Vi må bruke dette høvet til å løfte kollektivtransporten

1 month ago 19



Vedtaket i bystyret sist onsdag om byvekstavtale sikrar statleg støtte til kollektivtransporten i regionen.

Foto: Torbjørn Witzøe

No er det viktig at prosjektleinga for avtala og Agder kollektivtrafikk (AKT) raskt kjem på bana med ein offensiv strategi for å styrke busstilbodet i området. Vi må ikkje skusle bort dette høvet til å få ein ny giv for kollektivtransporten.

Nyleg kunne vi her i avisa lese eit intervju med prosjektleiaren for bypakka, Hans Munksgaard. Der blei det gitt inntrykk av at Gartnerløkka var i sentrum for merksemda dei første åra, og at kollektivsatsinga ville komme etter kvart. Gartnerløkka er diverre vedtatt, og det er forståeleg at utbygginga skaper utfordringar for trafikken. Men nettopp derfor bør vi komme raskt i gang med eit forbetra busstilbod slik at folk kan velge bussen når det tetnar til. Det må stillast klare krav om at det blir lagt godt til rette for bussen gjennom Gartnerløkka i utbyggingsperioden.

Bystyret har ved fleire høve vedtatt at kollektivsatsinga må få prioritet tidleg i avtaleperioden for bypakka. I desember 2021 gjorde bystyret følgjande vedtak: «Tiltak for kollektivtransport, sykkel og gange prioriteres tidlig i perioden. Kollektivtilbudet skal forbedres senest fra det tidspunkt bomtaksten økes.» Formålet var å bruke merksemda kring avtala til å skape eit engasjement som kan gi eit varig løft for kollektivtransporten.

AKT og styret og administrasjonen for byvekstavtala må snarast komme saman og presentere ein strategi for å følgje opp vedtaket frå 2021. Vi må bruke dette høvet til å løfte kollektivtransporten og ikkje drukne i arbeidet med Gartnerløkka. Sjølv om det tar tid å realisere fysiske kollektivtiltak, treng vi ikkje vente med å styrke busstilbodet.

Read Entire Article