Vart låst i sin eigen heim: – Få kvinner tilbake i kvardagen

1 month ago 30



– Eg opplevde at det ikkje var frykteleg mykje hjelp å få.

Renate Tonstad Flaten er i sitt tolvte år med konstante bekkenleddsmerter.

– På ein smerteskala opp til ti, er eg på ein konstant fem. Det aukar jo meir eg beveger meg.

Det byrja i fjerde månad av hennar første graviditet. Smertene gjorde henne etter kvart ute av stand til å fungere i kvardagen og vart endå verre etter barn nummer to.

– Når eg gjekk 500 meter var eg ferdig. Eg vart låst i min eigen heim.

Renate Tonstad Flaten viser illustrasjon av bekkenet på mobilskjerm.

Renate viser ein illustrasjon av bekkenet, kor dei raude felta indikerer smertepunkt.

Foto: Mari Kaslegard / NRK

I frustrasjon over mangel på hjelpemiddel gjekk ho på stoffbutikken og kjøpte inn materiale til å sy sitt eige utstyr.

Resultatet vart eit belte som legg press på og stabiliserer bekkenet.

– Første gang eg testa det, kunne eg plutseleg springe for første gang på åtte år. Etterpå sto eg og gråt.

Renate Tonstad Flaten justerer bekkenbeltet.

Bekkenbeltet legg press på og stabiliserer dei mest verkande punkta.

Foto: Mari Kaslegard / NRK

No kunne ho vera i bevegelse, bli med på ting og vera til stades for familien.

– Det å gå frå å vera veldig aktiv til å ikkje kunne bruke kroppen som før, kan ta knekken på psyken hos veldig mange.

Manglar kunnskap

Fysioterapeut og forskar ved Oslo universitetssjukehus, Britt Stuge, fortel at halvparten av alle gravide kvinner opplever moderate rygg- og bekkenleddsmerter, og cirka 20 prosent i ein slik grad at dei kan trenge rettleiing eller behandling.

Mellom 3 og 7 prosent får vedvarande smerter etter fødsel.

– Ofte blir smertene bagatellisert eller så blir kvinnene gitt uheldige råd.

Fysioterapaut og forskar ved UiO, Britt Karin Stuge

Fysioterapeut og forskar ved Oslo universitetssjukehus, Britt Stuge, meiner at det både er mangel på kunnskap om bekkenleddsmerter.

Foto: Oslo University Hospital

Stuge understrekar at dei fleste kan bli bra igjen, med rett behandling. Ifølge ho har det eksistert bekkenbelte av ulike variantar gjennom heile hennar tid som fysioterapeut.

– Dessverre har ikkje mange av dei vore så gode, særleg ikkje dei på den norske marknaden.

Dessutan har ikkje interessa hos helsepersonell vore stor.

– Allmennlegane bør ha meir kunnskap om dette, sidan det er dei som møter kvinnene først og kan vise til vidare hjelp.

Brei og spiss kompetanse

Kari Løvendal Mogstad er leiar i faggruppa for svangerskap og barns helse i norsk foreining for allmennmedisin. Ho meiner at kvinner med bekkenleddsmerter fortener å bli tatt på alvor.

– Eg meiner at dei fleste legar viser interesse for bekkenleddsmerter, sjølv om dei ikkje har inngåande kunnskap om tilstanden.

Lege og forfatter, Kari Løvendahl Mogstad

Mogstad i norsk foreining for allmennmedisin

Foto: Cathrine Dillner Hagen

Mogstad seier at fastlegane ofte blir skulda for å ikkje ha nok kompetanse om konkrete tilstandar.

For dei som driv med nokon få spesifikke fagfelt, er det lett å gløyme at fastlegar skal kunne ganske mykje om så å seie alt.

Mogstad meiner at det viktigaste er at pasientane blir henvist til kyndige fysioterapeutar. Ho seier det framleis er mykje ein ikkje veit om bekkenleddsmerter.

– Derfor er det bra at det blir snakka om. Me som er legar ynskjer meir kunnskap om dette velkomen.

Vil bidra

Førebels er bekkenbeltet berre ein prototype for eit produkt Renate Tonstad Flaten håpar kan bli tilgjengeleg for fleire.

– Det er eit frustrasjonsprodukt som er utvikla på grunn av ein mangel der ute. Eg vil ikkje sjå etter ei opning i marknaden, men dekke det behovet som allereie er der.

Renate Tonstad Flaten sit på ein benk og smiler med eit bekkenbelte i hendene.

Renate kjente betydninga av å kunne bruke kroppen att då ho endeleg fann noko som hjelpte mot smertene: hennar heimesydde bekkenbelte.

Foto: Mari Kaslegard / NRK

Ho peikar på eit veksande fokus på kvinnehelse og samfunnsansvar.

– Målet mitt er ikkje å nødvendigvis selje, men eg har lyst til å bidra. Når eg får tilsett dei eg treng, vil eg dra ut og opplyse om bekkenleddsmerter. Mottoet er å få kvinner tilbake i kvardagen.

Publisert 07.08.2024, kl. 16.36

Read Entire Article