Lekkasjen vart varsla i 11-tida av arbeidarar på kyrkjegarden. Kor lenge vatnet har fått renne ut i den 150 år gamle kyrkja er uvisst.
Utrykkingsleiar i Osterøy brann og redning, Tore Skaar, trur vatnet har fått jobbe fritt ei god stund.
Fire rom har fått meir eller mindre vasskadar.
– Ei dør til eit toalett, som var trotna, fekk vi ikkje opp. Mest truleg fordi at det er der inne varmtvasstanken er. Då vi fekk brote opp døra, kom det mykje vatn ut, seier han.
– Kor høgt stod vatnet?
– Eg kan tenke meg tre-fire centimeter. Det er ei gamal kyrkje med helling, slik det drenerte seg nesten sjølv.
– Verre enn frykta
Brannmannskap fekk stoppa lekkasjen då dei kom fram, før dei byrja å få vatnet ut av kyrkja. Samstundes var kyrkjeverje Linda Gripsgård Lunga på veg til kyrkja med tankar om kva som ville møte henne.
Skadane var verre enn frykta. Prestesakresti, dåpssakresti, gang og toalett har alle fått skader. Ein messehakel brukt til nattverd kan også ha fått skade.
– Eg var redd for at vatnet var kome inn i kyrkjerommet, det har det ikkje gjort. Det var verre med dei fire romma enn eg hadde trudd, seier ho.
Lekkasjen vart varsla inn av frivillige som steller på kyrkjegarden.
– Her har det runne mykje vatn, og det er veldig mykje vatn i golv, vegg og tak, legg Lunga til.
Ein varmtvasstank sprang lekk og har gjort skade på fire rom i 150 år gamle Bruvik kyrkje.
Foto: Osterøy brann og redning– Vart tung om hjartet
Sokneprest i Gjerstad, Bruvik og Haus kyrkje, Astrid Marie Haugland, seier det var ein lei beskjed å få.
– Eg vart tung om hjartet då eg høyrde at vasstrålen har stått rett opp med varmt vatn i lang tid, seier ho.
Til alt hell er dei fire romma bak i kyrkja, og altså ikkje der kyrkjelyden kjem inn. Sjølve kyrkjerommet er uskadd.
Det er uvisst om vasskadane får konsekvensar for aktiviteten i kyrkja frå 1867. Førre gudsteneste var for ein månad sidan. Den neste er om ein månad, då også med dåp.
– Eg håpar verkeleg at skadane ikkje er så store at vi må til med omfattande reparasjon.
– Vatnet har kome seg heilt gjennom toalettveggen og på utsida av kyrkja. Det seier litt om kor store skadane er. Vi veit ikkje enda om dette vil påvereke arrangement som er planlagt, avlsuttar ho.
Brannmannskap måtte bryte opp døra til toalettet.
Foto: Osterøy brann og redningPublisert 03.07.2025, kl. 17.49 Oppdatert 03.07.2025, kl. 17.50