Ukrainsk offensiv i Russland: – Det er jo pinleg på alle måtar

1 month ago 20



I løpet av dei to siste vekene har den ukrainske hæren klart å gjennomføre offensive operasjonar, særleg i Kursk-regionen, der dei har kome fleire kilometer inn i Russland.

Ukrainske styresmakter hevdar dei har kontroll over 1000 kvadratkilometer, medan russiske styresmakter hevdar det dreier seg om halvparten av dette.

Menn i en stridsvogn.

Ukrainske soldatar sit inne i ei panservogn etter å ha returnert frå den russiske Kursk-regionen.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP

200.000 russiske innbyggjarar har vorte evakuerte frå området sidan førre veke, ifølgje NTB.

Det er jo pinleg på alle måtar du kan forstå ordet «pinleg» på.

Det seier Palle Ydstebø, hovudlærar ved Krigsskolen, om korleis offensiven får Kreml til å stå fram.

Ydstebø forklarar at det er grundig planlegging over tid, som gjer at Ukraina har klart å få fram store styrkar heilt fram til grensa utan å verte oppdaga.

Dessutan reagerte Russland for seint, meiner hovudlæraren.

Det største åtaket mot Russland sidan 2. verdskrig

Offensiven i Kursk og Belgorod har vorte omtala som det største åtaket mot Russland sidan 2. verdskrig.

Offensiven i Kursk og Belgorod, desse to regionane grensar til Ukraina.

President Volodymyr Zelenskyj sa at operasjonen var ein del av Kyivs innsats for å gjenopprette rettferd etter Russlands invasjon i 2022.

Ukrainarane har angripe fleire militære og infrastrukturmål.

På fredag øydela ukrainske styrkar ei bru over elva Seym i Kursk-regionen, ifølgje det russiske nyheitsbyrået Tass.

– På det politiske, psykologiske planet har dette sparka til Russland. Samtidig så har Ukraina fortalt omverda, som er usikre på kva dei kan få til, at dei kan få til ein god del ting, seier Ystebø.

Palle Ydstebø om Ukraina

Palle Ydstebø, oberstløytnant og hovudlærar ved Krigsskolen.

Foto: Hanna Johre / NRK

Det er Tor Bukkvoll, sjefforskar i Forsvarets forskingsinstitutt samd i.

Han meiner at det er positivt for den ukrainske moralen, både for soldatane og befolkninga, at dei no har klart å slå tilbake etter å ha teke imot russiske åtak over lengre tid.

Sjølv om den ukrainske offensiven er ein viktig faktor i krigen, bør ein ikkje overdrive betydninga dette vil ha for vidare utvikling, meiner Bukkvoll.

Han understrekar at fleire faktorar kan vere avgjerande.

En mann med bandasje på armen blir fulgt av en mann i millitær uniform.

Medisinsk personell hjelper ein lokal innbyggjar på eit feltsjukehus på ein ukjend plass i Kursk-regionen.

Foto: ANATOLIY ZHDANOV / AFP

Fundamentalt så er no dette det ein kallar ein utmattingskrig. Det er mykje den som har mest soldatar og mest våpen, som vinn. Det vil til dømes vere avhengig om Ukraina vil få våpenhjelp frå Vesten om Donald Trump vert valt som president i USA.

Sjefforskaren seier òg at Russlands våpenproduksjon vil vere ein faktor.

I dag har landet eit lager, men ein reknar med at lagera vil gå tomme utover neste år.

To menn i millitære klær spiser lunsj ved et piknik-bord i skogen.

Ukrainske soldatar et lunsj i Sumy-regionen i Ukraina, nær grensa til Russland.

En mann sveiser noe på en stridsvogn.

Ein ukrainsk soldat installerer ekstra vern på ein tank i Sumy-regionen i Ukraina, nær grensa til Russland.

To soldater på en stridsvogn.

Ukrainske soldatar opererer ein tank på ein veg nær grensa til Russland, i Sumy-regionen i Ukraina.

Russia Ukraine

Innbyggjarar i ein bustadblokk som vart skada etter granatåtak frå ukrainsk side, forlèt området i Kursk, Russland.

Russia Ukraine

Innbyggjarar i ein bustadblokk som vart skada etter granatåtak frå ukrainsk side, forlèt området i Kursk, Russland.

Russia Ukraine

Ein utbrent bil er synleg framfor ein bustadblokk som vart skada etter granatåtak frå ukrainsk side i Kursk, Russland.

Kallar det terror overfor befolkninga

Vladimir Putin og Kreml har overfor den russiske befolkninga kalla den ukrainske offensiven for eit terroråtak.

– Det ville vore pinleg å ikkje oppdage at dei vart angripne militært, men mindre pinleg om ein ikkje såg eit terroråtak kome, seier Bukkvoll om strategien dei har valt.

Tor Bukkvoll om Ukraina

Tor Bukkvoll, sjefforskar i Forsvarets forskingsinstitutt

Foto: Hanna Johre/NRK

Når styresmaktene har definert det som terroråtak, har dei handla deretter. Difor er det etterretningstenesta (FSB) og ikkje forsvaret som leiar handteringa.

Det pregar korleis den russiske operasjonen vert gjennomført, meiner Bukkvoll.

Ifølgje han er det stor forskjell mellom det befolkninga i Russland høyrer frå sine eigne som er ved fronten, og det styresmaktene presenterer i statsstyrte kanalar.

Ein analyse av AFP basert på data frå Institute for the Study of War, viste måndag at Ukraina kontrollerte 8000 kvadratkilometer av russisk territorium.

Palle Ydstebø ogTor Bukkvoll om krigen i Ukraina.

Palle Ydstebø og Tor Bukkvoll.

Foto: Hanna Johre/NRK

No seier Ydstebø at ukrainarane har fleire alternativ til korleis dei kan gå vidare i offensiven.

– Dei kan velje å etablere eit solid forsvar og nedkjempe russarane undervegs, eller trekkje seg tilbake dersom dei er nøgde med resultatet.

Sjølv har ukrainske styresmakter sagt at dei ikkje er interesserte i å halde på russisk territorium, ifølgje AFP.

Publisert 17.08.2024, kl. 17.47

Read Entire Article