Vi har undersøkt 669 ansattes erfaringar med Helseplattformen. Flere funn er tydelig negative.

1 month ago 22



Systemet blei vedtatt kjøpt inn av Helse Midt-Norge og Trondheim kommune, der det vart tatt i bruk ved St. Olavs hospital (bildet) i 2022. Foto: Gorm Kallestad, NTB

Det som kjem fram i undersøkinga vår, tyder på at Helseplattformen har bidratt til sterk menneskeleg slitasje hos dei tilsette ved sjukehusa i Møre og Romsdal.

Publisert: 26.03.2025 07:00

11. mars vart det lagt fram ein forskingsrapport basert på ei undersøking om erfaringar med Helseplattformen (HP) blant 669 tilsette ved dei fire sjukehusa i Helse Møre og Romsdal.

Funna er svært tydeleg negative med tanke på kva konsekvensar bruk av HP har når det gjeld tidsbruk, tid til pasientbehandling, pasientinformasjon, legemiddelhandtering, rekruttering og tillit til Helseplattformen og til overordna organ som har innført plattforma.

Solberg-regjeringa opna for å prøve ut systemet

Den elektroniske helsejournalen som Helseplattformen bygger på, er utvikla av det amerikanske firmaet Epic, og målbiletet er uttrykt som «én innbygger - én journal».

Forsking på bruk av journalsystemet i Danmark i 2016-17 og Finland i 2018-22 indikerte brukarproblem med systemet. Den førre borgarlege regjeringa (Solberg-regjeringa) opna likevel for å prøve ut dette systemet med tanke om at det kanskje kunne brukast i heile Noreg. Det blei vedtatt kjøpt inn av Helse Midt-Norge og Trondheim kommune, der det vart tatt i bruk ved St. Olavs hospital i 2022.

Helseplattformen vart så innført av Helse Midt-Norge også i Helse Møre og Romsdal 27. april 2024 trass i at Helse Møre og Romsdal bad om utsetjing.

På oppdrag for Møre og Romsdal Legeforening har forskarar ved Høgskulen i Volda (HVO) undersøkt tilsette i Helse Møre og Romsdal sine erfaringar med HP. Vi som skriv denne kronikken, har gjennomført denne studien.

Undersøkinga omfattar 669 tilsette

Intensjonen var å ha med alle dei sentrale faggruppene ved sjukehusa: legar, sjukepleiarar, radiografar, administrativt tilsette, bioingeniørar og ein del andre faggrupper organisert i FF.

Kontakt med organisasjonane sine fylkesnivå viste positiv interesse for å delta, men spørsmålet vart sendt til toppleiinga hos Norsk Sykepleierforbund og bioingeniørane, som valde ikkje å delta.

Undersøkinga omfattar legar, radiografar, administrative og andre tilsette (kliniske spesialpedagogar, kliniske sosionomar o.a.), i alt 669 tilsette. Datainnsamlinga vart gjennomført i perioden januar-februar 2025.

Svara gir etter vår vurdering godt grunnlag for å konkludere om desse faggruppene sine erfaringar med HP gjennom eit knapt år. Vi vil presentere dei viktigaste funna frå rapporten.

Går ut over pasienttryggleiken

Svært mange svarar at å operere med HP er tidkrevjande, og at dette går ut over pasientbehandlinga. Særleg er det mange som erfarer at utfordringane med legemiddelhandtering er så store at det går ut over pasienttryggleiken. Tidsbruken på å manøvrere i journalsystemet gjer at det vert mindre tid til pasientbehandling.

Svara i undersøkinga indikerer utfordringar med å halde på tilsette. Seks av ti tilsette har vurdert å slutte, søke annan jobb, har slutta, er sjukmelde eller har pensjonert seg tidlegare enn planlagt på grunn av HP. 39 prosent svarar at dei ikkje har vurdert å slutte i stillinga på grunn av HP.

Undersøkinga viser at 94 prosent av dei tilsette fryktar at utgiftene som følgjer av HP, vil føre til at institusjonar eller avdelingar i helseføretaket må leggjast ned.

Sterk menneskeleg slitasje

Tillit mellom helsearbeidarar og deira overordna organ er viktig. Misser ein tillit til dei som styrer helsevesenet, vil det tappe energi og ressursar frå primæroppgåvene - og dermed gå ut over pasientane. Undersøkinga viser at nærare 80 prosent av dei tilsette har lite tillit til at HP vil fungere betre om fem år.

Tilliten til leiinga, særleg i Helse Midt-Norge, men og til Helse Møre og Romsdal, er svekka. Det same gjeld tilliten til statsråden. Ei mogeleg tolking er at tilsette opplever at Helse Møre og Romsdal har vore meir lojale oppover i systemet enn mot eigne tilsette, og at engasjementet for å ta fatt i problemet, har vore for lite frå statsråden. Riksrevisjonen har også kritisert dei styrande si rolle ved innføringa av HP.

Det som kjem fram i undersøkinga, tyder på at Helseplattformen har bidratt til sterk menneskeleg slitasje hos dei tilsette ved sjukehusa i Møre og Romsdal. Kommentarar som er gitt på eit ope spørsmål i undersøkinga, stadfestar det.

Såleis kan det vere grunn til å stille spørsmål ved om politiske mål om likeverdige helsetilbod kan realiserast når følgjene av eit journalsystem er slik som denne undersøkinga viser.

De følgende har skrevet innlegget:

Kåre Heggen, professor emeritus, prosjektansvarleg

Randi Bergem, dosent

Bjarte Folkestad, professor

Tor-Johan Ekeland, professor emeritus

Alle ved Høgskulen i Volda

Read Entire Article