Utanlandske flyturistar «snappar opp» billigbillettane

1 day ago 9



Da regjeringa brukte 1 milliard kroner på å halvere flyprisane i april, var grunngivinga at nordmenn skulle ha høve til å «bu i heile landet».

Men nye tal frå Transportøkonomisk institutt (TØI) viser at dei rabatterte prisane på Fot-rutene kjem vel så mykje utanlandske turistar til gode.

Rapporten viser at opptil éin av fem som reiser med fly innanriks er frå utlandet.

På fleire av dei mest turistifiserte destinasjonane har kampen om billigbillettane skapt gnissingar mellom reiseliv og fastbuande.

Det er skattebetalarane som finansierer desse flybillettane, seier Moskenes-ordførar Hanna Sverdrup (H).

Da bør dei komme oss til gode. Ikkje finansiere feriereisa til utlendingar.

Florø Lufthamn frå lufta

Samferdselsdepartementet undersøker om dei kan innføre ein «bebuarrabatt» for å hindre at utanlandske turistar kjem dei fastbuande i forkjøpet. Bilete av Florø lufthamn i Vestland.

Foto: Dag Nesbø Frøyen / Firdaposten

– Utanlandske turistar snappar opp billettane

Ekspert på luftfart, Christian Kamhaug, er ansvarleg for podkasten Flypodden.

Det gjekk som mange av oss spådde, seier han.

Flya blei fullare, og utanlandske turistar snappar opp billettane.

Sjå fleire reaksjonar på reiseundersøkinga under.

Å treffe med distriktspolitiske tiltak er ei krevjande øving, og regjeringa undersøker nå om dei kan innføre ein «bebuarrabatt» for å hindre at utanlandske turistar kjem dei fastbuande i forkjøpet.

Inntil vidare er det eit ope spørsmål om ei slik forskjellsbehandling er ønskeleg – eller mogleg.

NRK har vore i kontakt med fleire som åtvarar om at eit «bebuaravslag» til reisande med «rett» adresse eller nasjonalitet kan vere i strid med EU-reglane om diskriminering.

  • Hanna Sverdrup

    Vilde Bratland Erikstad

    Hanna Sverdrup, ordførar i Moskenes

    Billettprisen er eit godt initiativ frå regjeringa, og eg håpar dei finn ei løysing for å forskjellsbehandle reisande så det blir mogleg for oss som bur her å få plass, kjapt. Vi måtte nettopp flytte eit møte med Kommunaldepartementet fordi det ikkje var ledige flybillettar å oppdrive frå eller til Lofoten på den aktuelle datoen.

  • Jo Bjørn Skatval, nestleiar i Norsk Flygerforbund

    Norsk Flygerforbund

    Jo Bjørn Skatval, nestleiar i Norsk Flygerforbund

    Vi støttar prinsippet om å sikre flytilbod i heile landet, men meiner dagens ordning må justerast. Ein modell som liknar den spanske, der subsidierte billettar er reservert for fastbuande, kan vere ei løysing. Dette vil bidra til å sikre at ordninga oppfyller det opphavlege formålet sitt, nemleg å legge til rette for at folk kan bu og leve i heile Noreg.

  • Christian Kamhaug

    Ukjent

    Christian Kamhaug, Flypodden

    Viss regjeringa vil at det framleis skal vere busetting langs kysten og at både dei som bur der og tilreisande skal ha nok flysete, må det gjerast noko med tilbodet. Ikkje prisen. Etterspørselen er der, men produksjonen staten garanterer for i anboda er for puslete.

  •  Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

    Scanpix

    Steinar Juel, Civita

    Det er ikkje overraskande at ei generell halvering av flybillettprisane gjer det attraktivt for alle å nytte seg av det. Det er enklare å lage ei slik ordning for dei som bur på Kanariøyane enn for dei som bur i nokre kommunar i Nord-Noreg, men sidan Spania har ei slik ordning, går eg ut frå ei slik diskriminering er lovleg etter EØS-reglane der utgangspunktet er ikkje-diskriminering.

