Jarl Magnus Riiber sikra Noreg bronse på sisteetappen etter å ha gått frå Finlands Otto Niittykoski.
– Dette var hans nest siste kombinertrenn, og han set i alle fall stor pris på denne enorme støtta, sa NRK-kommentator Jann Post då nordmannen var i mål.
Bronsen var forventa, sidan Noreg måtte starte som nummer fem.
– Det var ein dag der kjenslene har gått opp og ned, sa Post.
Gullvinnar Tyskland og Austerrike hadde altfor stor margin i tet til at det var realistisk å ta dei igjen.
STAFETT: Veksling mellom Jørgen Graabak og Jens Lurås Oftebro.
Foto: NTB- Blytu–gt
Eigentleg var det Noreg som leia med solid margin etter hoppinga.
Så vart Jørgen Graabak diska – til stor frustrasjon for den norske leiren.
– Blytungt. Nei, dette var forferdeleg, sa Simen Tiller om disken etter at han hadde gått sin langrennsetappe.
– Eg føler sjølvsagt spesielt med Jørgen og dei andre utøvarane, men til sjuande og sist er det Jørgen sitt ansvar, meinte NRK-ekspert Magnus Moan.
Otto Niittykoski fall på fjerde etappe.
Stakk til skogs
Noreg la inn protest, men den vart avvist.
– Vi trudde alt var på stell. Jørgen er forbanna. Han stakk til skogs no. Eg synest synd på han, sa Jarl Magnus Riiber etter at disken var bekrefta.
– Eg har ikkje mange tankar no. Det er ikkje artig i heile tatt. Eg skal gå skirenn no, så skal vi sjå, sa Graabak sjølv til NRK ein halvtime før langrennet startar klokka 15.30.
FORSVANN TIL SKOGS: Jørgen Graabak.
Foto: Eirik Fure / NRK / NRK– Graabak er diska grunna noko asymmetrisk med ei binding. Vi forstod det eigentleg ingenting. Vi legg inn protest, varsla Noreg sin sportssjef Ivar Stuan då disken først var kjent.
– Forferdeleg trist
Stuan reagerte kraftig på diskvalifiseringa.
RASA: Ivar Stuan. – Eg er skuffa, lei og trist og har lyst til å reise heim, varsla sportssjefen etter at disken vart bekrefta.
Foto: NTB– Eg synest det er forferdeleg trist for kombinertsporten, spesielt at vi driv med millimetermål på noko som har vore der heile tida. Ei hoppbinding er der for å halde hoppskoa på hoppskia, sa Stuan.
Noreg måtte etter disken starte som femte lag 1,42 minutt bak leiande Austerrike i langrennet.
I utgangspunktet skulle Noreg ha starta først – 20 sekund før Austerrike.
BINDINGA: Dette er bindinga som gjer at Noreg må starte langt bak i langrennet.
Foto: NTBFIS: – Vi spekulerer ikkje
– Kort fortalt så har Jørgen Graabak blitt diskvalifisert, noko som sjølvsagt er veldig beklageleg. Men utstyrskontrollørane våre gjer jobben sin. Og når utstyr ikkje er i samsvar med reglement, så er det dessverre sånn det er, forklarte FIS sin renndirektør for kombinert, Lasse Ottesen, i samtale med NRK.
RENNDIREKTØR: Lasse Ottesen.
Foto: NTBHan utdjupa:
– I dag er det bindingar, som vi i utgangspunktet trudde alt skulle vere i orden. Dei er produserte frå produsentar og det er veldig enkle og klare reglar. Dei må vere symmetriske og like på begge sider. Det var ikkje bindingane til Jørgen, som betyr at dei er manipulerte.
– Har Noreg prøvd seg på juks, sidan ordet «manipulert» blir brukt? Kva tyder det eigentleg på?
– Vi spekulerer jo ikkje i kvifor, kva og korleis. Vi følger dei reglane som er. Våre kontrollørar gjer dette profesjonelt. Dei har vore med oss i mange, mange år. Og dei følger dei reglane som er. Ein sånn type sak er veldig trist, vi ønsker ikkje å diske nokon, sa Ottesen.
– Kva var feil med bindinga?
– Den er ikkje i samsvar med regelverket. Det er mange ulike tekniske ting med bindingar, men det er klart: den skal vere symmetrisk. Og den skal vere lik på høgre og venstre side. Det er også produsentane veldig klar over. Du har ikkje lov til å produsere ei binding som ikkje er i samsvar med reglane våre, sa Ottesen.
Og utdjupa:
– På grunn av det kan vi seie ganske enkelt og klart seie at «dette ikkje er frå ein produsent» slik som casen er. Da er ikkje bindinga i samsvar med regelverket, og nokon har gjort eit eller anna med den bindinga for at ho skal vere sånn henne er i dag.
