Ukraina-trening får kritikk – Noreg lovar å skreddarsy

3 hours ago 4



Noreg går no saman med dei andre nordiske og baltiske landa om trening og materiell utrusting av ein ukrainsk brigade.

Det blei kjent måndag under toppmøtet der statsminister Jonas Gahr Støre og 13 andre europeiske leiarar møter den ukrainske presidenten i Kyiv.

Statsministeren deltar i toppmøte i Kyiv

Statsminister Støre møter saman med 13 andre europeiske statsleiarar i Kyiv i dag. 24 andre deltek digitalt.

Foto: Javad Parsa / POOL / NTB

Toppmøtet skjer på dagen tre år etter at Russland gjekk til fullskala angrep mot Ukraina.

– Det har vore viktig for den norske regjeringa at bidraga frå Noreg har reell betydning for Ukrainas forsvarskamp mot Russland, seier Støre i Kyiv.

Noreg bidreg allereie med opptrening av ukrainske soldatar i Noreg, Storbritannia og Tyskland. No skal bidraget styrkast.

Sjølv om slike bidrag er ønska av Ukraina, får dei kritikk. Dei mislukkast med å førebu ukrainske soldatar til moderne krigføring i Ukraina, ifølge kritikarane.

Statsministeren deltar i toppmøte i Kyiv

Støre tok nattoget frå Polen til Kyiv i Ukraina for å delta på toppmøte med 13 andre europeiske statsleiarar.

Foto: Javad Parsa / NTB

Har fått kritikk

For snart to veker sidan blei det bestemt at Ukraina ikkje skal opprette nye brigadar, men fokusere på å forsterke dei eksisterande.

Grunnen er dårlege erfaringar.

Serhij Filimonov, som leier den 180. mekaniserte bataljonen til forsvaret, gjekk laus på svakheitene i opplæring av ukrainske soldatar i utlandet ein kronikk i Ukrainske Pravda 10. januar.

– Dårleg leiing, manglande erfaring og utilstrekkeleg trening har resultert i tap av område, skadd utstyr og tragiske utfall. Nato sine treningsmetodar er ofte ikkje synkroniserte med realiteten i moderne krigføring, skreiv Filimonov.

Opptrening av Ukrainske soldater i Norge

Ukrainske soldatar blir trent opp i sanitet, skarpskyting og som lagførarar av det norske Heimevernet i Trøndelag. Biletet er frå mai 2023.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sjølv om soldatane blir trena opp med topp moderne utstyr, slit dei med å bruke dei på slagmarka.

– Realiteten i moderne krigføring viser at utanlandsk trening som ikkje er tilpassa ukrainske forhold og korleis avdelinga opererer, er ikkje berre lite effektiv, men farleg.

Skrekkeksempelet han og andre har trekt fram er den 155. mekaniserte brigaden. Dei blei trena av franske styrkar.

Då brigaden returnerte til Ukraina etter trening gjekk han i oppløysing, ifølge The Economist. Forbes skriv at rundt 1700 av dei 5800 soldatane forsvann utan permisjon, nokon til dei tidlegare einingane sine. Rundt 50 skal ha desertert i Frankrike.

I kronikken skreiv Filimonov også at å skyte maskingevær og å kaste granat berre er 10–15 prosent av kunnskapen ein treng. Soldatar må også vere i stand til å kamuflere og sete opp ein posisjon. Dei må også kunne gje medisinsk behandling og skrive rapportar.

– Dette blir ikkje ordentleg undervist i utlandet, påstår han.

Vil skreddarsy

Statsminister Støre er trygg i at støtta Ukraina får frå Baltikum og Norden no er tilpassa behovet i kvardagen i krigen.

Statsministeren deltar i toppmøte i Kyiv

På toppmøtet i Kyiv, føler statsminister Støre seg trygg i at Noreg gjev ei god støtte til Ukraina. Her er Støre på Maidan-plassen.

Foto: Javad Parsa / NTB

No kjem vi til å gje ein ny type støtte til forsvarsstriden dei står i, nemleg med å investere i Ukraina sin eigen forsvarsindustri. Den er tettast på realitetane i denne kampen, seier Støre.

Han seier at Noreg også er open for å vidareutvikle støtta til Ukraina.

Opptrening av Ukrainske soldater i Norge

Å lære å kaste granat er ikkje nok, meiner leiar av den 189. mekaniserte bataljonen til det ukrainske forsvaret, Serhij Filimonov.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Også forsvarsminister Tore O. Sandvik seier dei har god oversikt over kva Ukraina treng.

Vi er i tett dialog med det ukrainske forsvaret om kva behova er. Saman med dei andre nordiske og baltiske landa vil vi skreddarsy trening tilpassa Ukraina sine behov, seier han.

Forsvarsminister Tore O. Sandvik

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Noreg vil også lære av erfaringar som Noreg og andre land har fått så langt, legg forsvarsministeren til.

Publisert 24.02.2025, kl. 17.01 Oppdatert 24.02.2025, kl. 17.02

Read Entire Article