Ver obs om du har bytta til sommardekk – fare for snø i Midt-Noreg

14 hours ago 7



Det er sendt ut gult farevarsel om snø over 300 meters høgde i delar av Møre og Romsdal og Trøndelag frå laurdag ettermiddag.

Enda høgre opp kan det komme enda meir snø, skriv meteorologane på Yr.

– Det er litt byeaktivitet no med luftmassar frå nord. Det gjer at temperaturane søkk. Mengdene det er snakk om, er mellom 5 og 15 centimeter, seier meteorolog, Johanne Ordal.

Det gule farevarselet gjeld frå laurdag ettermiddag til søndag ettermiddag.

Har du skifta til sommardekk?

Det har vore mildt vêr over ei lengre periode, og derfor er det også mange som har bytta til sommardekk allereie. Ordal seier desse bør tenke seg ekstra om.

– Det er heilt i overgangen til sommardekkperioden, så dersom nokon har vore så raske å skifta allereie, ville eg ha vore ekstra obs, seier ho.

Likevel er det ikkje venta at snøen vil bli liggande etter helga.

– Utover veka vil det blir meir ein skya vêrtype, men temperaturane vil stige igjen.

Publisert 03.05.2025, kl. 14.27 Oppdatert 03.05.2025, kl. 14.40

Read Entire Article