Ein lege i Bodø er dømt til fire år i fengsel og ein bot på 650.000 kroner.
Avisa Nordland meldte om dommen først.
Legen i 40-åra har budd og jobba i Salten i over eit tiår, blant anna på Nordlandssjukehuset, og stod tiltalt for omfattande økonomisk kriminalitet.
Påtalemyndigheita meinte at han lot vere å bokføre legetenester for nesten 30 millionar kroner, og å ha unndrege over sju millionar kroner i skatt.
Legen, med sine tre medborgarskap, erkjente delvis straffeskuld på tre av dei åtte postane han var tiltalt for.
– Ser vi alle moment i samanheng går det ikkje an å sjå det på ein annan måte enn at han er ute etter å lure skattesystemet så mykje som mogleg, sa aktor Trond Lakselvhaug.
Forsvararen Finn Ove Smith meinte at verksemda til legen ikkje var rekneskapspliktig, men berre pliktig å bokføre.
– Vi er ikkje einig i at han har gjort dette med hensikt.
I dag kom dommen mot mannen, som blir straffa for:
• Grovt brot på bokføringsplikta
• Elleve tilfelle av grovt skattesvik
• Kreditorsvik
• Medverknad til grovt trygdebedrageri
• Grovt trygdebedrageri
• Å ha rådd over helseopplysingar som har vore under teieplikta








English (US)