DISKA: Jørgen Graabak etter hoppinga.
Foto: NTBAvviser manipulering
Ivar Stuan kalla meisterskapen for eit kaos-VM for kombinert sin del. Om disken sa han:
– Det set jo sporten i vanry.
Sportssjefen avviste at dei har manipulert bindingane.
– Nei. Det driv vi ikkje med, for å si det sånn. Vi har fokus på heilt andre ting.
Ottesen la til at han forstår godt at Ivar Stuan er skuffa.
– Vi ønsker ikkje å drepe nokon sport, sa Ottesen.
Han bekrefta at det hadde kome inn ein protest frå Noreg.
Klokka 14.15 vart det bekrefta at protesten vart avvist, fordi bindinga braut reglane.
IKKJE TELJANDE HOPP: Jørgen Graabak under hopprennet i Granåsen fredag.
Foto: Torstein Georg Bøe / NRK– Jørgen er ingen juksar
NRK-ekspert Magnus Moan reagerte skarpt på disken.
– Det er rett og slett heilt utruleg. Eg trudde vi var ferdige med jurymøte, disk og det eine og det andre. Akkurat no er det litt vondt på Jørgens vegner og for kombinertsporten – ikkje minst.
NRK-EKSPERT: Magnus Moan.
Foto: Håvard Greger Hagen / NRK– Kva tenker du om denne disken?
– For meg er det heilt utruleg. No har ikkje eg sett bilde eller fått forklart kva som er greia, men eg forstår det er snakk om manipulasjon. Det er veldig lite ein kan manipulere på ei hoppbinding. Den einaste fordelen du kan ha, er kor du plasserer hoppbindinga, at du får lengst mogleg framski. Om den er for lang, har du ein fordel, sa Moan.
Og la til:
– Sånn eg kjenner Jørgen, eg har vore på lag med han i ti år, så er Jørgen ingen juksar. Han har kontroll på utstyret sitt. Dersom det viser seg at det er ein feil med utstyret og det er montert feil, er det ein gigatabbe. Men for meg høyrest det heilt utruleg ut, kommenterte Moan.
At disken vart ståande betydde at lagkonkurransen i kombinert vart snudd på hovudet etter hoppinga, der Noreg trass i litt smårusk gjorde det veldig bra.
SLAKTA SEG SJØLV: Jarl Magnus Riiber.
Foto: Torstein Georg Bøe / NRKTiller imponerte
Noreg fekk ei pangopning på hoppinga då Simen Tiller hoppa 136 meter og fekk 18,5, 18.5 og 19 som teljande stilkarakterar.
Berre Franz-Josef Rehrl frå Austerrike hoppa lengre.
DEBUTANT: Simen Tiller.
Foto: NTB– Det høyrest heilt dust ut, men eg var ikkje nervøs. Eg har hoppa ekstremt mykje bra på ski i det siste, sa Tiller til NRK etter superhoppet.
29 år gamle Tiller hadde aldri tidlegare delteke i ein lagkonkurranse for Noreg i verdscup eller meisterskap.
Under Tiller sin meisterskapsdebut i 2023 vart han diska etter hoppdresskontrollen – i det eine individuelle rennet han fekk delta i.
– Det er cocky å seie at ein har kontroll, for ein veit jo aldri. Men eg trur vi har bra kontroll. Det har vore bra dei siste åra, sa Tiller til NRK etter fredagens hopp.
Jørgen Graabak hoppa deretter 126,5 meter, Jens Lurås Oftebro 132,5 meter og Jarl Magnus Riiber 134,5 meter – noko sistnemnde ikkje var nøgd med.
– Eg vart rett og slett svimmel. Eg klarte ikkje å handtere det på ein god måte. Eg må puste med magen, sa Riiber til NRK.
Vart utsett
Lagkonkurransen skulle eigentleg gått torsdag.
Etter fire kortare utsetjingar vart det bestemt at ein måtte vente til fredag med å hoppe.
Då hadde forholda i bakken blitt langt betre.
UTSETT: Mykje vind gjorde at lagkonkurransen vart flytta frå torsdag til fredag.
Foto: NTBJarl Magnus Riiber hadde før lagkonkurransen tatt to gull denne meisterskapen, eitt individuelt i kompaktøvinga og eitt i blanda lagkonkurranse.
Også Jens Lurås Oftebro var med på det gullet.
Han tok sølv i den individuelle konkurransen.
Riiber legg opp etter sesongen.
Publisert 07.03.2025, kl. 12.43 Oppdatert 07.03.2025, kl. 16.30