Venta på 50 år på sitt rette barn - men tapte saka mot staten og kommunen

21 hours ago 2



Oslo tingrett slår i dag fast at både Karen Rafteseth Dokken og dei to jentene som blei forbytte på fødestova i 1965 har tapt.

No må dei i staden betale erstatning til stat og kommune på nærare ein halv million kroner.

Det går fram av dommen som blei avsagt onsdag ettermiddag:

«Retten ser det slik at forbyttingen mest sannsynlig skjedde etter fødselen – da de private ansatte på sykehjemmet, og ikke den statlig ansatte jordmora, tok seg av barna. Feilen som ble gjort kan derfor verken tilskrives staten eller kommunen», heiter det i dommen.

I dommen heiter det vidare at retten konkluderer med at det ikkje ligg føre noko brot på menneskerettane, slik saksøkjarane hevda i Oslo tingrett sist veke.

– Etter ei rask gjennomlesing av dommen synes den å vere i tråd med kommunen sine merknader til søksmålet overfor tingretten, seier Reidar Andresen, kommunen sin advokat.

Saman med staten var dei stemna for å ha brote menneskerettane i samband med forbyttinga - og hemmeleghaldet seinare.

Karen Dokken og dotter, Oslo Tingrett.

Karen Rafteseth Dokken tek det tungt at ho ikkje fekk vite om forbyttinga. Her med Linda Risvik, hennar biologiske dotter.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Kompleks avveiing

Forbyttinga av jentebabyane blei oppdaga på 80-talet i samband med ei blodprøvetaking. Staten og kommunen blei då samde om at det beste var å legge lokk på saka. Dette meiner retten er lett å forstå:

«Avveiningen var kompleks og av både rettslig og verdimessig karakter. Hensynet til ønsket om å få avklart det rette slektskapet måtte avveies mot belastningen og konsekvensene det ville medføre for alle involverte dersom man skulle komme til bunns i saken».

Dei tre saksøkjarane er svært kritiske til denne avgjerda frå stat og kommune, og meiner dei burde fått informasjon om forbyttinga.

Sak om forbytting ved fødsel behandles i Oslo tingrett

Dei saksøkte blei frifunne i retten.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Må betale erstatning

Dei tre saksøkjarane har kravd erstatning, og det har vore antyda opp mot 20 millionar kroner kvar. No må dei i staden sjølv betale for sakskostnadene ved å ta saka til retten. Til saman er det nesten ein halv million kroner som skal betalast før det er gått to veker.

Publisert 20.11.2024, kl. 17.02 Oppdatert 20.11.2024, kl. 17.28

Read Entire Article