Barn og alkohol
Dette gjer alkoholen med fjeset og stemma vår. Og slik påverkar det barna.
Publisert 20.12.2024 22:00
Kor mykje alkohol som er greitt å nyta framfor barna er alltid eit stort tema før jula blir ringt inn i dei tusen heimar.
Mange barn gruar seg til julehøgtida på grunn av drikkevanane til foreldre eller andre familiemedlemmar.
Dei aller, aller fleste klarar likevel å drikke alkohol med måte framfor barn.
Det er likevel lite som skal til for at små og store barn føler seg utrygge rundt brisne eller rusa vaksne.
Og på Haukeland universitetssjukehus i Bergen er det ein overlege som uroar seg over den spesielle jula i år.
Lang høgtid
Julaftan er på ein tysdag dette året. Kanskje har mange tatt fri vesle julaftan på måndagen. Det betyr at vi har ei langhelg i vente før sjølve jula slår inn.
Overlege og spesialist i barne- og ungdomspsykiatri, Paul Joachim Bloch Thorsen, er difor redd for at mange vaksne grip til alkoholen allereie no i helga.
– Mange vaksne føler nok at dei har fortent å kose seg litt ekstra etter ein lang haust. Men de gjer barna også. Og no i jula treng barn, faktisk meir enn før pandemien, at foreldre og føresette er til stades og er trygge. Det gjer ein edru, seier Thorsen.
Dette skjer med oss
Sjølv skal han jobbe dei første dagane i jula. Han ventar fleire barn inn på klinikken som følgje av ei julehøgtid der nokre barn er i kjenslemessig auka beredskap.
Thorsen vil ikkje moralisere over nordmenn sine alkoholvanar, men ønskjer at vi reflekterer over korleis omgjevnadane rundt barnet endrar seg om alkohol blir drukke.
Og dei merkar det lenge før du sjølv merkar det. To-tre glas med vin eller øl kan vera nok til at særleg to ting skjer:
Volum og tonefall i stemma vår endrar seg. Kanskje ler vi litt høgare og hardare. Vi snakkar høgare og tonefallet er annleis.
Vi mistar finkontrollen over dei små musklane i ansiktet. Særleg i musklane rundt auget (dei periorbitale musklane).
Dette gjer det med barna
For barna er jula ei tid med masse forventningar. Kjem julenissen? Kva ligg under juletreet? Får dei det dei ønskja seg? Og så er ventetida lang.
Barn kan difor bli veldig utrygge og usikre, seier Thorsen.
– Mange forventningar og store inntrykk, som gjer at barna til slutt «brukar opp» evna til å regulere kjenslene sine. Og då treng dei trygge vaksne.
Og det er her alkoholpåverknaden kjem inn i bildet for Thorsen sin del. Små barn søker tryggleik i dei vaksne.
Blir dei usikre fordi glaset med vin har gitt mamma eller pappa ei litt annleis stemme? Veltar noko på bordet? Går eit sausenebb i golvet?
For små barn kan slike småting vere nok til at det er ein utrygg situasjon. Og då søkjer dei augekontakt for å få tryggleik eller svar.
– Musklane rundt auga styrer kor avslappa eller kor engasjert du er, eller om du viser sinne til dømes. Men du kan også bli fråverande og ikkje klare å halde augekontakt. Det er ikkje mange glas vin eller øl som skal til, seier Thorsen.
– Og då får ikkje barnet tilbakemelding på at situasjonen er trygg. Deira alarmberedskap vil tenne på alle pluggar.
Av-og-til sine råd om alkoholbruk rundt barn
1. Drikk null, ett eller maks to glass når du er sammen med barn
Det er også det de fleste barn svarer at er greit når de blir spurt. Husk at i noen situasjoner, og med noen barn, er det best å unngå alkohol helt.
2. Ha flest dager uten alkohol
Vær bevisst på at fri fra jobb, ferier og sene kvelder kan øke sjansen for at du drikker mer eller oftere enn du ellers ville gjort.
3. Bli enige med andre voksne om hvor mye alkohol som er greit
Det er også lurt at minst én er edru og kan kjøre bil dersom det skulle oppstå noe.
4. Unngå å drikke på en måte som går ut over morgendagens planer
Det er hyggeligere for både deg og barna når du er opplagt og i god form.
5. Vær spesielt bevisst i ferier og høytider
Barn blir ekstra sårbare for endringer hos voksne når forventningene er store, rutinene endres eller når de er borte fra sine trygge rammer.
6. Husk at barn påvirkes før du gjør det
Barn merker at du har drukket tidligere enn du tror. Stopp derfor før du selv kjenner deg påvirket eller brisen.
Kjelde: Organisasjonen Av-og-til.
Vent med «julegløggen»
Og jo lenger det er slik, dess meir utrygg blir barnet.
Det er difor Thorsen er uroa for at ei langhelg før juleferien forlengjer ei usikker tid for barna.
–Om julaftan var på ein laurdag, så hadde ein jo ikkje byrja å drikke på onsdagen, seier overlegen om uroa si.
– Eg trur alle barneforeldre må hugse på at sjølv om det er helg rett før, så treng ein ikkje opna akevitten eller juleølen heilt enda. Kva med å kanskje vente til julaftan. Og kanskje aller best heilt til barna har lagt seg.