Vegard får støtte frå ingeniørforeining: – Blir både trist og eigentleg litt forbanna

1 month ago 22



– Ingeniørar med fagutdanning frå yrkesdag er dei mest attraktive. Difor er historia om Vegard Olsen som ikkje fekk studiestøtte sjokkerande.

Det seier Gisle Lømo Stensvold, leiaren i NITO Nordland, Noregs største organisasjon for ingeniørar og teknologar.

Vilde Hermansen og Vegard Olsen sit i ein sofa med bambusvegg bak. Olsen har raudt hår og stripate t-skjorte. Hermansen har mørkt hår og kvit t-skjorte.

Foto: Frida Brembo / NRK

Han reagerer etter å ha høyrt historia om Vegard Olsen frå Narvik. Han skulle flytte til London saman med kjærasten Vilde for å studere romfart og fly.

Men Lånekassen vil ikkje gi han studiestøtte fordi han «berre» har gått forkurs etter yrkesfagretninga på vidaregåande, og ikkje har generell studiekompetanse.

– Skrik etter fleire fagutdanna

Vegard Olsen og kjærasten Vilde Hermansen skulle eigentleg ha vore på veg til England no.

Olsen skulle studere draumestudiumet som også næringslivet i regionen han kjem frå trenger. Han har kome inn på skulen, men kan likevel ikkje reise utan støtte frå lånekassa.

20-åringen gjekk forkurs etter yrkesfagretninga på vidaregåande. Difor har han ikkje generell studiekompetanse.

– Vi har snakka med dei i England personleg for å fortelje om kva forkurs er. Dei fortalde at dei berre såg på matte og fysikk. Dei såg ikkje på dei andre faga.

Vilde Hermansen og Vegard Olsen sit i ein sofa med bambusvegg bak. Olsen har raudt hår og stripate t-skjorte. Hermansen har mørkt hår og kvit t-skjorte.

Vilde Hermansen og Vegard Olsen har måtte tenke nytt når Olsen ikkje får studiestønad. Nå er planen å studere fornybar energi på Gjøvik.

Foto: Frida Brembo / NRK

Utan forkurs hadde han hatt for lite matte og fysikk for å kome inn. Påbygg, som er alternativet til forkurs, har ti timar norsk i veka. Mange studentar synest ikkje det er relevant.

Men Lånekassa krev generell studiekompetanse for å støtte studium utanfor Norden. Det vil i praksis seie faget norsk, som Olsen ikkje fekk i forkurset.

– Eg synest det er teit. I Noreg skrik vi om at vi treng fleire med yrkesfag. Men når ein gjer det, og vil ta høgare utdanning som ikkje finst i Noreg går det ikkje, seier Vilde Hermansen, kjærasten til Olsen.

– Tragisk at lånekassen stikk kjeppar i hjula

Gisle Lømo Stensvold er leiar for Noregs største organisasjon for ingeniørar og teknologar, NITO, i Nordland. Han reagerer sterkt.

– Eg blir både trist og eigentleg litt forbanna når eg høyrer dette, seier han til NRK.

Stensvold har jobba med yrkesutdanning i mange år. Han har råda mange til å ta fagbrev og høgare utdanning, som forkurs, seinare.

Andøya Spaceport bygger Norges første romhavn på Andøya.

Andøya Spaceport bygger den første romhamna i Noreg på Andøya. Mellom anna her ventar næringslivet at ein vil trenge fleire ingeniørar framover.

Foto: Adrian Dahl Johansen / NRK

– Vi ser at dei beste ingeniørane er dei som har fagutdanning i botn.

Stensvold forklarar at generell studiekompetanse heller ikkje er godt nok for å kome inn på ingeniørutdanningar i Noreg. Då må ein ha spesiell studiekompetanse.

– Det er eigentleg å lure folk til å ta eit ubrukeleg påbyggingsår, seier NITO-leiaren.

– Det er tragisk at regelverket til Lånekassen stikk kjeppar i hjula til ein slik karriereveg.

– Altfor firkanta

Både næringslivsorganisasjonen NHO og studentorganisasjonen ANSA har tidlegare reagert på regelverket.

– Dette er eit kronglete hinder for nordmenn som vil studere i utlandet, sjølv på viktige studieprogram som ikkje finst i Noreg, seier Øyvind Bryhn Pettersen, President i ANSA.

Hans Christian Kaurin Hansson, regiondirektør i NHO Nordland, seier Lånekassen bør vere meir fleksibel fordi det er venta stor etterspurnad etter ingeniørar i rom- og flyfag framover.

– Dette synest vi i NHO er altfor firkanta, seier han.

Øyvind Bryhn Pettersen, President, Ansa

Øyvind Bryhn Pettersen, president i Ansa, meiner dette regelverket er stikk i strid med målet til regjeringa om at fleire skal ha eit studieopphald i utlandet.

Foto: ANSA

Ifølge NITO meiner 60 prosent av arbeidsgivarane i Nordland at det er mangel på ingeniørar. Det er høgare enn landsgjennomsnittet som er på 54.

– Det er betenkeleg at folk som er motiverte til å ta ein slik utdanning ikkje får lov til det.

Men Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen, seier regelverket krev at søkaren må ha generell studiekompetanse for universitets- og høgskuleutdanning i land utanfor Norden om hen skal få lån og stipend.

– Det finst nokre unntak knytt til alder, varig sjukdom og utøvande, kunstnariske utdanningar, men andre forhold vil ikkje opne for å kunne gi stønad.

Stensvold i NITO forstår likevel ikkje kvifor reglene er slik.

– Utdanningsinstitusjonen har rekna han som kvalifisert. Då er det heilt merkeleg at Lånekassen sitt regelverk stikk kjeppar i hjula. Eg blir heilt opprørt rett og slett.

Reglane kan bli endra

Men det er ikkje sikkert at det kjem til å halde fram å vere slik i framtida.

Statssekretær for forsking og høgare utdanning, Ivar Prestbakmo, seier at det er på tide å sjå på om regelverket bør bli endra.

ivar prestbakmo

Statssekretær for forsking og høgare utdanning, Ivar Prestbakmo, seier at det er lenge sidan politikarane såg på reglane for generell studiekompetanse i utlandet.

Foto: Fathia Mahmoud Farah / NRK

– Det er lenge sidan reglane for generell studiekompetanse for utdanning i utlandet sist blei vurdert, og det er nyleg kome ein ny universitets- og høgskolelov og ein ny opplæringslov som tilseier at det kan vere på tide, skriv han i ein e-post til NRK.

Men han meiner det likevel ikkje vil ha mykje å seie for Olsen. Reglane for dette studieåret ligg fast. Eventuelle endringar vil først skje neste år ifølge Prestbakmo.

NITO synest ikkje det er godt nok.

– NITO prøver å ta det opp både gjennom politiske og økonomiske kanalar. Men det hjelper ikkje Vegard som hadde gått og gledd seg.

Publisert 20.08.2024, kl. 10.07

Read Entire Article