Det norske helserefusjonssystemet er bygd på tillit. Det betyr at Helfo tar utgangspunkt i at helsepersonell sender riktige krav, skriv dei på sine nettsider.
Det er ein forutsetning at dato og tidspunkt for behandlinga skal fremgå av refusjonskravet, opplyser Helfo.
Ved innsending av refusjonskrav blir det gjennomført automatiske kontrollar for å unngå feilutbetalingar.
Ved mistanke om urettmessige utbetalingar kan Helfo starte såkalla etterkontroll «på grunnlag av risiko for feil».
Etter kontrollen kan helsepersonell få pålegg om å endre praksis for refusjonar, eller få krav om å betale tilbake utbetalte pengar frå staten. Ved alvorlege forhold og tillitsbrot kan ein miste retten til å «praktisere for trygdens regning» i inntil fem år.
I alvorlege saker der Helfo mistenker økonomisk kriminalitet, kan helsepersonellet bli meld til politiet.