Dei første meldingane frå operasjonsleiaren ved Vest politidistrikt fortalde om ein brann på storleik 100x40 meter.
Kort tid seinare opplyser 110 Vest at omfanget har auka til 100x100 meter.
Når brannsjef Reinhardt Sørensen kjem fram blant dei første frå brannvesenet i Aurland, brannen vakse endå meir.
– Eg trur vi no snakkar om eit område på 300x400 meter, seier han.
Starta etter dotur
I samband med brannen opplyser Vest politidistrikt at ein person sendt til legevakt med brannskadar på hendene. Vedkomande skal ha vore ein av 23 kajakkpadlarar på ein organisert tur.
Desse skal ha opplyst til politiet at brannen starta ved eit uhell i samband med ein dotur. Brannen skal ha spreidd seg raskt.
– Vi har fått opplyst frå kajakkpadlarane sjølve at dei skulle tenne på dopapir for å bli kvitt det. Så har det vore eit uhell og brannen har spreidd seg raskt. Ein av dei forsøkte å slokke brannen, og fekk skader på hendene, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.
Må ha helikopter
Fjellsida det brenn i ligg ved Nærnes. Dette er ytst i Nærøyfjorden, der verdsarvfjorden møter Aurlandsfjorden. Det går ingen vegar fram til staden. Brannmannskapa har måtte rykkje ut i båt.
Dei første mannskapa til staden har undersøkt om det er folk i området eller ikkje.
SJØVEGEN: Brannvesenet i Aurland må fraktast i båt til den raskt spreiande skogbrannen.
Foto: Arne Veum/Aurlendingen– Det er ikkje folk i området, men det er mykje røyk og det går innover i svak vind mot Gudvangen. Det brenn godt både oppe og nede i lia, seier Sørensen.
– Vi må ha hjelp av helikopter for å sløkke dette, legg han til.
Ikkje første gang
Både brannsjefen og vaktkommandør Tore Fanebust ved 110 Vest stadfestar at eit skogbrannhelikopter er rekvirert frå Voss. Sørensen trur det er gode sjansar å få sløkt brannen med lufthjelp.
– Vi byrjar å setje ut slangar frå vatnet her, og sløkke nede sjølv. Men heilt oppe i lia må vi ha hjelp frå helikopteret, seier han.
Også for nokre år sidan måtte brannvesenet få hjelp frå skogbrannhelikopter under ein brann ved Nærnes.
– Hadde vi ikkje fått hjelp den gang, så kunne det brunne i dagevis. Det er masse brennbart i trea her. Så vi må få det sløkt, seier Sørensen.
Publisert 30.04.2026, kl. 14.21 Oppdatert 30.04.2026, kl. 15.59














English (US)