henta Joakim Klæboe, som på det tidspunktet var assistenten til Nils Lexerød i Vålerenga.
Det sørgde dermed for eit behov for ein ny assistent i Vålerenga. Trenar Lexerød og VIF henta Aleksander Olsen frå Brann.
– Det har ikkje påverka oss noko meir enn at Aleksander eigentleg er siste ledd i den kjeda som utløyste seg med at Jürgen Klopp slutta i manager for Liverpool, seier Lexerød.
– Det resulterte i at Sarpsborg henta Joakim Klæboe hos oss etter mange, mange ledd, samanfattar Vålerenga-trenaren.
Håpar på Klopp-møte
Joakim Klæboe er godt kjent med dominoeffekten, som starta med Klopp, før NRK tar ein telefon.
– Det er vel sånn det er i fotballen og yrkeslivet generelt. Ting på toppen kan forplante seg lenger ned. Da Klopp slutta, var ikkje det første eg tenkte at eg skulle hamne i Sarpsborg 08. Eg synest det er artig å vere ein del av ei sånn historie og føljetong.
– Eg hadde ikkje brydd meg om eg ikkje hadde vore så inspirert av Klopp, seier Klæboe.
For forutan å ha felles initialar som Jürgen Klopp, altså «J.K.», har Joakim Klæboe også henta mange idear frå spelestilen til tyskaren i Liverpool.
– Hadde du vore i Sarpsborg 08 i dag utan Klopp?
– Eg trur ikkje vi skal dra dei linjene så langt, men ein veit aldri. Med fasit i handa er det rett, så det er ei artig historie. Skulle eg vere så heldig å møte han ein gong, så må eg passe på at eg drar opp den historia, humrar Klæboe.
Lykkeleg slutt
Tilbake på Valle Hovin i Oslo har Klæboe altså blitt erstatta av Olsen. Den nye assistenten blei henta frå Brann, og var med på Meisterliga-eventyret for bergensarane førre sesong, der Anderlecht blei slått 3–0.
Nå kunne han feire ein ny siger over Anderlecht med eit nytt Meisterliga-eventyr i vente. Ringen er slutta.
Men nokon takk frå norsk fotball får neppe Klopp.
– Eg er litt usikker på om Klopp tar telefonen viss eg ringer med det norske nummeret mitt, men eg er veldig glad for å vere her. Det er ei artig greie å tenke på, smiler Olsen.
Dermed fekk historia ein lykkeleg slutt for alle partar. Også Klæboe.
– Eg vil takke for tida i Vålerenga og er veldig glad for at dei er i posisjonen dei er i. Eg er stolt over å ha vore med på det – med eller utan påverking av Jürgen Klopp, avsluttar Klæboe.
Publisert 03.10.2024, kl. 05.31