Jeswanthiny P. Mayooran
Overlege, Akuttpsykiatri
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Mai er den lyse og lette månaden, det er tid for feiring og fest, men mai er også månaden for å retta blikket mot psyken vår, også kalla «mental health awareness.» Noko som kanskje fell litt i skuggen av alt det andre lyse og gode vi assosierer med mai.
Dette er ei markering som har eksistert sidan 1949. Fokuset er å gjere befolkninga bevisst rundt psykisk helse, som lenge har, og framleis har mykje stigma knytt til seg.
«Sjå på meg. Korleis kunne dette skje? Tenk at eg har enda opp her.» Som overlege og spesialist i psykiatri møter eg mange menneske som kjenner på skam og nederlag over å bli innlagt eller å måtte oppsøkje hjelp i psykisk helsevern. Vi lever i eit samfunn som heile vegen pushar oss til å prestere, jobbe hardare, ha perfekte CV-ar og plettfrie liv.
Den eksterne drivkrafta, samsvarar sjeldan med den indre motoren. Psykiske problemstillingar aukar. Akutte innleggingar aukar. Ofte har det gått for langt, før ein i det heile tenkjer at dette kan dreie seg om psykisk helse. Vi er ei befolkning, eit samfunn, med eit stigande tal av psykiske problemstillingar. Vi formar eit samfunn, som legg til rette for dette. Mekaniske og ein struktur som set fram den raude løparen, for eit svært individualistisk samfunn.
«Det var sjeldan eg gjekk ein dag, utan å treffe venar eller familie. Det materialistiske jaget her og det planlagde samfunnet, køyrer over ofte den genuine kontakten som var i fokus då eg vaks opp. Det å vere der for ein venn, bare for å vere der.» Dette er utsegn mannen min har kome med. Han er født og vaksen opp i Sri Lanka.
No er det avgrensa kva vi kan gjere med struktur og politikk i samfunnet. Men samtidig er det også mykje vi kan gjere noko med. Stigmaet knytt til psykisk helse, vil nok vere der, som eit tjukt, svart teppe, i mange år framover. Men balansen mellom det ytre og det indre er noko vi kan jobbe med, trass i dette. Enten oppsøkjer vi profesjonell hjelp, eller så vel vi å la det tunge bygge seg opp i skjul.
Finst der ein middelveg? Korleis kan vi i takt med eit teknologisk og individbasert samfunn, skape rom for å førebyggje psykiske lidingar? Utfordringar er jo ein del av livet, men å kunne handtere dei, jobbe med dei, og finne løysningar for å unngå forverring, er ikkje ei sjølvfølge i dagens tid.
Dette er berre ein månad for å gjere oss bevisst rundt psyken vår. Noko så grunnleggjande i oss alle; byggjeklossane i både perspektiv og meistring av liva våre. Men tenk om vi alle kunne vere bevisst rundt dette, året rundt. Det må vel vere målet!
Publisert:
Publisert: 14. mai 2026 13:33

3 days ago
12









English (US)