Turnstjerne (23) «forsvann» etter EM-bragd – tok til tårene då ho fortalde kvifor

20 hours ago 5



– Eg var her minst fire timar kvar dag, seks dagar i veka. Så det er mykje tid ein brukar i ein innestengd hall, seier Maria Tronrud (23).

Ho smiler i det ho møter gamle turnkameratar i hallen der ho trena før. Det er fint å kome tilbake, men slik har det ikkje alltid vore.

– I starten så ville eg berre ha hallen veldig på avstand.

Året er 2023. Tronrud opplever opptur etter opptur. Turnaren får mellom anna eit historisk resultat i EM: Ho blir fyrste norske kvinne til å nå ein mangekampfinale sidan 1998. Ho har sin beste sesong nokon gong.

Ho toppar det heile med å bli noregsmeister og få kongepokalen.

Men det er noko som skurrar.

– Det var jo på ein ganske sår og tung del av karrieren min. Så eg kjente eigentleg ikkje på så mykje meistring eller glede då det skjedde, fortel Tronrud.

En kvinne i trikot på en sceneen kvinne som holder et trof og et skilt

HISTORISK: Maria Tronrud nådde historisk milepæl i EM og fekk kongepokalen same sesong

Simone Ferraro/Privat

Braut ut i gråt

Etter fleire internasjonale konkurransar og mykje reising, seier det til slutt stopp for 23-åringen.

– Då eg kom heim, fekk eg heilt energiknekk. Eg klarte nesten ikkje å komme meg på trening. Berre braut i gråt, og alt var vanskeleg. Det var noko som var annleis, noko eg ikkje har opplevd før, seier Tronrud.

– Eg hadde så sjukt mange oppturar, og alt var bra. Alle konkurransar gjekk for så vidt bra, og så plutseleg kom knekken, liksom. Det var ikkje noko forvarsel, eigentleg.

Motivasjonen, gleda og gneisten forsvann.

– Det var veldig vanskeleg å gå gjennom, fordi eg visste at eg måtte på trening. Eg visste at eg måtte gjennomføre konkurransar med tanke på kvalifisering til OL.

en kvinne med langt hår

UTBRENT: Tronrud blei utbrent etter å konkurrert med kyssesjuka.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Utbrent

I tillegg til å vere sliten og umotivert, opplever turnstjerna redsle for øvingar ho kan godt. Ho skildrar det som «sperrer».

– Du har så lyst. Men ting berre stoppar. Så sperra for meg rundt den tida var at eg rett og slett ikkje klarte å gjennomføre eit einaste element. Og i tillegg, når eg da hadde desse problema litt sånn psykisk, og da ikkje klarte sperrene, så blei ikkje akkurat det betre.

en kvinne som løfter hendene opp

«SPERRER»: Tronrud opplevde det ho kallar «sperrer». Sperrene gjorde at ho blei redd for øvingar ho har gjort i ti år.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Turnaren gjekk gjennom ei rekkje testar for å finne ut kva som var gale.

– Ingenting viste noko, eigentleg. Eg fekk svar på at eg hadde gått gjennom kyssesjuken, men eg veit ikkje når, fortel Tronrud og held fram:

– Eg trur at eg har konkurrert fullt med kyssesjuken og blitt utbrent av det. Og då kom det mykje med som gjorde ting vanskeleg.

Idrettslege hjå Olympiatoppen, Aasne Fenne Hoksrud, fortel at det er stor variasjon på kor sjuk ein blir og kor lang tid det tar før ein blir frisk frå kyssesjuka.

en person som smiler til kameraet

IDRETTSLEGE: Aasne Fenne Hoksrud er idrettslege på Olympiatoppen.

Foto: Olympiatoppen / Olympiatoppen

– Me informerer utøvarar om at dei bør vente med å trene og konkurrere til ein er frisk. Dette gjeld uavhengig om ein har mononukleoseinfeksjonar eller andre infeksjonar, seier Hoksrud.

Om lag 90 prosent går gjennom kyssesjuka innan 20-årsalderen. Hoksrud fortel at symptoma ofte er svakare hjå yngre barn.

– Me ser som regel aukande symptomintensitet og -varigheit hjå ungdom og vaksne, og heilt uavhengig om dei er idrettsutøvarar eller ikkje, seier ho og legg til:

– Det er heller ingen auka risiko for idrettsutøvarar å få mononukleose samanlikna med vanlege folk.

TikTok-profil

Tronrud har opp gjennom åra delt mykje frå kvardagen som toppidrettsutøvar med sine over 100 000 følgjarar på TikTok.

Det blei gradvis færre og færre videoar frå hallen.

I ein tårevåt video fortel ho for fyrste gong om kvifor ho slutta med turn.

Maria Tronrud deler kvifor ho la opp på eigen TikTok-kanal.

– Det er så mange som har fylgt med meg på grunn av turn, og driv med turn sjølv, og kanskje har sett opp til meg som turnar. Dersom det hadde vore ein annan situasjon der eg såg opp til ein turnar, og så slutta ho, då hadde eg vore veldig nysgjerrig på kva som har skjedd.

Tronrud fortel at ho fyrst ikkje hadde noko behov for å fortelje det, men at ho endra meining. Ho held fram:

– Så eg har ikkje noko problem med å vere open, eg synest det eigentleg berre er fint å dele erfaringane mine. Eg har fått ganske mange meldingar av folk som kjenner seg att, og synest det var veldig fint at eg delte dette.

en person som står i et rom

ALLSIDIG: Tronrud var ein allsidig turnar.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Kom seg ikkje ut av det

Turn-sesongen var ikkje ferdig då Tronrud blei utbrent. Ho hadde ikkje anna val enn å konkurrere.

– Eg hadde jo desse konkurransane eg skulle vere med på, og då, når du står i konkurranse og du veit at «nå har eg ikkje noko val», «nå må eg gjere det», og «du har éin sjanse», då kjem det adrenalinet som overgår sperra, fortel Tronrud og held fram:

– Då klarte eg å fullføre og gjere det eg skulle gjere, sjølv om eg hadde degradert øving.

Tronrud blei noregsmeister og fekk kongepokalen på slutten av 2023-sesongen.

– Det var jo på ein ganske sår og tung del av karrieren min. Så eg kjente eigentleg ikkje på så mykje meistring eller glede då det skjedde, fortel ho.

– Men eg veit jo at det er noko som betyr mykje for meg, og noko eg har hatt lyst til å få til lenge. Det er noko eg har klart å liksom vere stolt over i ettertid, da.

en mann med armene hevet

LA OPP: Maria Tronrud frå VM i Antwerpen i Belgia hausten 2023, ho la opp våren 2024.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / AFP / NTB

Trass i NM-tittelen, blei ikkje Tronrud noko betre.

– Eg kom meg eigentleg aldri ut av det turnmessig.

Ho bestemte seg til slutt for å leggje opp.

– Eg var jo veldig klar for å seie meg ferdig med idretten.

Ho fortel at ho var letta då ho bestemte seg for å slutte. Og at biverknadane frå å vere utbrent gjekk raskare over.

– Det kjennest bra, svarar ho når ho blir spurt om korleis ho har det i dag.

Ho legg til:

– Nå er det berre gode minne.

Publisert 07.09.2025, kl. 11.39

Read Entire Article