  • Jonny Finstad

    VILDE BRATLAND ERIKSTAD

    Jonny Finstad, ordførar i Vestvågøy

    Tala fortel det vi i Lofoten veit og kjenner på kroppen kvar dag. Befolkning, næringsliv og pasientar lid på grunn av eit elendig flytilbod. Den einaste moglegheita er at staten kjøper meir fotrute-kapasitet, og det hastar. Regjeringa må rydde opp i det kaoset dei sjølv har skapt. Sjølv om det var godt meint, så kviler det på staten eit ansvar å justere det dei har skapt.

  • Siv Mossleth

    William Jobling / NRK

    Siv Mossleth, stortingsrepresentant for Sp

    Det er klokt å vurdere «å ta ein spansk ein». Samtidig er auka aktivitet også eit poeng, både familie og venner utanfrå, turistar og næringsliv treng gode moglegheiter for å reise, også der kortbanenettet er «bussen». Det viktigaste er at nå blir det jobba for auka moglegheiter også utanfor dei mest sentrale områda. Det er bra for heile Noreg.

  • Catharina Solli er kommunikasjonssjef i Widerøe.

    STIAN MICHALSEN

    Catharina Solli, Widerøe AS

    Det er korrekt at det er ein stor auke på ferie- og fritidsreisande, men den største auken ser vi blant lokalbefolkninga. 75 prosent av veksten på anbodsrutene kjem som lokaltrafikk. Etter at maksimalprisen blei halvert på anbodsruter vel fleire fly. Det er for eksempel Bodøværinger som nå vel å fly til Helgeland i staden for å køyre eller ta toget.

  • Bilde av Hans Jørgen Elnæs, flyanalytikar i WinAir

    Marit Sirum-Eikre

    Hans Jørgen Elnæs, flyanalytikar og rådgivar

    Attraktive billettprisar driv opp etterspørselen, det er eit faktum. Derfor bør dei som skal kjøpe billettar planlegge og booke flybillettar lengre tid før avreisedato enn dei har vore vande til.

  • Widerøe Hammerfest lufthavn

    Allan Klo

    Samferdselsdepartementet

    Det igangsette utgreiingsarbeidet skal ferdigstillast i løpet av 2025. Bebuarrabatt inngår som ei delutgreiing i dette arbeidet, som vil utgjere ein samla rapport. Rapporten vil inngå i det vidare arbeidet med neste anskaffing av eit regionalt flyrutetilbod og må sjåast i samanheng med den transportfaglege utgreiinga som etter planen skal gjennomførast i forkant av utlysinga av neste anskaffing.

Regjeringa vurderar å «ta ein spansk ein»

Samferdselsdepartementet varslar at dei vil ha svar på spørsmåla i løpet av neste år, men at det kan vere aktuelt å kopiere «den spanske modellen».

I Spania betaler staten for 75 prosent av flybillettane til innbyggarar på Kanariøyane og Balearane, slik at øyfolket kan fly til og frå fastlandet «utan å ruinere seg».

Det gir inga meining å subsidiere turistar, seier Steinar Juel, som er samfunnsøkonom i Civita.

Han er likevel usikker på avgrensinga. For dei spanske øyane er avgrensinga enkel; dei er omgitt av sjø.

Å dele opp Noreg i enda fleire «tiltakssoner» er ikkje like rett fram, og kan øydelegge husfreden.

Juel trur det kan bli ein reprise på september-debatten om kva kommunar som er «grisgrendte» nok til å få sletta studiegjeld.

Det blir vanskeleg å velje kor vi skal sette grensa, seier han.

Avgjerande at ordninga kjem dei som bur i distrikta til gode

Norsk Flygerforbund skriv i ei fråsegn at det må vere tydelege kriterium for å avgjere kven som har rett på subsidierte billettar:

«For eksempel kan ein krevje at søkaren har vore folkeregistrert i regionen i ein viss periode.»

Desse nye tala bekreftar antakinga vår om at utanlandske turistar i stor grad nyttar seg av dei reduserte flyprisane, seier nestleiar i Flygarforbundet, Jo Bjørn Skatval.

Han legg til:

Det er positivt at fleire får oppleve Noreg, men det er avgjerande at ordninga primært kjem dei som bur i distrikta til gode.

Publisert 25.10.2024, kl. 16.27

Read Entire Article