– Det er no greitt at det blir måla, men dei kunne valt ei anna farge.
Det seier Ole Magnar Graffer. For rett bak huset han og kjærasten bur i, går det eit langt støygjerde for å minimere bråk frå E6.
Natt til søndag gjekk gjerdet gjennom ei forvandling. Nokon hadde måla det rosa.
Ingen har så langt tatt på seg ansvaret for det rosa gjerdet langs E6.
Foto: Even Lusæter / NRKOle Magnar visste ingenting om forvandlinga før dagen etterpå.
– Vi fekk nokon meldingar av folk som køyrde forbi om at gjerdet var rosa, og då måtte vi jo dra for å sjå. Og det var rosa det ja.
Det var Vigga som omtalte saka fyrst.
Det er mange meter med rosa, så målarane må ha jobba bra.
Foto: Even Lusæter / NRKIngen som veit kven
Det er eit mysterium kven som har valt å bruke nattetimane på å måle mange meter gjerde rosa. Men Ole Magnar veit litt om kva som har skjedd.
– Det er iallfall to stykkar som vart observert først ti på eitt på natta. Og så på nytt rundt kvart over to.
Og det er nøye arbeid. Det er brukt målingssprøyte og mykje måling. Ein kan og sjå kvar dei to målarane gjekk tom for måling.
Her kan ein tydeleg sjå kvar målarane gjekk tom for måling.
Foto: Even Lusæter / NRK– Kan sjåast på som hærverk
Det er Statens vegvesen som har ansvaret for gjerdet. Til Vigga fortel byggjeleiar Wenke Hagelund Vedum i Statens vegvesen at målinga blir sett på som hærverk.
No vurderar dei politimelding.
Det raude huset til Ole Martin og kjærasten er «næraste nabo» til det rosa gjerdet.
Foto: Even Lusæter / NRKOg det kan bli dyrt å rette opp att farga.
– Eg vil anslå at det kan koste rundt 120.000 kroner, sa Hagelund Vedum til avisa.
- Lastebilsjåfør Martine sit med hjarte i halsen kvar gong ho køyrer langs E6 i Gudbrandsdalen. Les meir om kvifor politikarar meiner dei betaler bompengar for ein veg som ikkje finst.
– Måtte dei velje rosa?
No står Ole Martin og kjærasten med fleire meter langt rosa gjerde rett framfor huset sitt. Og det kan ta tid før gjerdet blir ei anna farge.
– Statens vegvesen har vore her på synfaring, og dei vart mildt sagt sjokkert. Dei skulle sjå på om dei kunne få det bort i løpet av dette året eller neste år, fortel Graffer.
Betyr det at de må leva med rosa ein stund då?
– Eg håpar ikkje det.
Ole Magnar Graffer håper rosafarga blir borte så fort som mogleg.
Foto: Even Lusæter / NRKPublisert 12.08.2025, kl. 21.25