Vi har inga tid å miste

1 month ago 27



Bilde av SVEINUNG ROTEVATNSVEINUNG ROTEVATN

nestleiar i Venstre

Det nedrige angrepet frå Donald Trump og J.D. Vance på Volodymyr Zelenskyj i Det ovale kontor 28. februar var historisk og dramatisk.

Men også symptomatisk for ein president og ein visepresident som oppfører seg som leiarar for ein mafiaorganisasjon, ikkje som leiarar for den frie verda.

Det nye er at dei gjer det for ope kamera, etter eige val, og med ein situasjonen som openbert var kalkulert og framprovosert av amerikanarane sjølve.

Men allereie før denne hendinga var vasskiljet eit faktum. Det er særleg verdt å merke seg kva Tyskland sin påtroppande forbundskanslar, den konservative USA-venen Friedrich Merz, uttalte på valkvelden 23. februar:

“Min topprioritet vil vere å styrke Europa så raskt som mogeleg, slik at vi, steg for steg, kan oppnå sjølvstende frå USA (...) Eg trudde aldri eg ville måtte seie dette på TV. Men etter Donald Trump sine utsegner førre veke, er det klart at amerikanarane, i alle fall denne delen av amerikanarane, denne administrasjonen, i stor grad er likesæle med lagnaden til Europa”.

Med dette omfamnar no Tyskland den klassisk franske (gaullistiske) tenkemåten om strategisk autonomi for Europa. Hjula kan byrje å rulle fort. Og det må dei då også gjere.

Å aktivt kutte banda til USA er det ingen som ønskjer, eller bør ønske. Men å basere seg på at Trump-administrasjonen skal vareta europeiske sikkerheitsinteresser er naivt, for ikkje å seie dumdristig. Og då er det berre eitt alternativ igjen: Vi må sikre oss.

Den gode nyheita er at det er Europa i stand til. EU-landa har tre gonger så stort folketal som Russland, og meir enn ti gonger så stor økonomi.

Forsvarsbudsjetta er om lag jamstore, men då samanliknar vi eit nær fullmobilisert Russland, som har omstilt til ein krigsøkonomi, og europeiske statar som framleis ikkje er i nærleiken av å ha rusta opp det dei både kan og bør gjere i lys av situasjonen.

I tillegg til alt dette kjem Storbritannia, som i seg sjølv er ein betydeleg økonomi og ikkje minst ei sterk militærmakt, og som heldigvis ser ut til å orientere seg meir og meir tilbake mot EU etter regjeringsskiftet i fjor.

EU har lenge bygd ut sitt forsvars- og sikkerheitssamarbeid. Det har på ein god måte supplert NATO-samarbeidet, og hatt stor betydning mellom anna i handteringa av Ukraina-krisa.

No må ein ta dei neste stega.

Det er maktpåliggande å raskt få opp ammunisjonsproduksjonen, å straumlinjeforme våpensystem og å få opp kapasitetar som ein i dag manglar, og som gjer at kvar større militæroperasjon i praksis er avhengig av amerikanske assistanse og koordinering.

Det gjeld særleg kapasitetar innanfor logistikk, transport og etterretning. 

 Lise Åserud / NTBPÅ TIDE Å LEIE: – Eg tvilar ikkje på at både Jonas Gahr Støre og Erna Solberg ønskjer EU-medlemskap. No er det på tide å leie an og jobbe for det. Foto: Lise Åserud / NTB

Dette blir den store diskusjonen på vårt kontinent i tida framover. Kva er norsk politikk sitt svar? Statsminister Jonas Gahr Støre gjer for tida ein viktig diplomatisk jobb for Noreg og vår deltaking i ein samordna europeisk respons.

Men han har så langt utelukka å setje EU-spørsmålet på dagsorden her heime. Ikkje berre i denne stortingsperioden, men også i neste stortingsperiode.

I eit tid med enorme utanrikspolitiske omveltingar skal vi altså ikkje diskutere det viktigaste utanrikspolitiske spørsmålet for Noreg — i resten av dette tiåret.

Som Frøy Gudbrandsen skriv klokt i VG laurdag: Det går ikkje.

Å tenkje at eit NATO dominert av USA og ei lang rekkje ad hoc-samarbeid med andre land i og utanfor EU skal vere tilstrekkeleg for å sikra Noregs interesser i all framtid, slik Trygve Slagsvold Vedum gjer i sitt svar til henne, er i beste fall naivt.

Eg tvilar ikkje på at både Jonas Gahr Støre og Erna Solberg ønskjer EU-medlemskap. No er det på tide å leie an og jobbe for det.

Sjølvoppfyllande profetiar om at «diskusjonen blir for polariserande» eller «vi kan ikkje risikere eit nei for tredje gong» er rett og slett ikkje godt nok lenger. Vi må prøve.

Noreg har klart seg bra etter neiet i 1994. Men det må understrekast: Vi har klart oss bra gjennom det som har vore ein historisk fredeleg periode, prega av samarbeid, godvilje og eit samla Vesten.

No skal vi inn i langt meir uroleg farvatn, og vi treng dei venene og alliansane vi kan få.

EU er den mest openberre, og den viktigaste. Det er nemleg ein grunn til at Donald Trump mislikar EU. Det er fordi å stå saman i ein union vernar den enkelte stat, særleg småstatar, mot å bli bølla rundt av stormakter og bli spelt opp mot kvarandre.

Saman har EU styrke til å både svare kraftfullt, og forhandle på like vilkår. Åleine har sjølv ikkje Tyskland styrke nok til dette. Det er ein grunn til at finansministeren stadig åtvarar mot den skvisen Noreg kan risikere å hamne i, når tollkrigen startar for fullt.

Er du bekymret for Norges sikkerhet uten EU? aJa, veldigbNoe bekymret c Ikke bekymret

Det er vanleg blant EU-tilhengarar å seie at mykje har endra seg sidan 1994. Det er sant. Men eg trur det er vel så viktig å no sjå alt som har endra seg sidan 2024.

Eg har vore for EU heile mitt vaksne liv, og det er sikkert nei-folk som no vil skulde meg for å opportunistisk strigle den kjepphesten eg uansett ønskjer å ri.

Eg ber likevel alle som er mot EU, og ikkje minst alle som er tvilande, å sjå rundt seg no og reflektere over følgjande spørsmål: Kva kan best sikre norske interesser — demokratiske, sikkerheitsmessige og økonomiske — i åra framover?

Dersom svaret er noko anna enn EU-medlemskap, så respekterer eg det. Men eg trur norske veljarar toler ein vaksen diskusjon om dette spørsmålet.

Og dei fortener ei regjering som gir dei mogelegheit til å ta stilling.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til debatt@vg.no.
Read Entire Article