Varsla gebyr på fleire milliardar – no kjem konklusjonen

1 month ago 36



Det stadfestar sentrale kjelder til NRK tysdag.

Etter det NRK erfarer, kjem Konkurransetilsynet med konklusjon i den såkalla prisjegersaka onsdag morgon.

Saka starta alt i 2018 då Konkurransetilsynet gjekk til aksjon mot Coop, Norgesgruppen og Rema for å sikre bevis.

Grunnlaget då var ein mistanke om at bruken av såkalla prisjegerar i butikkane kunne vere eit ulovleg samarbeid.

Høge gebyr

I 2020 varsla tilsynet gebyr på til saman 21 milliardar kroner til dei tre store aktørane i daglegvarehandelen. I mai 2024 blei dette justert til 4,9 milliardar.

NRK erfarer at konklusjonen på denne omfattande saka blir lagt fram onsdag. Det kan framleis bli eit gebyr, eller at saka blir lagt vekk.

Samstundes går regjeringa ut tysdag kveld med ei bekymring for konkurransesituasjonen i daglegvarebransjen.

– Bransjen er dominert av få og store aktørar, og det er vanskeleg for små og nye aktørar å etablere seg, seier næringsminister Cecilie Myrseth i ei melding.

Ho har hatt møte før sommaren med blant anna NHO og LO-forbund om denne saka.

– Mange tiltak

– Vi må ha mat kvar dag og det er klart at stigande matprisar blir merka på lommeboka til folk, seier Myrseth.

Regjeringa jobbar også med oppfølging av forslag til prisdiskriminering og fleire verktøy til Konkurransetilsynet.

– Vi har sett i gang mange tiltak for betre konkurranse i daglegvarebransjen, og summen av tiltaka over tid kan gi betre konkurranse, lågare prisar og betre utval i butikken, seier Myrseth.

Publisert 20.08.2024, kl. 20.42 Oppdatert 20.08.2024, kl. 20.59

Read Entire Article