Ifølge Åndalsnes Avis ser det ut til at bussen har køyrt seg fast på ein stein.
Det er for smalt på staden til at andre bilar kan kome forbi, og det er difor stopp både opp og ned.
Bussen ser ut til å ha køyrt seg fast på ein stein.
Foto: Cathrine Montero Moen / Åndalsnes AvisVerken vegtrafikksentralen eller politiet har så langt fått melding om hendinga.
Kan ta tid å berge bussen
Avisa skriv at bilbergar er på veg.
Straumen Bil har fått oppdraget med å hjelpe bussen, og selskapet opplyser like etter 11.00 at deira bil har starta frå Vestnes.
Det vil seie ei køyrelengd på omlag 80 kilometer, og kanskje må bilen om Valldal for best å kunne hjelpe bussen.
Det inneber at bussen ikkje blir fjerna med det første.
Opna rekordtidleg
Den nasjonale turistvegen Trollstigen opna for sesongen tidlegare denne veka.
I år var det rekordtidleg opning av strekninga, som kvart år blir besøkt av tusenvis av turistar.
Dette er ikkje første gong at ein buss har køyrd seg fast i ein av svingane i Trollstigen.
Publisert 30.04.2026, kl. 10.53 Oppdatert 30.04.2026, kl. 11.52





.jpg)







English (US)