Utdanning er for viktig til å bli utsett for populisme av denne sorten

2 weeks ago 15



I førre veke vedtok fleirtalet i Hovudutvalet for utdanning (HKU) å innføre ei 3-årig prøveordning med «anonym retting av store prøver og heldagsprøver» i dei vidaregåande skulane på Agder.

Halvparten av elevane går ned i karakter på eksamen, mens berre 14 prosent går opp. Kva seier det om anonym vurdering? spør innsenderne. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Og grunngivinga? «Vi ønsker å få mer innsikt rundt om elevene får riktige karakterer,» heiter det frå HKU-nestleiar, Siri Heimdal Knutsen (H).

Reaksjonane frå skulehald kom raskt, blant anna frå lærarar på KKG og Utdanningsforbundet. Politikarane får på si side støtte frå Fædrelandsvennen, som på leiarplass 23.9. tar til orde for å prøve ut anonym vurdering. Bladfykane har ikkje forståing for at lærarane reagerer så sterkt, og dei ber oss ta elevane «litt mer på alvor». Elevane ønsker sjølve anonym vurdering, noko dei også uttrykte i møte med politikarane under den førre skulevalkampen.

Avisa og politikarene i HKU har heilt rett. Det stemmer at standpunktkarakterane i vidaregåande skule ikkje samsvarer med eksamensresultata. Halvparten av elevane går ned i karakter på eksamen, mens berre 14 prosent går opp. Kva seier det om anonym vurdering? Standpunktkarakterane har faktisk vore i snillaste laget det siste tiåret, seier UDIR-statistikken. I den grad det finst ein vurderingsvariabel vi kan kalle trynefaktor, kjem han altså elevane til gode, ikkje til ugunst. Det skulle vel eigentleg berre mangle, all den tid vi må kjenne eleven godt om vi skal gi han fornuftig undervegsvurdering – på veg mot den endelege karakteren på vitnemålet.

I Lektorlaget tvilar vi på om dei som står bak forslaget om anonym vurdering, har spurt elevane om det er lågare karakterar dei ønsker seg. Politikarane har i alle fall ikkje spurt oss lærarar om råd, og vedtaket blei gjort mot anbefalingane frå utdanningsavdelinga i fylkeskommunen. Tidlegare prøveprosjekt i blant anna Akershus, Møre og Romsdal og Rogaland enda alle med at den anonyme vurderinga blei skrota fordi det var få eller ingen karakterforskjellar. Frå sluttrapporten til storebror i vest heiter det at «i den grad det er avvik, så tenderer disse til å gå i disfavør av elevene». Kven skulle trudd det, at vi gir elevane høgare karakterar når vi har ein relasjon til dei, og ikkje berre ser eit kandidatnummer?

Det er synd at norsk skule blir styrt av folk som driv politikk etter innfallsmetoden. Utdanning er for viktig til å bli utsett for populisme av denne sorten. Slik sett stadfestar saka om anonym vurdering inntrykket vårt av det øvrige ordskiftet om den norske skulen. Alle som har avtent skuleplikta si i 12-13 år, har visst rett til å meine noko med innbilt tyngde om både innhaldet i og forma på undervisninga. Lærarane er dei siste til å få meine noko, og når vi gjer det, er det som overreaksjonar frå ein sjølvrettferdig profesjon, om vi forstår Fædrelandsvennen rett.

Ein stor del av jobben vår handlar om å svare på spørsmål, og om å gi klare råd og tilbakemeldingar. Neste gong anbefaler vi at HKU-politikarane spør nettopp lektorar og lærarar om råd før dei innfører prøveordningar ingen av oss har bedt om, og som er dømte til å krasjlande. Om fylkespolitikarane er mottakelege for innspel frå andre enn elevar på stand i skulevalkampen, kjem det derfor eit gratis råd deira veg her: Reduser klassestorleiken. Det er fornuftig bruk av tid, pengar og ressursar og vil gagne alle elevane i vidaregåande skule. Med betre og tettare oppfølging frå kompetente lektorar i mindre overfylte klasserom får alle elevane høgare karakterar.

Read Entire Article