Joakim Nundal er klar for ei ny treningsøkt med 1. divisjonslaget Sogndal.
Med seg i bagen har han eit par med leggskinn i liten barnestorleik. Ikkje mykje større enn ei fyrstikkeske.
– Det er komfortabelt og det er dette som er inn, seier sogndalsspelaren.
Joakim Nundal liker å bruke små leggskinn under kamp.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRKBruken av små leggskinn er ein trend i fotballmiljøet.
Nundal trur unge fotballspelarar tar inspirasjon frå internasjonale spelarar.
– Blant dei store stjernene er det små leggskinn det går i.
Jack Grealish er blant dei internasjonale spelarane som nyttar små leggskinn.
Foto: Guglielmo Mangiapane / Reuters / NTBTrent Alexander Arnold spelar med lite beskytta leggar for Liverpool.
Foto: PAUL ELLIS / AFP / NTBEmile Smith-Rowe for Arsenal er også del av trenden med små leggskinn.
Foto: GLYN KIRK / AFP / NTB
– Det gir ikkje nok beskyttelse
Norges Fotballforbund (NFF) vil ha slutt på trenden.
Dei har no komme med nye retningslinjer for bruk av leggskinn.
Retningslinjene kjem på bakgrunn av at fleire fotballkretsar har meldt problematikken til NFF.
– Fleire dommarar melder at dei har sett fleire spelarar med noko samankrølla avispapir bak fotballstrømpen. Dette er eit aukande problem.
Det seier leiar av Instruksjonsutvalget i NFF, Jan Olav Knutsen.
Kan påverke fotballspelarane si skadeforsikring
NFF ønsker å snu trenden, men med dei nye retningslinjene står spelarane sjølv ansvarleg for riktig bruk av utstyr.
Nytt av året er også at det er spelarane sitt eige ansvar å følge krava om leggskinn.
– Skildringane i retningslinjene er råd til spelarar, foreldre og trenarar, forklarar Jan Olav Knutsen.
Joakim Nundal sitt leggskinn ser lite ut på toppen av ein joggesko.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRKNFF oppfordrar til riktig bruk av leggskinn for å redusere skadefrekvensen og for å sikre at vilkår i forsikringa er oppfylt.
– Forsikringsdekning kan falle heilt eller delvis bort om du får ein skade og ikkje har nytta godkjent leggbeskyttar, opplyser leiar for ulukke og idrett i Gjensidige, Petter Hegle.
Bør størrelsen på leggskinn vere regulert?
– Kva vil konsekvensane vere dersom spelarar ikkje følger dei nye retningslinjene?
– Vi antar spelarar som ikkje tar leggskinn alvorleg vil oppleve ein høgare skadefrekvens enn spelarar som nyttar gode leggskinn, svarar Jan Olav Knutsen i NFF.
Ifølge Knutsen er det opp til fotballkretsane å sjå til at retningslinjene blir følgt opp.
I Sogndal Fotball er bruken av leggskinn variert.
Foto: Regine Engelina Hatvik / NRK– Så lenge eg ikkje blir tatt for det, går det fint
Joakim Nundal i Sogndal har liten tru på at retningslinjene vil bli kontrollert.
Angrepsspelaren er trygg på å kunne halde fram med å bruke leggskinn i barnestørrelse ute på banen.
– Eg har ikkje planar om å gå over til større leggskinn. Tidlegare har dei ikkje vore så strenge på bruken. Så lenge eg ikkje blir tatt for det, går det fint.
Publisert 24.02.2025, kl. 20.01